"Den uindskrænkede Folkesuverænitet"

er det, me maa vera rædde, meiner Fædrl. Vil Fædrl. gjera so væl og segja oss, kva indskrænket Folkesuverænitet er for ein Ting?
           
Suverænitet er: Magti i øvste og siste Instans, den til siste Slutt avgjerande Magti. Me veit no, at i verdslig, politisk Meining ligg denne Magti hjaa Folket, d. v. s.: i sine eigne Saker hev Folket, naar det gjeld paa, elder naar der er Strid, til Slutt den øvste og avgjerande Magti. Kva meiner no det snilde Fædrelandet med, at denne Magti skal vera indskrænket?
           
Skal det vera so, at vistnok hev Folket i slike Tilfelle det siste Ord, men dette Ordet maa likevel vigslast av Kongen for aa gjelda? Ja men snilde Fædreland, so vert det Kongen daa, som fær det siste Ord, og kor vert det so av Folkesuveræniteten?
           
Tingen er den, at Suverænitet er Suverænitet, og at ein Sted maa Suveræniteten vera; er han hjaa Folket, so er han ikkje hjaa Kongen, og er han hjaa Kongen, so er han ikkje hjaa Folket; han er som Eggi paa ein Kniv: han kann ikkje kløyvast. Indskrænket Suverænitet er det same som ein rund Firkant elder ein Eld, som ikkje brenn; med andre Ord, Fædreland: indskrænket Suverænitet er Tull.
           
Suveræniteten er til Kvardagsbruk regulerad av dei Former, han sjølv hev sett seg: Folkesuveræniteten verkar gjenom dei folkegjevne Lovar. Men i den Stundi, at det kjem Ugreida i Riksverket, naar Fedrelandet elder Fridomen kjem i Faare, som det heiter, - daa stig Folkesuveræniteten fram att heil og klaar som han er i seg sjølv, stig fram som den avgjerande Magt, som den skiljande Knivsegg, - og daa viser det seg, at han er likso uindskrænket i Dag som han var f. Eks. i 1814.
           
- Ja, i 1814 var det paa ein annan Maate, svarar Fædrelandet; daa laag Landet som herrelaust Gods, og daa maatte Folket vera avgjerande Magt aaleine!
           
Det der er sannt paa sin Maate.
           
Men dersom me i 1814 hadde havt slike loyale Folk som Fædrl. og Novembermennerne, so vilde dei daa ha dømt paa ein annan Maate. Dei vilde ha sagt som so:
           
Nordmennerne hev ikkje Rett til aa gjera seg frie. Etter den 14de Januar hev dei sin lovlege Herre i hans allernaadigste Majestæt Kong Karl den 13de av Sverig, so at dersom dei ikkje rolegt gjev seg inn under honom og Sverig etter Kielertraktatens Ord og Bod, so gjer dei Upprør. Me er hans allernaadigste Majestæt Kong Fredrik den settes Undersaattar, so lengje til dess me hev svoret Karl 13de Truskapseid; men vaar Arve-Herre og Konge Fredrik den 6te hev no allernaadigst funnet det godt aa vyergjeva oss til Sverig og bjoda oss aa lyda Kong Karl den 13de, og det Bodet er me altso skyldige til aa lyda. So lengje me ikkje hev gjort det, er me under hans allernaadigste Majestæt Kong Fredrik den sette. Det vilde være ei æveleg Skam av Nordmennerne, som altid hev voret den allernaadigste Konges allerunderdanigste Undersaattar, um dei no vilde svika den Tiltru, som hans allernaadigste Majestæt allernaadigst hev sett til oss, og derved vilde me desutan hindra hans allernaadigste Majestæt i aa uppfylla sin allerhøgaste Lovnad til hans allernaadigste Majestæt Kong Karl den 13de, so at me altso vilde verta Skuld i, at hans allernaadigste Majestæt Kong Fredrik den 6te vart standande som Ljugar for hans allernaadigste Majestæt Kong Karl den 13de, ja for heile Europa, og ei slik Skuld maa dei allerunderdanigste Nordmennerne ikkje draga paa seg. Altso, me maa inn under Sverig!
           
- So vilde vaare Novembermenn og Fædrelandet talat den Gongen. For slike loyale Folk vil aldri finna, at Folket hev Rett til aa bruka sin Suverænitet.
           
Men Fedrarne i 1814 var ikkje so loyale, og difor hev me no i 68 Aar takkat Gud. Fedrarne i 1814 sagde: Folket er suverænt; ingen Arve-Herre og Konge kann allernaadigst yvergjeva oss til eit annat Folk mot vaar Vilje; no tek me vaar Lagnad i vaar eigi Haand! Amen. Og so vart me frie.
           
I dei store Sogestunder vil det altid visa seg, at Folkesuveræniteten er uindskrænket.