Vangilja etter Lukas.

[Del 4 av 6. Første delen]
 
Sjaunde Hovudstykkjet.
 
(1) Men daa han hadde sluttat med aa tala alle sine Ord for Folksens Øyro, gjekk han til Kapernaum. (2) Ein Hundradshovding hadde ein Tenar, som han heldt mykje utav, og som var sjuk og nær ved aa døy. (3) Men daa han høyrde um Jesus, sende han til honom dei eldste hjaa Jødom og bad han, at han vilde koma og heilbrigda Tenaren hans. (4) Men daa dei komo til Jesus baado dei honom mykjet og sagde: Han er væl verd at du gjerer dette for honom; (5) for han elskar Folket vaart og heve bygt Stemnestova aat oss. (6) Men Jesus gjekk med deim; men daa han ikkje var langt ifraa Huset, sende Hundradshovdingen nokre av Venom sinom og let segja til honom: Herre, omaka deg ikkje! Eg er ikkje verd, at du kjem inn under Taket mit, (7) difyr heldt eg meg ikkje sjølv verd til aa ganga til deg; men seg eit Ord, so vert Tenaren min heilbrigd; (8) for eg er ogso ein Mann, som stend under Styring, men heve Stridsmenn under meg. Og segjer eg til ein: Gakk, so gjeng han, og til den andre: Kom, so kjem han, og til Tenaren min: Gjer dette, so gjerer han so. (9) Men daa Jesus høyrde detta, undrade han seg yver honom; og han snudde seg og sagde til Folket, som fylgde honom: Eg segjer dykk: So stor Tru heve eg ikkje funnet i Israel. (10) Og daa dei, som voro sende ut, komo heim att, funno dei den sjuke Tenaren heilbrigd.
           
(11) Og det hende Dagen etter, at han gjekk til ein Stad, som heitte Nain, og der fylgde med honom mange av Læresveinom hans og mykjet Folk. (12) Men daa han kom nær til Stadsporten, sjaa, daa baaro dei ut ein daaen, som var einaste Son til Moder si, og ho var ei Ekkja; og det fylgde med henne mykjet Folk or Staden. (13) Og daa Herren saag henne, ynktest han yver henne og sagde til henne: Graat ikkje! (14) Og han gjekk fram og rørde ved Likbaara, men dei, som baaro, stadnade, og han sagde: Unge Mann! eg byd deg: Statt upp! (15) Og den daude reis upp og byrjade aa tala, og han gav honom til Moder hans. (16) Men ein Ræddhuge kom yver alle, og dei lovade Gud og sagde: Ein stor Spaamann er komen upp hjaa oss, og Gud heve vitjat Folket sit. (17) Og denne Tala um honom kom ut i heile Judea og i alt Landet der ikring. (18) Og Læresveinarne til Johannes fortalde honom alle desse Ting. (19) Og Johannes kallade tvo av Læresveinom sinom til seg, sende deim til Jesus og let segja: Er det du, som skal koma? elder skal me venta ein annan? (20) Men daa Mennerne komo til honom, sagde dei: Johannes Døypar sende oss til deg og let segja: Er det du, som skal koma? elder skal me venta ein annan? (21) Men i den sama Stundi heilbrigde han mange fraa Sjukdomar, Plagor og vonde Ander og gav mange blidne Syn. (22) Og Jesus svarade og sagde til deim: Gange og fortelje Johannes, kva de sjaa og høyra: blinde sjaa, halte ganga, spitalske verta reine, dauve høyra, daude risa upp, og Gledebodet vert gjort kunnugt for dei fatike. (23) Og sæl er han, som ikkje styggjest i meg. (24) Men daa Sendebodi ifraa Johannes gjengo bort, byrjade han aa tala til Folket um Johannes: Kvat gjengo de ut etter i Øydemarki aa sjaa? ei Røyr, som vert skjeki av Vinden? (25) Elder kvat gjengo de ut aa sjaa? ein Mann klædd i mjuke Klæde? sjaa, dei som hava staselege Klædi og liva i Etarlag, era i Kungsgardom. (26) Elder kvat gjengo de ut aa sjaa? ein Spaamann? ja eg segjer dykk, meir enn ein Spaamann. (27) Han er den, som det er skrivet um: Sjaa eg sender Engjelen min framfyr Andlitet dit, som skal bua Vegen din fyre deg. (28) For eg segjer dykk: av deim, som era fødde av Kvinnor er ingjen større Spaamann enn Johannes Døyparen; men den minste i Guds Rikje er større enn han. (29) Men alt Folket høyrde det, og Tollmennerne gaavo Gud Rett, daa dei vorto døypte med Daupen hans Johannes. (30) Men Farisæarne og dei loglærde mismætte Guds Raad for seg sjølve, og dei vorto ikkje døypte av honom. (31) Men Herren sagde: Kva skal eg likna Folket av denne Ætti med? Og kva era dei like? (32) Dei era like dei smaa Born, som sitja paa Torge og ropa til kvarandre og segja: Me spelade for dykk, og de dansade ikkje; me songo Syrgjesongar for dykk, og de greto ikkje. (33) For Johannes Døyparen kom, han korkje aat Braud elder drakk Vin, og de segja: han heve ein urein Ande. (34) Meneskje-Sonen er komen, han eter og drikker, og de segja: Sjaa, for ein Storetar og Drikkar, Ven av Tollmenn og Syndarar. (35) Og Visdomen er dømd rettsluttig av alle Bornom sinom. (36) Men ein utav Farisæarom bad honom, at han vilde eta hjaa honom, og han gjekk inn i Stova hjaa Farisæaren og sette seg til Bords. (37) Og sjaa, der var eit Kvende i Staden, som var ein Syndar; daa ho fekk spurt at han sat til Bords i Stova hjaa Farisæaren, tok ho fram ei Alabaster-Krukka med Salva, (38) og stelte seg attum honom ved Føterne hans, gret og byrjade aa væta Føterne hans med Taaror, turkade dei med Hovudhaaret sit, kyste Føterne hans og smorde dei med Salva. (39) Men daa Farisæaren, som hadde bodet honom, saag det, talade han ved seg sjølv og sagde: Var han ein Spaamann, visste han, kven og kvat Slag Kvende denne er, som rører ved honom; for ho er ein Syndar. (40) Og Jesus svarade og sagde til honom: Simon, eg heve nokot aa segja deg! Men han sagde: (41) Meistar, seg det! Ein Gjøldemann hadde tvo Skuldemenn. Ein var skuldig fem hundrad Peningar, og den andre femti; (42) men daa dei inkje hadde aa bitala med, gav han dei baaom det etter. Seg: Kven av deim skal difyr halda mest av honom? (43) Men Simon svarade og sagde: Eg tykkjer den, som han gav mest etter. Men han sagde til honom: du dømde rett. (44) Og han snudde seg til Kvinna og sagde til Simon: Ser du denne Kvinna? Eg kom inn i Stova di; du heve ikkje gjevet meg Vatn til Føtom minom; men ho vætte Føterne mine med Taaror og turkade deim med Hovudhaare sinom. (45) Du gav meg ikkje Kyss; man sidan ho kom inn, heve ho ikkje haldet upp med aa kyssa Føterne mine. (46) Du heve ikkje salvat Hovudet mit med Olja; men ho salvade Føterne mine med Salva. (47) Difyre segjer eg deg, at dei mange Synderne hennar era gjevne henne til, for ho elskade so mykjet; men den, som litet er gjevet til, elskar litet. (48) Men han sagde til henne: Synderne dine era gjevne deg til. (49) Daa byrjade dei, som saato til Bords med honom, aa segja ved seg sjølv: Kven er denne, som tilgjev Synder? (50) Men han sagde til Kvinna. Trui di heve frelst deg: gakk burt i Fred!
 
             
Aattande Stykkjet.
           
Og det hende sidan, at han gjekk gjenom Stader og Byar og preikade Gledebodet um Guds Rikje, og dei tolv med honom. (2) Og nokre Kvinnor, som voro heilbrigde fraa vonde Andar og Sjukdomar: Maria, som kallast Magdalena, sjau vonde Andar hadde faret or, og Johanna, Kona til Kusas, som var Faut aat Herodes, og Susanna og manga andra, som tente honom med Eigedomom sinom. (4) Men daa mykje Folk var komet saman, og dei gjengo ut til honom or Stadom, sagde han til deim ei Likning: (5) Ein Saamann gjekk ut til aa saa Sædet sitt; og daa han saadde, fall nokot ved Vegen, og det vart trødt ned, og Himelens Fuglar aato det upp; (6) og nokot fall paa Berg; og daa det voks upp, turkadest det burt, for det ikkje hadde Vætska. (7) Og nokot fall midt millom Tyrner, og Tyrnerarne vokso upp og kvavde det. (8) Og nokot fall i god Jord og voks og bar hundrad Foll Aavokster. Daa han sagde dette, ropte han: Den, som heve Øyror aa høyra med, han høyre. (9) Men Læresveinarne hans sporde honom og sagde: Kvat skal denne Likning tyda? (10) Men han sagde til deim: Aat dykk er det gjevet aa vita Guds Rikjes løynlege Ting; men aat dei andre gjenom Likningar, for at dei, som sjaa, ikkje skula sjaa, og dei, som høyrar ikkje skula høyra. (11) Men det er Likningi: Sædet er Guds Ord. (12) Men dei ved Vegen era dei, som høyra; deretter kjem Djævelen og tek Ordet burt or Hjarto deira, for at dei ikkje skula tru og verta frelste. (13) Men dei paa Berget era dei, som taka imot Ordet med Gledi, naar dei høyra det; og desse hava ikkje Rot; dei tru eit Bil men falla ifraa i Freistings-Tidi. (14) Men dei, som falla imillom Tyrnerom, era dei, som høyra; men daa dei ganga med Sut for Rikdom og i Lystom, verta dei kjøvde, og dei ber ingjen full Aavokster. (15) Men det i den gode Jord er dei, som gjøyma Ordet i gode og sæduge Hjarto, naar dei høyra det, og bera Alda av det i Tolmod. (16) Men ingjen, som tender eit Ljos, gjøymer det under eit Kjer, elder han set det under Benken, men set det paa ein Stake, so at dei, som koma inn, kunna sjaa det. (17) For det er ikkje nokot gjøymt, som ikkje skal verta openbert, og ikkje er nokot løynt, som ikkje skal verta kjent og koma fram i Ljoset. (18) Sjaa difor etter, korleis de høyra; for den, som heve, til honom skal verta gjevet, og ifraa den, som inkje heve, skal det takast det, han synest aa hava. (19) Men Moder hans og Brøderne hans komo til honom og kunde ikkje faa honom i Tala for Folkemugen si Skuld. (20) Og det vart sagt til honom: Moder di og Brøderne dine standa der ute og vilja sjaa deg. (21) Men han svarade og sagde til deim: Moder mi og Brøderne mine er dei, som høyra Guds Ord og gjera etter det. (22) Og det hende ein av dei Dagom, at han og Læresveinarne hans gjengo ut paa ein Baat, og han sagde til deim: Lat oss fara yver Vatnet, og dei foro ut. (23) Men daa dei siglde, sovnade han; og der kom upp ein Kvirvelvind paa Vatne, so at Baaten vart fyld, og dei voro i Faare. (24) Men dei gjengo til honom, vekte honom upp og sagde: Meistar, me forgangast. Men han reis upp og døyvde Vinden og Vatnsbylgjorne, og dei lagde seg, og det vart Stilla. (25) Men han sagde til deim: Kor er Trui dykkar? Men dei ottast og undrade seg og sagde til einannan: Kven er denne, for han byd baade Vind og Vatn, og dei lyda honom. (25) Og dei siglde til Bygdi ved Gadara, som ligg midt imot Galilea; men daa han gjekk paa Land, møtte det honom ein Mann utor Staden, som i lang Tid hadde havt vonde Andar, og som ikkje hadde Klædi paa seg og ikkje budde i Hus, men i Gravom. (28) Men daa han saag Jesus, ropade han, fall ned fyr honom og sagde med høg Røyst: Kvat heve eg aa gjera med deg, Jesus, den høgste Guds Son? eg bed deg, at du maa ikkje plaga meg. (29) For han hadde bedet den ureine Anden fara ut or Mannen; for den hadde sletet honom i lang Tid, og han hadde voret bunden med Lekkjor og Fjøtra og voret vaktat, og han hadde rivet sunder Fjøtrarne og var driven av den vonde Ande ut i Øydemarkjerne. (30) Og Jesus sporde honom og sagde til honom: Kvat er Namnet dit? Og han svarade: Legion, av di mange vonde Andar voro farne inn i honom. (31) Og dei baado honom, at han ikkje skulde bjoda dei aa fara ned i Avgrunnen. (32) Men der gjekk ein stor Svineflokk i Beite paa Berget. Og dei baado honom, at han vilde lata deim fara inn i desse, og han let deim gjera det. (33) Men dei vonde Andar foro ut or Mannen inn i Svini; og Svineflokken velte seg strakst utfyr Bakkarne ned i Vatnet og bleiv. (34) Men daa Gjætarne saago det, som var hendt, flydde dei og fortalde det i Staden og paa Landet. Men dei gjengo ut aa sjaa det, som var hendt; og dei komo til Jesus og funno den Mannen, som dei vonde Andarne voro farne utor, sitjande paaklædd og med full Sans ved Jesu Føter, og dei vorto rædde. (36) Men ogso dei, som hadde set det, fortalde, korleis han, som hadde havt dei vonde Andar, var heilbrigd. (37) Og alt Folket i Bygdi umkring Gadara bad honom, at han vilde ganga ifraa deim, for dei hadde fengjet ein stor Otte. Men han gjekk inn i Baaten og for tilbaka att. (38) Men den Mannen, som dei vonde Andar voro farne utor, bad, at han maatte faa vera hjaa honom; men Jesus let han ganga og sagde: (39) Gakk til Huset dit og fortel, ko store Ting Gud heve gjort imot deg. Og han gjekk og forkynde i heile Staden, ko store Ting Jesus hadde gjort imot honom.
           
(40) Men det hende, daa Jesuskom att, daa tok Folket imot honom; for alle ventade paa honom. (41) Og sjaa, ein Mann kom til honom; han heitte Jairus og var Styresman for Stemnetova; og han fall ned for Jesu Føter, bad honom koma heim i Huset sitt. For han hadde ei ein-bernd Dotter, tolv Aar gamal, og ho var daai; men daa han gjekk, trengde Folket inn paa honom. Og eit Kvende, som hadde havt Blodgang i tolv Aar og hadde kostat burt al sin Eigedom paa Lækjarar og hadde ikkje vorte heilbrigd av nokon; (44) kom attentil og rørde ved Kanten av Kjolen hans; og straks staggade Blodgangen hennar. (45) Og Jesus sagde: Kven rørde ved meg? Men daa alle negtade det, sagde Petrus og dei, som fylgde med honom: Meistar Folket skyv og trenger deg, og du segjer: Kven rørde ved meg? (46) Men Jesus sagde: Nokon rørde ved meg, for eg merkte, at ei Kraft gjekk ut or meg. (47) Men daa Kvinna saag, at ho ikkje kunde løyna det, kom ho skjelvande og fall ned for honom og fortalde, so heile Folket høyrde paa det, kvifyr ho rørde ved honom, og korleis ho strakst vart heilbrigd. (48) Men han sagde til henne: ver frihugad, Dotter! Trui di heve hjelpt deg; gakk burt i Fred! (49) Men daa han enno talade, kom det ein ifraa Huset til Stemnestovestyraren og sagde til honom: Dotter di er daai; umak ikkje Meistaren! (50) Men daa Jesus høyrde det, svarade han og sagde: Ottast ikkje! tru berre, so skal ho verta frelst. (51) Men daa han gjekk inn i Stova, let han ingjen ganga inn, utan Petrus, Jakob og Johannes og Fader og Moder til Barnet. (52) Men dei greto alle og syrgde yver henne. Men han sagde til deim: Graate ikkje! ho er ikkje daai men ho søv. (53) Og dei logo til honom, for dei visste, at ho var daai. (54) Men han dreiv deim ut alle, treiv Hondi hennar, ropte og sagde: Barn, statt upp! (55) Og Anden hennar kom att, og ho reis strakst upp; og han baud deim gjeva henne aa eta. (56) Og Foreldri hennar vorto reint forstøkte; men han baud dem, at dei ikkje skulde segja nokon det, som hadde hendt.
 
[ Meir]