[Notisar]

Kristiania, den 14de April.
           
Budstikka fortêl , at Karl III Johan aatvarad Son sin mot Genierne elder dei sterke Aander. Det var faarlege Folk, det, meinte gamle Jean Baptiste.
           
Naa, ja-ja; me skal ikkje segja so mykje um det; smaa Menn er altid rædde dei store. Men at Budstikka vil fortelja Folk ein sovoren Ting! Det er meir merkjelegt. Var me som Budstikka, so vilde me tigjamed slikt!
           
- Ein Ting synest hellest vera viss: Karl Johans Ord kann ikkje ha voret skrivne i Gløymeboki. Slik ein Ting som Selmers Ministerium f. Eks., - det maatte just vera nokot for den gamle Revolusjonsgeneralen, som var so rædd for sterke Aander! For der kunde han leita med baade Ljos og Lykt, og endaa ikkje finna nokot av det Slaget.
 
 
Vinstrebladi hev ei Tid brukt aa prenta av § 112 i Grunnloven, for at Folk liksom kunde læra den, elder for at dei allstødt kunde sjaa, at den Paragraffen av Grunnloven, som handlar um Grunnlovsforandringar, ikkje veit av det absolute Veto.
           
Til Svar prentar Fædrelandet i kvart No. med uhorvelege Bokstavar den Paragrafen i Grunnloven, som gjev Kongen absolut Veto? Nei. Ingen Paragraf i Grunnloven. I Grunnloven kann Fædrel. ikkje finna det absolute Veto meir enn nokon annan. Nei; Fædrl. prentar av med uhorvelege Bokstavar - tvo Adressesetningar fraa 1824.
           
- For i Grunnloven sjølv finst Vetoet ikkje!
 
           
Av sine eigne skal ein ha det! Novemberformannen C. Gulbranson, som fer ikring og agiterar, men som ikkje er omreisende Agitator, sagde til dei 50 Novembermenn, som heldt Folkemøte i Sandviki her um Dagen, at den politiske Striden Landet no var komet uppi, var so øydeleggjande, at Norig kanhenda alt hadde set sine beste Dagar. Stakkars Regjering! Av Biskop Smitt fekk ho vita, at Sanksjonsnegtingi av 29de Mai 1880 var den største Daarskap, som var gjord her i Landet etter 1814, og av Gulbranson maa ho no høyra, at ho kanskje hev øydelagt sjølve Landsens Framtid.
           
Usæl er den, som fær slikt Lov, - og det av sine eigne Venner.
 
           
Aandsmagter. Dei gode Vinstremenn fær ikkje driva det for vidt; dei kann ikkje vita, kor lengje Sverig vil finna seg i det, segjer Morgenbladet.
           
Det paakallar Provinsaanden.
           
Storthingsmajoriteten er ikkje faarleg; berre Bygde-Interessurne kjem upp, so kløyver han seg, og so vinn Minoriteten, segjer Morgenbladet.
           
Det byggjer paa Bygdeaanden.
           
No hev Bønderne Magti; men held dei Lag med Vinstre, so kjem dei til aa hjelpa andre Stand fram ved Sida av seg, og so vert det Slutt med Bondens Magt, segjer Morgenbladet.
           
Det hev Bruk for Klasseaanden.
           
Provinsaand Bygdeaand Klasseaand, det er nok Høgrepolitikkens store Aandsmagter no.
           
Men det er rimelegt nok, at det gjeng bak-ut med Bakstrævet!
 
           
Laake Fuglar maa Fredriksstad-Sjøgutarne vera, dersom Ein skal tru den Fredriksstadske Presse. Dei taaler nemleg ikkje aa sjaa sitt Fedrelands Nasjonalfargar, fortêl eit Høgreblad der nede.
 
 
Jarnvegen millom Halden og den svenske Sjø Venern er privat. Det er meste norske, som eiger han, men alt Styret er svenskt (forutan Stasjonsmestrarne paa norsk Grunn). Ahlbom heiter han som hev voret Formann for Drifti, og Bjurling hev vore Kasserar. Desse hev slegje seg i Hop og søkt snyta Jarnvegen. Men Sakførar O. A. Dietz, som er Ettersynsmann for Reiknskapet gaadde at det, og no er dei baade sett fast. Det er nok ein 20,000 Kronor dei hev tekje til dess.
 
           
Politisk Møtevart halde i Hougsund 3 Paaskedag. Det var Høgrefolk, som fekk istand Møtet; likevæl var det 505, som røystad for Kravet paa Johan Sverdrup til Fyrsteriksraad, men berre 25 imot.
           
Et Møte same Dagen i Kil inmed Kraakerøy gjorde same Kravet.
 
           
Ein stor Komet skal koma til Sumaren. Dei segjer jamvæl, at han skal verta sjaaande ljose Dagen.
 
           
Tingvale i Sud-Trøndelagen skal haldast den 17de September.
 
           
Ein Arbeidarbank freistar dei faa i Stand i Kristiania Arbeidarsamfund.