[Eit Ministerium Sverdrup...]

Eit Ministerium Sverdrup tek dei til aa krevja no. Tvo store Folkemøte hev med stort Fleirtal sagt, at Sverdrup maa vera Mannen til aa føra Landet fram til Ro att etter denne lange og leide Striden.
           
Det er godt, at dette vert sagt. Det er so greidt, at Folk maa forstaa det, endaa um dei ikkje er Genier. Og mot slike Uttal kann det ikkje nytta Høgrebladi aa koma med Fortolkningar. Morgenbladet likar det ikkje helder, kann Ein sjaa.
           
Men um Folket fær sitt gode og naturlege Ynskje fram, - det kjem an paa den kongelege Visdom. Og um den er der so mange Meiningar.
           
I 1880 hadde Vinstre funnet seg i eit Riksraad Sibbern. Me fekk ikkje Sibbern. Iaar krev dei Sverdrup. Men der er dei, som trur, at Kongemagti no hev det historiske Kall aa umvenda dei gamle kongedyrkande Nordmennerne til Fristaten, og dersom dette er so, - so fær me ikkje Sverdrup helder. Kongemagti vilde svika sitt historiske Kall ved det: ho vilde styrkja seg sjølv istadenfor aa styrkja Fristatstanken.
           
Men Folket bør ærlegt og fast segja sin Vilje. Resten fær daa koma an paa den kongelege Visdom, - kor som er.