Vangilja etter Lukas.

[Del 3 av 6. Første delen]
 
Femte Hovudstykkjet.
 
Og det hende, daa Folket trengde inn paa honom for aa høyra Guds Ord, at han stod ved Genesaret-Vatnet. (2) Og han saag tvo Baatar standande ved Vatnet; men Fiskaranne hadde gjengjet ut og tvo Noti. (3) Og han steig upp i ein av Baatane, som høyrde Simon til, og bad honom leggja litt ut fraa Lande. Og han sette seg ned, og lærde Folket fraa Baate. (4) Men daa han helt upp aa tala, sagde han til Simon: Legg ut paa Djupet aa kasta ut Noti dykkor til eit Varp. (5) Og Simon svarade og sagde til honom: Meistar! Me hava strævat heile Naatti og inkje fengjet. Men paa ditt Ord vil eg kasta ut Noti. (6) Og daa dei hadde so gjort stengde dei ei stor Mengd Fisk; men Nota deira gjekk sunder. (7) Og dei veitade til Lagsmennane Sinom i hin Baaten, at dei skulde koma aa hjelpa deim; og dei komo aa fylde baae Baatarne, so at dei helt paa aa søkkja. (8) Men daa Simon Petrus saag det, fall han paa Kne for Jesus og sagde: Gakk ut ifraa meg, Herre, for eg er ein syndug Mann! (9) For ei Rædsla var komi yver honom og yver alle, som var hjaa honom for den Fiskefengd, som dei hadde gjort; (10) og likeins paa Jakob og Johannes, Sønnerne til Sebedæus, som voro Simons Lagsmenner. Og Jesus sagde til Simon: Ottast ikkje! Fraa denne Stund skal du fanga Folk. Og dei drogo Baatarne upp paa Land, gingo ifraa alt ihop og fylgde honom. (12) Og det hende, daa han var i ein av Byom, sjaa! der var ein Mann full av Spitelska; og daa han saag Jesus, fall han paa Andlitet sit, bad honom og sagde: Herre, vil du, so kann du reinska meg. (13) Og han rette fram Hondi, rørde ved honom og sagde: Eg vil; vert rein! og strakst gjekk Spitelska burt ifraa honom. (14) Og han paalagde honom ikke aa segja det til nokon (men sagde): Gakk og syn deg for Presten og ofra for Reinskingi di etter det, som Moses heve bodet til Vitnesmaal for deim. (15) Men Gjetordet hans kom dess meir ut, og mange Folk kom saman til aa høyra honom og verta heilbrigde av honom fyr Sjukdomarne sine. (16) Men han for burt i Øydemarkjerne og bad. (17) Og det hende paa ein av dei Dagom, at han lærde, og der sat Farisæarar og Loglærde, som voro komne fraa alle Byar i Galilea og Judæa og Jerusalem; og Herrens Kraft var til aa heilbrigda deim. (18) Og sjaa! nokre Mennar baaro fram paa ei Seng ein Mann, som var nomen, og dei prøvde aa bera honom inn og leggja honom fram for honom, (19) Og daa dei ikkje funno paa kvat Veg dei kunde faa boret honom inn for Folkemugen, kluvo dei upp paa Taket og firade honom ned imillom Folket fram fyre Jesus. (20) Og daa han saag Trui deira, sagde han til honom: Menneskja! Synderne dine era forlaatne deg. (21) Og dei Skriftlærde og Farisæararne byrjade aa gruna og sagde: Kven er han, som talar Spottord? Kven kann forlaata Synder utan berre Gud? (22) Men daa Jesus kjende Tankarne deira, svarade han og sagde til deim: Kvat tenkja de i Hjarta dykkor? Kvat er lettare? aa segja: Synderne era forlaatne deg? elder aa segja: Stat upp og gakk? (24) Men for at de skal sjaa, at Menneskjesonen heve Magt paa Jordi aa forlata Synder sagde han til den nomne: Eg segjer deg: Stat upp, tak Sengi di og gakk heim i ditt Hus. (25) Og straks reis han upp fyre deim, tok upp det, som han hadde legjet paa, gjek heim til sit Hus og prisade Gud. (26) Og Otte tok deim alle, og dei lovade Gud og vorto fulle av Rædsla og sagde: Me hava set underlege Ting i Dag. (27) Etter dette gjekk han ut og saag ein Tollmann, som heite Levi, og som sat i Tollbudi, og sagde til honom. Fylg meg! (28) Og han gjekk ifraa alt, reis upp og fylgde honom. (29) Og Levi gjorde eit stort Gjestebud for honom heime i Huset sit, og der var ei stor Mengd av Tollmenn og andre, som saato med deim ved Bordet. (30) Og deira Skriftlærde og Farisæarne mukkade imot Læresveinom hans og sagde: Kvifyr eta og drikka de med Tollmenn og Syndarar? (31) Og Jesus svarade og sagde til deim: Dei friske trenga ikkje um Lækjaren, men dei som era sjuke. Eg er ikkje komen aa kalla rettsluttige, men Syndarar til Hugvending. (33) Men dei sagde til honom: Kvifyr fasta Læresveinarne til Johannes ofta og halda Bøn, og likeins Læresveinarne aat Farisæarom men dine eta og drikka? (34) Men han sagde til deim: Kunna de faa Brudsveinarne til aa fasta, so lengje Brudgomen er hjaa deim? (35) Men dei Dagar skula koma, daa Brudgomen vert teken burt ifraa deim, og daa skal dei faste i dei Dagom. (36) Men han sagde ei Likning til deim: Ingjen riv ein Lepp av ein ny Klædnad og set paa ein gamal Klædnad; ellest riv han sunder det nye, og Leppen av den nye høver ikkje til den gamle. Og ingjen tappar nyt Vin i gamle Skinnhitar, ellest skal det nye Vinet sprengja Skinhitarne, og det skal spillast, og Skinnhitarne skal øydelegjast. (38) Men nytt Vin skal ein tappa i nye Skinnhitar, so verta baae bergade. (39) Og ingjen som drikk av det gamle, vil strakst hava av det nye, for han segjer: det nye er betre.
 
Sette Hovudstykkjet.
           
Men det hende paa den andre-fyste Kviledag, at han gjekk igjønom ein Aaker, og Læresveinarne hans plukkade Aks, som dei gnudde sunder med Hendom og aat. (2) Men nokre av Farisæom sagde til honom: Kvi gjera de det, som ikkje er loglegt aa gjera paa Kviledagom? Og Jesus svarade og sagde til deim. Hava de ikkje leset, kvat David gjorde, daa han var svolten, han og dei, som fylgde honom? (4) koss han gjekk inn i Guds Hus og tok Skodebraud og aat og gav ogso deim, som voro med honom og dei er det ikkje loglegt aa eta fyr andre enn Prestarne. (5) Og han sagde til deim: Mansens Son er Herre ogso yver Kviledagen. (6) Men det hende ogso paa ein annan Kviledag, at han gjekk inn i Stemnestova og lærde; og der var ein Mann, som høgre Hondi hans var visi. (7) Men dei Skriftlærde og Farisæararne vaktade paa honom, um han vilde heilbrigda paa Kviledagen, for at dei kunne faa nokot aa klaga paa honom. (8) Men han visste Tankarne deira og sagde til Mannen med den visne Hondi: Ris upp og statt fram, og han reis og stod fram. (9) Daa sagde Jesus til deim: Eg vil spyrja dykk: Er det loglegt aa gjera godt paa Kviledagom elder gjera illt? aa frelsa eit Liv elder tjona det? (10) Og han saag kringom seg paa deim alle og sagde til Mannen: Rett fram Hondi di! Men han gjorde so. Daa vart Hondi hans frisk att som hi. (11) Men dei vorto reint ifraa seg og talade ved seg imillom, kvat dei skulde gjera med Jesus. (12) Men det hende i dei Dagom, at han gjekk ut til Berget for aa halda Bøn; og han var der yver Naatti i Bøn til Gud. Og daa det vart Dag, kallade han fram Læresveinarne sine og valde ut tolv av deim, som han ogso kallade Apostlar: Simon, som han kalade Petrus, og Andreas Broder hans, Jakob og Johannes, Filippus og Bartolomæus, (15) Mattheus og Thomas, Jakob, Son til Alfæus, og Simon kallad Seloten, (16) Judas Son (elder Bror) til Jakob og Judas Iskariot, som vart Forraadar. (17) Og han gjekk ned med deim og stanade paa ei Slett, han og ein stor Hop av Læresveinom hans, og ein stor Folke-Muge fra heile Judæa og Jerusalem og fraa Tyrus og Sidons Strandbygdar; og dei komo for aa høyra honom og verta heilbrigdat av Sjukdomarne sine, (18) og slike, som voro plagade av ureine Andar, og han gjorde deim gode att. (19) Og alt Folket søkte aa faa røra honom, for der gjekk Kraft ut or honom, og han heilbrigde alle. (20) Og lyftade upp Augo sine yver Læresveinarne sine og sagde: Sæle era de fatike, for dykkar er Guds Rikje. (21) Sæle era de, som no svelta, for de skal verta mættade; Sæle era de, som no graata, avdi de skal lægja. (22) Sæle era de, naar Folket hater dykk, skil dykk ut, lastar dykk og kastar burt Namnet dykkar som vondt for Mannsens Sons Skuld. (23) Glede dykk paa den Dagen og fegne dykk! for sjaa: Løni dykkar skal vera stor i Himeln, for samaleis gjorde Federne deira med Profetom. (24) Men usele era de rike, for de hava fengjet dykkar Hugnad. (25) Usæle era de, som era mette, for de skula svelta; usæle era de, som no lægja, for de skule syta og graata. (26) Usæle era de, naar alle Menneskjor talar væl um dykk, for samaleis gjorde Federne deira med dei falske Spaamenn. (27) Men eg segjer til dykk, som høyra etter: Elske Fienderne dykkar! tala væl um deim, som hata dykk, (28) velsigne deim, som banna dyk, og beda for deim, som sneida dykk! (29) Aat den, som slær deg paa eine Kinnbeinet, skal du bjoda fram det andra; og for den, som tek ifraa deg Kaapa, maa du helder ikkje halda Kjolen att. Gjev deim, som beda deg, og krev ikkje ditt att av den, som tek ditt ifraa deg! Og soleis, som de vilja, at Folk skal gjera imot dykk, so maa de gjera imot deim. (32) Men um de elska deim, som elska dykk, kva Takk hava de for det? for ogso Syndarar elskar deim, som deim elska. (33) Og um de gjera deim væl imot, som gjera dykk væl imot, kva Takk hava de for det? for ogso Syndarar gjera det sama. Og um de laana deim, som de vona aa faa nokot att av, kva Takk hava de for det? for ogso Syndarar laane av Syndarar, for aa faa det sama att. (35) Men elske Fienderne dykkar! og gjere væl og laane utan Von um aa faa nokot att, so skal de faa stor Løn og verta Born til den Høgste; for han er mild mot dei utakksame og vonde. (36) Vere difyr miskunnsame liksom Fader dykkar er miskunnsam! Og døme ikkje, for at de ikkje skal verta dømde! Fordøme ikkje, for at de ikkje skal verta fordømde! Forlate, so skal det verta dykk forlatet! (38) Gjeve, so skal det verta dykk gjevet; eit godt Maal, knuvat skaket og yverfyllt, skal dei gjeva dykk i Fanget; avdi med det sama Maal, som de mæla med, skal det verta mælt til dykk att. (39) Men han sagde ei Likning til deim: Tru ein blind kann leida ein blind? Tru dei ikkje baae daa falla i Gravi? (40) Ikkje er Læresveinen yver Meistaren sin; men kvar ein er fullkomen, naar han er som Meistaren sin. (41) Men kvi ser du Øgni i Auga til Broder din, men Bjelken i ditt Auga vert du ikkje var? (42) Elder korleis kann du segja til Broder din: Ver stille Bror! eg vil taka Øgni ut or Augat ditt, du, som ikkje ser Bjelken i ditt Auga? Skrymtar! Tak fysst Øgni ut or ditt Auga, so kann du sjaa til aa taka ut Bjelken or Auga til Broder din. (43) For det er ikkje nokot godt Tre, som hev roti Alda, og ikkje er det nokot rotet Tre, som ber god Alda. (44) For kvart eit Tre kann verta kjent av si eigji Alda. For av Tyrnor kann dei ikkje plukka Fikor, elder Vin druvor av Tornebuskor. (45) Den gode Mannen ber fram det gode av den gode Skatten i Hjartat sitt; og den vonde Mannen ber fram det vonde av den vonde Skatten i Hjartat sitt; for av Hjartans Fylla talar Munnen. (46) Kvifyr kalla de meg Herre, Herre, og gjera ikkje det eg segjer? (47) Kvor ein so kjem til meg og høyrer desse Ordi mi og gjerer etter deim, eg vil visa dykk, kvem han er lik. (48) Han er lik ein Mann, som bygde eit Hus, reiv upp Grunn og grov djupt og lagde Grunnvoll paa Berg; og der kom Vasslaup, og Straumarne braut hardt imot dette Huset; men det fall ikkje ned, for det var grunnfestad paa Berget. (49) Men deim, som høyrer dei og ikkje gjerer der etter, er lik ein Mann, som bygde Huset sitt paa Jordi utan Grunnvoll, og Straumarne braut hardt paa, og det fall strakst ned, og stort vart dette Husens Fall.
 
( Meir.)