Nordland, Hålogaland hell Helgeland.

Eg ser i Nordmanden, at O Five hev sendt rundt til Folkevæpningssamlagji ei uppmaning til å taka norske namn på amti, og han fyreslær då nye namn etter eitt uppset i Fedraheimen. Eg er sams med hr. Five um desse namni, so nær som Nordland. I Aasens Ordbog stend det: Nordland dvs. de nordligste Distrikter i Norge, nemlig Helgeland, Salten, Lofoten, Senjen og Finnmarken. No er det væl so, at folk helst gjer skil på Nordland og Finnmarkji, men i daglegt tal reiknar dei nokk Tromsø Amt med til Nordland. Hålogaland, som au er fyreslegje, brukast på gamalnorsk um lande nordanfyr Trøndelag (og Namdalen) so vidt det var bygt av nordmenner; nordanfyr var Finnmarkji. Ved 1250 reikna dei Mæle-å (Maalselvi) fyr grensa millom Hålogaland og Finmarkji, so Hålogaland den Tidi innehelt ein lut av Senja med. Sidan krapp Hålogaland (i seinre gamalnrosk Hålgaland, Hælgaland) i hop til det noverande Helgeland. Kunne ikkje Helgeland brukast i staden fyr Nordlands Amt? det er då det største bygdelagje i Amte, og de vart ikkje verr det enn Romerikje fyr Agershus Amt, Fjordanne fyr nordre Bergenhus amt, Senja fyr Tromsø amt? Og Helgeland hev den Fyremunen fyr Hålogaland, at det er i bruk endå, og desutan er det ei form, som alt i gamalnorsk, utan innverknad av dansk, hev vakse fram or den eldre formi. Folknamne Håløygjer kann brukast likso godt ved sida av Helgeland, som av Hålogaland, for det høyrer ikkje til noko av de, men til ei endå eldre Form Håløygjaland, som vert funni mill. a. i gamle skaldekvad.
                                                 
d.