Jørgen Moe

vart gravfest ved vestre Akers Kyrkja um Maandagen. Det var høgtida storleg til Minnet hans; han var det fulla verd. Det var sent Kransar i Hundratal baade fraa Sud og fraa Nord, og det møtte Folk i Tusendtal, baade høg og laag. Studentarne møtte mæ Fanurne sine og lagde ein Krans paa Kista. Prest Heuch heldt Tale i Kyrkja, og det gjorde han greidt; han var Kapellanen til Moe baade i Drammen og i Aker; han kunde aldri fulltakka for alt det, han hadde lært og notet av Moe, sagde han. Han lagde ut greidt um, at det som var Grunnen i Moe, det var Kjærleiken hans til det norske Folket og til den norske Kyrkja. Det var ein sann Kjærleik, difyr var han sann og stor i all si Framferd baade i det eine og i det andre. Det trur eg er Sanning. Den kann ikkje fullskyna Moe, som ikkje elskar sin Gud. For i denne Mannen var dette samanvekst og samangrott til eit, Kjærleik til Folket og Kjærleik til Gud. Faae Menn unnest det so rumsamt eit Liv som Jørgen Moe. Han var med og brøytte Veg for ei ny Leid og eit nyt Lag for vort Folk, og han stridde det fram til Siger. Han samlad i seg sjølv alt det, som rørte seg i vort Folk, det nye og det gamle, det innalandske og utalandske, han spilad det saman til eit; di hev Strengjerne hans so rein ein Ljo baade for Bymann og Bonde. Og best kanskje endaa spilad han det saman i Kyrkja, naar han stod og talad. Han talad inkje berre, nei han livde seg sjølv liksom i ein Sum reint og klaart for Folket dei Stunderne. Eg minnest fulla væl den Tid, han var Prest i Aker; naar han talad var det som ei Fest, dei Stunder vil eg aldri gløyma. So gjev ein Prest hev eg aldri høyrt, og aldri fær eg høyra det sidan. Eg totte det vart tomt i Aker, daa Moe reiste derifraa, eg totte berre Bygdi var halvt so ven. Han var som samanvoksen mæ Akersbygdi. Han totte det au sjølv, der vilde han kvile sine Bein, der var han som heime. Der ligg han ned ved Akers Kyrkja paa so ven ein Stad. Der er det sjaaleg so vida; der er den Natur han likad so væl,
 
            Med Pragt af kornrige Sletter
            og blinkende Søers Vand
            og store, susende Skove
            af dunkelgrøn Fyr og Gran.
 
            Og der i det vide Fjerne.
            staar Aaserne Rad ved Rad,
            med altid blegere Blaanen
            og vinker, som om de bad:
 
            Flyv hid paa vor duftige Skraaning!
            Din Sjæl har ogsaa en Rand
            af samme længselsblaa Farve
            her sammensmelte den kan!
 
No hev daa Sjæli svivt dit, hvor alle Længsler havne.
           
Moe hev berre havt halv Kraft, sidan han vart Bisp; han hev dregjest lenge med Sjukdom. Dei som kjende honom væl, segjer, han hev ikkje voret heil Mann sidan i Drammen. Den sterke Aand aaleine heldt Livet so lenge. Men i Kristiansand var han lagje til døy.
           
Far til Moe døydde i same Alder som Sonen um Vaaren. Daa skreiv Moe sit fagre Digt Løvsprætstid. No lagdest det for honom og, fyrr han drog sin siste Sukk, aa faa sjaa dei fyste grøne knuppar av Vaaren, som stundad paa Løysing. Livet til Moe var ei Lauvspretting, Døen hans var det ogso.
           
Sælt vere Minnet hans i vaart Folk, det er eit Minne um Norigs Vaar.                                       
I.