[Notisar]

Kristiania, den 8de April.
 
Av Salmebøkervert det bruka 4 i dei ymse Kyrkjorne i Landet: Landstads, Guldbergs, Hauges og Kingos. Landstads er i Bruk i 660 Sokner, Guldbergs i 110, Hauges i 100 og Kingos i 69. I Bergens Bispedøme er det 178 Sokner, 166 av deim brukar Landstads Salmebok, og i Trums Bispedøme er det 101, og 94 av deim hev Landstads Bok. I Kristiansands Døme er det jamnaste skift: 88 hev Landstads Bok, 29 Hauges, 36 Guldbergs og 39 Kingos.
 
           
Olaf Sveinsson, Klokkar i Selgjord, vil fleire hava til Tingmann fraa Telefylket neste Venda.
 
           
Av A. O. Vinjes Skrifter er no 1ste Heftet utkomet (25 Ark). Dei som er med i det norske Samlaget fær Boki til seg sendt.
 
           
Paa Veslehamar-Møtet vart det med 500 R. mot 13 vedtekjen ein Resolusjon um at Joh. Sverdrup no var den, som burde koma i Brodden for Landstyret.
 
           
Daaneer Professor hev vore i hebraisk C. A. Holmboe og Direktør h. v. for Rikssjukehuset T. Løberg, som var Tingmann fra Bergen i 1865-66 og 1871-76.
 
           
Hr. Pastor Asperheimhev uppfunnet og teket Patent paa ei ny Innretning til ein Karjol. Derhev visst Pastor Asperheim gjort eit gagnlegt Arbeid!