Soga um Eirik den Raude og korleis dei fann Vinland.

[Del 6 av 6. Første delen]
 
(Fraa Nr. 12.)
           
12. Karlsemne og Folkje hans tottest no sjaa, at endaa det var eit oveleg godt Land, so vilde det daa allstødt vera Otte fyr Ufred av dei, som budde der fyrr; difyr laga dei seg til og vilde heimatte til sitt Land. Dei siglde nordetter og fann fem Skrælingar i Skinnklæde, som laag og sov; dei hadde med seg Askar med Dyre-merg blanda med Blod; dei meinte, det var nokre, som var land-lyste. Dei drap dei. Sidan fann dei eit Nes og ei Mengd med Dyr, heile Nese saag ut som ein Mokdungje, for Dyri laag der Aare rundt. No kom dei atte til Straumsfjord, og der var nokk av alle Slag, som dei trong um. Det er sume, som fortel, at Bjarne og Frøydis hev vore etter der og 100 Mann med dei, og ikkje hev fare lenger. Men Karlsemne og Snorre skulde hava fare sudetter med fyrti Mann og ikkje hava vore lenger i Hop enn snaudt tvo Maanar og kome atte same Sumaren. Karls-emne for daa med sitt Skip og vilde leita etter Torhall Veidemann, men dei andre var etter. Dei siglde nord fyre Kjølnes og so vest-etter og hadde Lande paa Bakbord. Der var daa berre Øydeskogar. Og daa dei hadde fare lengje, renn der ei Aa austantil av Lande; dei lagde inn i Osen, og laag ved den søre Aabakkjen.
           
13. Det var ein Morgon, at Karlsemne og dei saag ovanfyr Glenna ein Flekk, som glittra imot dei, og dei ropa til det. Det rørdest, og det var ein Einføtting, som skaut seg ner dit, som dei laag. Torvald, Son til Eirik raude, sat med Styre, og Einføttingen skaut ei Pil i Smaa-tarmanne paa han. Torvald dro ut Pili, og sae: Mi hev fengje eitt godt Land, eg er feit um Istra. Daa renner Einføttingen burt og nord atte. Karlsemne og Folkje hass sette etter han og saag han stundom; men det var likt til han skulde sleppa undan; han rende ut i ein Vaag. Daa snudde dei atte. Ein Mann kvad daa eitt Vers um, at dei elte ein Einføtting ner til Strondi, men den underlege Mannen rann fort yve Markji Dei for daa burt og nord atte og tottest sjaa Einføttingeland. Dei vilde daa ikkje lenger vaaga Folkje sitt der. Dei meinte, det var den same Fjellryggjen den, som var i Hop, og den som dei no fann, og dei svara imot einannen, og fraa Straumfjorden var det jamlangt til baae Stader. Den trie Vetren var dei i Straumsfjord. Det var daa mykje Usemja millom dei; dei som var ugifte vilde ikkje lata dei gifte faa vera i Fred. Der kom til fyste Hausten Snorre, Son til Karlsemne; han var tri Aar, daa dei drog burt. Daa dei siglde fraa Vinland, hadde dei Sunnanver, og kom til Markland, der fann dei paa ein Stad 5 Skrælingar; ein var skjeggja, tvo Kvende og tvo Born. Karlsemne og dei tok til seg Gutanne, men hine kom seg undan og sokk ned i Jordi. Men Gutanne hadde dei med seg og lærde dei Maale og dei vart døypte. Dei kalla Mor si Vætilde og Far sin Uvæge. Dei sae, at Kongar styrde Skrælingeland; den eine heitte Avaldamon og den are Valdidida. Der var ingji Hus, sa dei, og Folk laag i Helerrar hell Holor. Dei sae, at paa hi Sida av deira Land var der eitt Land, der det budde eit Folk, som gjekk i kvite Klæde og ropa høgt, og bar Stengar, som det var fest Leppar ved. Det, trur Folk, hev vore Kvitmannland. No kom dei til Grønland og er hjaa Eirik raude um Vetren.
           
14. Skipe til Bjarne Grimolvson rak i Irlandshave og kom i eit Makke-hav; men dei gaadde ikkje aat, fyrr Skipe vert makksmogje under dei. Daa tala dei um, kva Raad dei skulde taka. Dei hadde ein Baat, som var brædd med Sel-tjøra. Dei segjer, at Skjel-makkjen ikkje smyg upp Tre, som er brætt med Sel-tjøra. Dei fleste vilde daa, at det skulde ganga i Baaten so mange som han tok. Men daa dei prøvde det, rømde Baaten berre Helfti av Mannskape. Bjarne sae daa, at dei skulde gaa i Baaten, og det skulde ganga etter Lutkasting og ikkje etter Manne-mun. Alle vilde i Baaten, men der var ikkje Rom til dei; difyr tok dei denne Raadi og kasta Lut um kvenn som skulde i Baaten. Luten fall so, at Bjarne og nær Helfti av Mannskape skulde i Baaten. Daa gjekk dei av Skipe og i Baaten, som Luten hadde falle paa. Daa dei var komne i Baaten, sae ein ung Islending, som hadde vore med Bjarne: Vil du skiljast med meg her, Bjarne? Bjarne svarar: Det lyt nokk verta so no. Han segjer: Det var ikkje det, du lova meg, daa eg for med deg fraa Island fraa Far mins Gard. Bjarne svarar; Likvæl ser ikkje eg nokor onnor Raad; men kva for Utveg ser du? Han svarar: Eg ser det; lat oss byta Rom, so kjem du hit og eg i Baaten. Bjarne svarar: So skal det vera; eg ser, at du gjerne vil halda Live og tykkjer ilt aa døy. Dei bytte daa Rom; Islendingjen gjekk i Baaten og Bjarne upp i Skipe. Dei fleste trur, at Bjarne og Lagsmennanne hans hev laatest der i Makkehave, for det spurdest ikkje noko til dei sidan. Men Baaten og dei som var i den for sin Veg til dess dei kom til Dublin i Irland og fortalde dette sidan.
           
15. Andre Sumaren etter for Karlsemne til Island med Gudrid og for heim til Garden sin paa Røynenes. Mor hans totte han hadde gjort eitt kleint Gifte, og difor var ho ikkje heime den fyste Vetren. Men daa ho røynde, at Gudrid var eitt framifraa Kvende, for ho heim, og dei kom væl utav det med einannan. Dotter til Snorre Karlsemneson var Hallfrid, Mortil Biskop Tollak Runolvson. Dei hadde ein Son, som heitte Torbjørn; Dotter hans heitte Torunn, Mor til Biskop Bjørn. Torgeir heitte Son til Snorre Karlsemneson; han var Far til Ingvild, Mor til Biskop Brand den eldre. Og der endar denne Soga.