Den "norske" Bokhandel.

Hr. Bladstyrar!
           
Kor hev det seg tru, at me ikkje kann faa ein Fritenkjar hjaa Bokhandlararne ute i Provinsbyarne? Eg og fleire til meg hev voret inne og spurt, men nei, dei hev ikkje Boki. Og korleis skal so ein fara aat for aa faa henne? Kann ein skriva til Kristiania? Og kva kjem Boki til aa kosta daa? Det vøre gildt, um De i Fedrah. vilde svara paa dette.
           
Vestlandet i Marts 1882.
P.
 
           
Kor det hev seg, at Bokhandlararne ikkje hev denne Boki, veit me ikkje; Alb. Cammermeyer hev henne i Commission, og daa skulde han vera skyldug til aa senda henne ikring til Bokhandlararne. Men er ho ikkje aa faa hjaa dei, so fær ein skriva til Cammermeyer sjølv (Bogh. Alb. Cammermeyer, Kristiania) og leggja Kr. 2,20 inni Brevet, so fær ein Boki send i Posten.                          
 
Bldst.