Hr. Asperheim og "Fedraheimen".

[Del 3 av 3. Første delen]
 
(G.)
 
(Fraa No. 9).
 
So fortel Pastoren, at Fedrh. hev forsvaret Dagbladet, vaagat seg ut for aa hjelpa Dagbladet i Striden mot Fædrelandet. Liksom Dagbladet elder nokot annat Blad trong Hjelp i ein Strid mot ein slik Motstandar! Nei Hr. Pastor, Fedrh. hev ikkje gjort annat enn aa forsvara seg sjølv.
           
Fædrelandet tok paa Dagbladet for Skuld ein Føljetong, som det teologiske Blad fann usedeleg; daa Fædrelandet hadde gjort det, fann det nok ut, at det sjølv trong Hjelp, og so vilde det hava dei andre Bladi til aa hjelpa seg. Og at Høgrebladi hjelpte til, det tarv eg vel ikkje fortelja Hr. Pastoren. Dei fekk alle ihop ei moralsk Rid, so det ar reint utrulegt. Men Fædrelandet hadde nok ingi stor Tru paa, at dette vilde hjelpa. Fædrl. forstod kanskje, korleis det hekk ihop med den moralske Braa-Ridi, som no hadde teket alle Høgrebladi fraa Mgbl. til Dagen, og det hadde nok i det heile ei Kjenning av, at slik Parti-Dygd ikkje vilde vinna stor Tiltru. Difor vilde det hava Vinstrebladimed seg paa sin Krig mot vaart liberale Hovudblad. Og serleg nemnde det her um eg ikkje misminnest - V. G. og Fedrh. Desse Bladi skulde altso anten ut og hjelpa Fædrelandet mot Dagbl., elder so skulde dei sjølve gjerast mistenkte for aa vera usedelege. Daa var det, at Fedrh. laut ut og greida for seg. Fedrh. visste, at Fædrl. vilde taka alt i den beste Meining paa sin Maate, og so var der ikkje onnor Raad enn at Bladstyret laut forklara for Motstandarar og Lesarar den sanne Grunnen til, at det ikkje kunde gaa med Fædrelandet. Soleis vart det Stykket til, som Pastor Asperheim no so sanningskjærlegt kallar Fedraheimens Forsvar for Dagbladets Føljetongar.
           
Hadde Fedrh. tagt, so hadde Fædrelandet og Asperheim teket det som eit Prov paa, at Fedrh. var ugudeleg. Daa Fedraheimen tala, tok Fædrelandet og Asperheim det paa same Maaten.
           
Hr. Pastoren, som ex officio skal taka alt i den beste Meining, gjeng tydeleg ut ifraa, at det som Fedrh. ifjor skreiv um Napoleon den 3dies Hof, ikkje var Fedraheimens sanne Meining. Pastoren prøver aa segja det og; men han er nok litt rædd for Kriminalloven, og segjer det difor svært varlegt. Me kann ikkje berga oss for aa faa den Kjensla, skriv Pastoren, at Fedrh. er ein so god Ven av Dagbl., at han lyt vaaga seg ut for aa hjelpa det, um han so skal saara sitt eiget Hjarta med det same. Vil Pastoren segja den same Tanken ende ut, so vil Fedraheimens Bladstyrar ialfall hava Tilføre til aa svara, - svara paa den einaste Maaten som det gjeng an aa svara paa slikt Snakk paa.
           
Ingen Diktar, skriv Pastoren, fær Lov til aa gjera seg urein med aa velta seg ned i Søyla og so syna seg for oss; naar ein Diktar berre ligg aa velter seg i Livets Styggedom, daa er han vorten sjuk. Her maa eg beda Pastoren forklara meg. 1) kva for Diktar det er, han meiner, 2) um Fedrh. elder nokon av dei som skriv i Fedrh. hev forsvarat slike Diktarar. Fyrr han gjer det, vil det vera meiningslaust aa svara. Og naar Pastoren talar um, at Naturalismen er upfostrat med Liklugt, medan alle andre Diktningar er uppfødde paa kristelege Tankar (t. D. den klassiske?), - so kann eg dertil ikkje svara annat, enn at Pastor O. Asperheim maa ha lært Literaturhistorie paa ein annan Skule enn eg.
 
           
Endeleg skal det ha stadet aa lesa i Fedrh., at Vantrui ikkje er Synd. Fedrh. spottar yver den Setningen, segjer Presten. Det er helder langt ifraa, at den Talen er sann, Hr. Pastor!
           
Syndi er eit religiøst Umgrip; Syndi fær Gud døma, hev Fedrh. sagt. Men aa blanda inn dette um Syndi i det offentlege Ordskifte um Tru og Vantru, det hev Fedrh. funnet meiningslaust, og det finn han visst enno.
           
Dersom det endaa svarad for nokot! Men naar den kristne segjer til Fritenkjaren: du syndarnaar du ikkje trur, - so vil Fritenkjaren berre svara: ja, det var just det, som skulde sannprovast.
           
Fraa kristeleg Synstad er Vantrui sjølvsagt Synd, Grunnsyndi, den største av alle Synder. 1) Men dersom du tek til aa tvila um Kristendomen, so tek du naturlegvis med det same til aa tvila um denne Syndi, og dersom du uppgjev Kristendomen, so vil du og uppgjeva Trui paa, at Vantrui er Synd. Kjem so Presten og segjer til deg: du er ein Syndar, fordi du ikkje trur! - so vil dette for deg vera meiningslaust Snakk. Fyrst maatte Presten med klaare Grunnar yvertyda deg um, at Kristendomen i seg sjølv var Sanning,og naar han det hadde gjort, so kunde han snakka um Syndi; men daa maatte det vera utrengt, for daa visste du sjølv, at Vantrui var Synd.
           
Det er altso gagnlaust aa draga den Setningen inn i det offentlege Ordskifte. For der gjeld det Grunnar mot Grunnar og Menn mot Menn, og ingen Mann hev Rett til aa døma den andre moralskt for hans Meiningar. Skulde der endeleg vera Tale um Synd, so vilde det nok visa seg, at dei var Syndarar alle og det var det, Fedrh. vilde minna um, daa han skreiv, at Cand. mag. V. Aubert og var ein Syndar. Det vilde Hr. Cand. mag. V. Aubert nok hellest ikkje høyra nokot um, ettersom det saag ut til. Men kanskje den gode Mannen just av det kann læra aa tenkja seg litt um, fyrr han legg i Veg med aa døma andre som Syndarar. Likar han ikkje sjølv aa høyra slikt offentlegt, so bør han tenkja, at andre ikkje helder likar det, - og hvad I vil, at andre skulle gjøre imot Eder, det samme gjører og I imod dem.
           
- Det var eingong eit Slags Folk, som brukad den Skikken aa kalla andre for Syndarar og segja til dei: røyv meg ikkje, for eg er reinare enn du! Det var Folk, som var svært rett-truande og som heldt seg til Skriften i alle Ting og leit paa, at dei var Guds og Abrahams Born. Men det stend skrivet, at Jesus Kristus ikkje var det Grand glad i desse Folk. Ja det stend endaa ein Stad, at han likad betre ein arm Stakkar, som fann ut, at han sjølv var ein Syndar, enn han likad den retferdige Mannen, som stod framfor Guds Aasyn og sagde, at han sjølv var ein fagna Mann, men at dei andre var Syndarar.
           
Det er vist best, Hr. Pastor! at me tenkjer kvar paa sine eigne Synder og ikkje skrik altfor høgt um annat Folks. Og vil ein Mann føra Kristi Sak mot dei ikkje-kristne, so vil han tvillaust gjera væl i fara aa fram baade med Klokskap og vanleg god Folkeskikk.
 
           
Me vart truande Menn og Kvinnur, naar me i Tvilens Strid valde aa vera det. Men likso væl som det er eit Verk av Viljen, naar ein vert truande, likso væl er det det, naar ein vert vantru.
           
So talar Hr. O. Asperheim.
 
Presten O. Asperheim segjer atter ende ut, at naar han vart Kristen, so var det ikkje fordi, at han kjende seg yvertydd um, at Kristendomen var Sanning, ikkje fordi at Sanningi med si eigi Magt tvinga seg innpaa han, nei; men fordi han i Tvilens Strid valdeaa vera Kristen. Han vildevera Kristen, endaa han var i Tvil um, at Kristendomen var Sanning. Istadenfor aa arbeida seg gjenom Tvilen, istadenfor aa stræva, til han fann ut det, som maatte vera det sanne, so gjordeHr. Pastor Asperheim eit Hopp, og so var han yver. Han kunde likso godt ha valt aa vera Fritenkjar. Han var i Tvil um, kva som var det rette. Men so tok han Viljen til Hjelp; det fekk vera det same med Sanningi; men det og det vildeHr. Asperheim tru, og so tok han eit Hopp, eit Viljesprang, - og - - trudde.
           
Me fær vona, at Hr. Asperheim ikkje hev fortalt oss den rette Samanhengen her. Han maa ha gløymt korleis det gjekk til, at han vart Kristen; - det er væl so lengje sidan. For dersom det var so, som Hr. Asperheim her fortel, - so vilde eg sannt aa segja ikkje gjeva svært mykje for Kristendomen hans.
           
Og liksom eg ikkje vilde det, - soleids vilde eg helder ikkje bry meg stort um den Fritenkjaren, som hadde vortet Fritenkjar paa den Maaten, Hr. Asperheim skildrar. Hr. Asperheim fortel oss med eitt visst Braak, at nok han og veit litt um, kva som gjeng fyr seg i eit Menneske-Hjarta, naar han vert vantru. Dersom Hr. Pastor Asperheim ikkje veit annat um den Ting enn det, han hev fortalt i Fedrh. No. 50 ifjor, so burde han helst ikkje skrivet um den Saki. For dei Fritenkjararne, han der skildrar, vil alle lett verta samstellte um. Det er ikkje det Slaget av Fritenkjarar, som her er Strid um, Hr. Pastor! Dei, som er Fritenkjarar, fordi dei i Kraft av Viljen valde aa vera det, - dei fortener alt dei kann faa av strenge Domar og harde Ord, og dei hev ialfald ikkje Fedrh. forsvarat - som Hr. Pastoren veit.
           
Men liksom me ikkje tvilar um, at det finst Kristne, som hev teket Trui fordi Kristendomen viste seg for dei som den einaste og vissaste Sanning, so at dei maatte tru paa den, so sannt som dei vilde vera ærlege og sanne mot seg sjølve, - soleids finnst det nok og Fritenkjarar, som, mot sin Vilje og i den tyngste Sjælekamp, hev funnet ut, at dei maatte uppgjeva Trui, dersom dei vilde vera ærlege og sanne mot seg sjølve, - soleids finnst det nok og Fritenkjarar, som, mot sin Vilje og i den tyngste Sjælekamp, hev funnet ut, at dei maatte uppgjeva Trui, dersom dei vilde vera ærlege og sanne mot seg sjølve, og det er um deiFritenkjararne Fedrh. hev meint, at Ein gjorde rettast i aa vyrda dei som skikkelege Folk, og strida mot Meiningarne deira ikkje med harde Domar og Vond-Ord, men med Grunnar og klaar Upplysning. At dei syndar, det er ein Ting for seg, og det fær Gud døma; for so sannt som dei er ærlege i sitt, so syndar dei ikkje med vond Vilje; det er mot Meiningarne deira, Ein maa strida, og Meiningar feller ein ikkje med store Ord. Dette skulde dei Kristne etter mitt Vit kunna vera med paa. Kann dei ikkje det, so vil eg i det lengste tru, at det er deira eiget Lyte.
           
I sitt Stykkje um Synd hev Fedrh. fylgt sitt Program og arbeidt for Aands-og Samvitsfridom. Vil Pastor Asperheim for Aalvor segja, at det Arbeidet er ukristelegt?
 
 
1) Det bør like væl minnast, at Bibelen sjølv byd oss aa prøva alt og halda paa det gode.