Bøker.

Hans Nilsen Hauge, et Livsbillede fra Norges nyere Kirkehistorie, heiter ei liti Bok av Olav Røst, som nyst er trykt og komi i Bokhandelen.
           
Boki fortel stutt og greidt um det denne merkjelege Mannen Hans Nilsen Hauge hev livt igjenom, baade hans indre Kamp og ytre Motgang. Alt tidleg vektest han, som me veit, til aalvorlege Tankar, og mognast under tung Sjælsstrid. Under denne tyktest han sjaa at han hadde fengje eit serlegt Kall fraa Vorherre til aa vekkja og friska Kristenlivet i Landet, som daa var myket nedslept og kaldt. Og so stig han fram som Prædikant, reiser Landet gjenom i Kross og Krok for aa hjelpa sine Landsmenn fram til eit sannare Kristenliv. Stod det laakt til med Trui hjaa Aalmugen, so var det nok ikkje stort betre med Prestarne helder. Størsteparten av dei var jamvæl reine Rasjonalistar, og dei sette seg av all Magt mot Hauges Vekkjingsarbeid og fekk sett han fast Gong paa Gong. Men aa domfella ein Mann for at han talad det reine Gudsorde var nok ikkje so beint fram; nok er det, han vart fyr det meste frigjeven trast. Paa den Maaten arbeidde Hauge i umlag 6 Aar, og i den Tidi vart han sett fast 10 Gonger.
           
Hauge var hellest ikkje berre Prest. Han hadde eit klaart Syn for det praktiske Arbeid og gjorde seg myket Stræv med yvertyda Folk um, at baae desse Ting burde kunna semjast, og at det var ein Kristen uverdigt aa vera lika sæl um det borgarlege Livs Plikter. Sjølv dreiv han med Handel og Verksdrift. Gjenom alt dette Strævet vart Hauge kjend mest i kvar Kraa av Landet, vann mange Venner og so stor Tiltru hjaa Landsfolket, at dei sluttad seg til han i Mengd. Dette framstelte daa hans Modstandarar for Landsstjorni slik, at Hauge var ein landsfarleg Upviglar, endaa han var just det motsette. Og so vart han sett under Tiltale som ein Lovbrotsmann og sat i Fangeholet i 10 lange Aar fyrr Domen fall. Han hadde vigt si siste Kraft til aa vekkja aa fremja Folkets aandelege Liv, og so vart han slik medfaren av dei, som skulde vea Berarar av Aandslivet, endaa dei ikkje kunne prova, at han hadde lært rangt.
           
Naa! det var Prestarne og Kjeisermakti, som krosfeste Frelsaren, brende Huss og fordøme Luther. Tru desse Autoritetar mistek seg slik i vaare Dagar i denne Strid um Sanning og Gudstru.