[Stortinget...]

Stortinget hev med 75 mod 34 R. vedtekje eit Forslag av Sverdrup um at der skal avtakast eit Riksraads-Embette, som det i 1845 vart gjeve Pengar til det vart ei Umgjering av Departementi.
           
Dei 34 var Roll, Schrøder, Jebsen, F. Steen, Bruun, Helland, Aschehoug, Grimsgaard, Birkeland, Lambrechts, Fleischer, Krag, Furu, Bang, Soelberg, Flor, Rasch, Johanssen, Saxe, Blackstad, Hansen, Motzfelt, Andresen, Naur, Helliesen, Knudsen, Schiørn, Svendsen, I. Smitt, Essendrop, Bonnevie, Jenssen, Harbitz, Hille.
           
Burte var: Furulund, L. Smitt, Taraldsen, Dahl og Hirsch.
           
Av dei 34 røystar 2 (og 2 av dei 75: Bye og Berg) for eit Forslag av Motsfelt um aa gjeva Styret eit Lastord, avdi det ikkje fyrr hadde fengje gjort um Departementi, og 8 for eit liknande Forslag av Krag. Det var soleids berre 6 Mann, som var nøgde med Styret i denne Saki. Det var: Aschehoug, Birkeland, Lambrechts, Bang, Andresen, Knudsen. Selmer hev ikkje mange Vener att no.
           
I Pensjon fekk Byraasjef W. T. Lassen 1600 Kronor, Byraasjef P. I. Rogge 1700 Kr., Ekstraskrivar I. N. Dahl 600 Kr., Kopist Wichstrøm 1000 Kr., Høgsteretts-assessor Thomle 3200 Kr., Skrivar Abildgaard inkje noko, Skrivar Alsing 2000 Kr., Fut Vetlesen 2000 Kr., Tollkasserar A. Hansen 2200, Overtollbetjent Tonning 1500, Overtollbetjent O. Nielsen 1800, Overtollbetjent I. N. Blehr 1300, Undertollsbetjentarne L. Johannesen 1000, I. H. Lund 1000, H. M. Normann 1000, Tollrorskar O. Aanonsen 276, Fyrdiriktør Diriks 3200 Fyrvaktar F. T. C. Jacobsen 800, Jernvegsingeniør A. I. Petersen Ventepengar 3200, Adjunkt N. M. Aalholm 1000, Direktør O. A. R. Sandberg 4000, Lækjar Thoresen 1600, Kapteinvaktmeister H. Larsen 2000, Ritmeister C. C. Møller 1200, Armeintendant Stabel 3200, Tukthusportnar P. Nilsen 700, Matmeister Thoresen 800, Vaktmeistar N. H. Kirkemo 500 i Ventepengar, Opsynsbetjentarne C. M. Hansen 500, H. M. Jakobsen 500, O. K. Johannesen 500, G. T. Dokken 500, G. T O. Bakke 500, John Jensen 500, Ole Jacobsen 300 i Ventepengar, Fabrikassistent E.O. Glosimodt 600 i Ventepengar, Opsynskvinnor M. Johnson 300, L. K. Brenne 300, Enkjor Sofie Aas 200, Hanna Olsen 300, Portnar O. Nilsen 400, Opsynsbetjentarne Stenberg, H. Jensen og E. L. Frog 400 Kr. No idag vardet i Tinget framme ei Sak um Bevilling til Skars Krutverk, som vart gjort til ei politisk Sak: naar det ikkje vilde bevilga so var det mest avdi Selmer enno stend ved Roret. Livius Smitt var fælt arg for at det no rett vert Aalvor i Politikken, men Vinstre heldt godt i Hop: det stod mot 40, Gregersen var som vanlegt paa Høgresida, men Didriksen var til Venstre.