Hr. Asperheim og "Fedraheimen".

[Del 2 av 3. Første delen]
 
(G.)
 
(Fraa No. 7).
 
Naar Naturalismen er slik som det her fyrr er framstellt, so vil væl dei fleste skyna, kor mykje Meining der er i det Snakket, at Naturalismen er ukristeleg. Pastor Asperheim segjer tvo Gonger, at den naturalistiske Diktningi er i seg sjølv uhøveleg med Kristendomen; men naar han hev sett seg inn i Saki, vil han knapt segja det ein Gong til. Naturalismen er den æsthetistiske Teori, som gjeng ut paa, at Diktningi skal vera berre rein Kunst; er Naturalismen imot Kristendomen, so vil det segja, at Kunsten sjølv er imot Kristendomen, - og det meiner ikkje Pastor Asperheim. Ukristeleg Diktning finn me, naar me gjeng til some av Idealistarne 1) ; er ein Diktar Fritenkjar, og han so skriv paa idealistisk Maate dvs. skriv for aa forkynna sine personlege Meiningar, - so fær me ukristelege Diktningar. Men det bør daa ikkje Naturalismen hava Skuldi for.
           
Ein Ting for seg er det, at Naturalismen ofta ikkje held seg strengt etter sin eigen Lærdom. Det er ein vanskeleg Ting aa skriva naturalistisk. For det fyrste fordi Diktaren, som Asperheim segjer, hev Hjarta; det kann vera vondt endaa for ein Vitenskapsmann aa vera strengt objektiv alle Tider, og endaa verre er det naturlegvis for Diktaren, endaa um denne nokso mykje er berre Artist. For det andre fordi Diktaren maalar med Ord. Den, som maalar med Fargar elder Tonar, er ikkje so utsett for aa blanda seg sjølv inn i si Skildring; men den, som skal bruka Ord, vil tidt vera freistad til aa velja Ord, som høver med hans eigne Meiningar elder Kjenslur, endaa um dei kanskje ikkje er av dei, som best kunde maala Naturen. Zola sjølv klagar yver, at han ikkje kann vera heilt ut Naturalist; han er berre ein ustø Nyemning, segjer han, og det vil vara lengje enno, fyrr Skaldarne vert klaare og sterke nok til aa halda seg sjølve heilt utanfor sine Bilæte, og soleids kann det daa henda, at ein Naturalist, som er Fritenkjar, kann koma til aa skriva slik, at Ein ser, han er Fritenkjar. Men dersom han gjer det, so er det altso ikkje fordi han er Naturalist, men fordi han forbryt seg mot Naturalismen, fordi han med andre Ord, skriv idealistisk, og det bør altso helder ikkje Naturalismen hava Skuld fyre.
           
Aa segja, at Naturalistarne fornegtar det ideale, fordi dei i sin Kunst held seg strengt til Livet, det er paa Lag som aa segja, at dei nyare Maalarar fornegtar det guddomelege, fordi dei ikkje teiknar Jesus og Apostlarne av med Straalekransar um Haaret. Kva Pastor Asperheim meiner med dei høge Skikkelsar fraa ei usynleg Verd, som han finn hjaa Shakespeare, men ikkje hjaa Naturalistarne, er det ikkje so godt aa vita. Men naar han fortel oss, at Naturalistarne i si Skildring av Livet, gløymer dei Fyresyningar av desse høge Magter, som er infellt i vaar Natur, og som gjer seg til Herre yver vore Gjerningar, - so veit me ikkje onnor Raad enn aa beda Asperheim lesa nokre naturalistiske Diktarverk. Naar han hev gjort det, vil me beda Hr. Pastoren segja oss, um han finn, at det, som der hender, er heilt og sannt motiverat (underlagt med Grunnar); _ for er det det, ber Folk i Diktarverket seg aat som Folk i Livet, og gjer dei sine Gjerningar etter dei samme Grunnar, som Folk i Livet plar fylgja _, so meiner eg, me kann segja, at Diktaren ingenting hev gløymt, men at han i Sanning hev gjevet oss Livet som det er. Og daa hev Pastor Asperheim som godkjenner Realismen - ingen Ting aa segja.
           
Men segjer Asperheim, det er ingen av desse Naturalistarne, som hev skildrat med Medhug det serleg kristelege Livet, det maa daa vera nok til aa visa, at Naturalismen er ukristeleg! - Det er knapt nok til aa visa, at dei einskilde naturalistiske Diktarar er ukristelege. Ein Diktar, som skriv ei kristeleg elder ukristeleg Tendensdiktning, viser sig med det same aa ikkje vera Naturalist. Dersom ein kristeleg Diktar vil skildra eit kristelegt Liv naturalistisk, - so lyt han skildra det som det er, med alle sine Veilur og Lyte likso væl som med sine gode Sidur, _ og det kom an paa, um Pastor Asperheim vilde vera nøgd med det.
           
Dei kristne no um Dagen stend ikkje høgt i gudelegt Liv elder i gudeleg Eldhug, um me kann tru det, som vert sagt av visse kristelege Menn. Og um me vil døma etter den Kristendomen, som kjem fram offentleg _ _ Og det maa me hava Rett til, for av Frukterne skal Treet kjennast. Lat oss t. D. sjaa paa dei Prestar og andre heilage Menn, som slaast i Ugeskriftet elder Morgenbladet um Bispeval elder um andre kyrkjelege Ting; _ er dei so mykje meir kjærlege og forsonlege enn vanlege verdslege Kamphanar? kanndei so mykje betre aga sitt Sinne elder temja sin Munn? er dei friare for laage Mistankar, tek dei meir enn andre alt i den bedste Meining? For vanlegt Folk ser det nok ofta so ut, at der ikkje er annan Skilnad paa kristelege og verdslege Slaastkjempur, enn at dei fyrstnemnde brukar grovare Munn og er verre til aa døma enn dei andre. Elder lat oss tenkja paa det framifraa kristelege Bladet Fædrelandet! Elskar det sine Fiendar meir enn andre Blad? Kann det meir enn andre passa sin Munn elder styra sitt Sinne? Kor er det serlegt kristelege i Fædrelandets Forfyljing av Johan Sverdrup? Alt slikt, og meir til, maatte takast med i ei naturalistisk Skildring av den kristne no um Dagen, og det vilde ikkje taka seg godt ut, Hr. Pastor Asperheim!
           
Ein sann Naturalist vil skildra det kristelege Livet som alt annat Liv utan Medhug og utan Mothug. Det, han _ som Diktar bryr seg um, det er det artistiske ved Tingen, d. v. s.: han hev sin Hug i aa faa sandt og livande fram i Bilæte, det han hev valt seg til Emne. Det vil altso mest koma an paa dei Kristne sjølve, um dei skal taka seg godt elder daarlegt ut i eit naturalistiskt Dikt. For dei maa ikkje venta Medhug av Naturalisten i den Meining, at han skulde fuska i Skildringi elder ljuga dei betre, enn dei i Røyndi viser seg aa vera.
           
Hr. Asperheim reknar Kristian Elster med til Naturalistarne. Dette er no i seg sjølv so galet som det kann vera 2) . Men lat gaa! Lat oss finna oss i, at Kristian Elster i denne Samanhengen vert kallad Naturalist. No hev Kristian Elster i Farlige Folk skildrat oss ein Kristen, - den unge Frøken Vik. Eg vil beda Pastor Asperheim lesa den Skildringi. Og naar han hev gjort det, - vil han so segja oss, um den Skildringi er skrivi med Mothug elder Medhug? Det skulde vera svært forvitnelegt aa faa vita det. Og so fær Hr. Pastoren hugsa, at det er han sjølv, som hev reknat Elster med til Naturalistarne!
           
Eg hev aldri visst rettare enn at det var den gudelege Diktning, som hadde med aa skildra det aandelege Liv i Bøn og Tru, som Pastor Asperheim no vil hava Naturalistarne til aa fortelja oss um, og at den profane elder verdslege Diktningi hadde det naturlege Menneskeliv til sitt Emne, Gakk til Gøthe, Lessing, Schiller osfr.; gakk til Shakespeare, Byron, Walter Scott osfr.; gakk til Holberg, Øhlenschlæger, Heiberg osfr.; gakk til Wergeland, Bjørnson, Ibsen osfr., og eg kunde segja: gakk til Homer, Sofokles, Æschylos osfr., elder til Horats, Vergil, Ovid osfr.! og slik kunde Ein halda paa, so langt som Presten kunde fylgja, og endaa eit Stykkje til kanskje . . . gakk til alle desse gamle og godkjende Skaldarne, og sjaa kor mange Skildringar du der finn av Menn og Kvinnur, som trur paa Kristus og liver etter denne Trui, Folk, som bed til Gud og søkjer Trøst hjaa honom, Folk, som kjempar med seg sjølve, for at den kristelege Sanning kann faa Magt yver dei! Er det ikkje just det, som hev gjort Pietistarne so galne paa all verdsleg Diktning, at Skaldarne aldri skriv um Livet i Gud, men altid um Livet i Verdi? Vil kanskje Pastor Asperheim døma som Pietistarne? Vil han segja som so, at daa Gøthe, Schiller, Molière, Byron, Ølenschlæger, Wergeland osfr. osfr. ikkje skildrar det kristelege Liv i Gud og dette maa merkja oss, naar me skal døma . . . Diktningi og korleids ho stend til Kristendomen! - so er dei ikkje aaleine i seg sjølve ukristelege og forkastelege, so at ingen bør lesa dei, men so er og alle dei Blad, som forsvarar desse Skaldarne og deira Diktning, like eins forkastelege og fordømelege, ja reine Fritenkjarblad? Vil Pastor Asperheim tala slik, so vil han dermed for det fyrste fordøma alle dei gode gamle Bokmenn, som no gjeld for Autoritetar, for det andre vil han fordøma vaart Kyrkje- og Skulestyre, som læt Ungdomen i alle Skular lesa desse Skaldarne, og for det tridje vil han fordøma seg sjølv; for Hr. Pastor Asperheim godkjenner iallfall Shakespeare og dei, som han kallar Realistar! _
 
Eit litevetta upplyst og tenkjande Menneskje, skriv Pastor Asperheim paa Tal um Knut Holt i Elsters Farlige Folk, vil strakst kunna segja, at ein, som ber seg slik aat som Elsters Ovkar, anten er ein stor Tosk, elder ogso kjenner han seg bunden av høgre Magter, som han lyt vera lydig.
           
For det fyrste hev eg aldri fyrr høyrt ein Prest segja, at Religionen tvingar Folk aa fara aat som store Toskar. For det andre hev eg helder ikkje fyrr høyrt ein Prest segja, at det aa halda sitt Ord er aa fara aat som ein stor Tosk.
           
Naar ein Mann hev lovat ei Gjenta Ægteskap, og Gjenta krev, at han skal halda sin Lovnad, er det væl sjeldan nokon som finn, at Mannen gjer nokot moralskt Storverk, um han er ærleg nok til aa halda sitt Ord. For det meste vil væl Folk segja, at han ikkje hev gjort annat enn han var skyldig til aa gjera. I mange Land kann Gjenta tilmed tvingaKaren til aa halda sitt Ord; det er altso ikkje berre Moralen, men sjølve den turre Retten, som krevso mykje av eit vakset Mannfolk. Der trengst altso ingi høgre Magter til aa blanda seg inn i dette. Her i Landet er Retten væl ikkje so langt komen i dette Stykket som utanlands. Men me kann vera trygge paa, at det vert til det her og eingong, at Loven under Straff tvingar Ægteskapslovaren til aa halda sitt Ord.
           
At Knut Holt er so ærleg, at han held sitt Ord utan Lovens Tvang, det er godt og fagert. Men hev han dermed svingat seg upp paa Høgdi av den kristelege Moralen? Eg trur, Hr. Pastoren skulde tenkja seg litt betre um, fyrr han sagde so store Ord.
           
Skildringi um Knut Holt og den amerikanske Gjenta meiner eg og er usann; men eg trur Usanningi ligg paa ein annan Kant. Det usanne er, at Elster læt den halv-ville Gjenta elska paa ein slik Maate. Eit Kvinnfolk som ho vil ikkje gjera det. Ho vil ikkje leita fraa Lissabon til den norske Smaabyen gjenom tusund Eventyr og Hindringar etter Elskaren sin. Ho vil slaa seg til Ro fyrr. Men dersom slikt hende i Livet, so vilde ein ærleg Mann kristen elder ukristen _ maatte gjera som Knut Holt gjorde.
           
Skilnaden millom den kristne og den ukristne skulde i dette Tilfellet vera den, at den kristne gjorde sin Skyldnad med Gleda, fordi han tottest sjaa, at det so var Guds Vilje, men den ukristne skulde i dette Tilfellet vera den, at den kristne gjorde sin Skyldnad med Gleda, fordi han tottest sjaa, at det so var Guds Vilje, men den ukristne gjorde det med Uhug og Sorg. Hadde Knut Holt gjerne og gladelig bytt Kornelia Vik burt imot den amerikanske, berre fordi han sette si høgste Gleda i det aa gjera si Pligt, _ so kunde Pastor Asperheim ha sagt, at han hadde svingat seg upp paa Høgdi av den kristelege Moralen!
           
Um Knut Holt hev Fedrh. hellest sagt, at han var Fritenkjar, men ikkje moral-laus. So mykje maa det væl gaa an aa segja, - helst naar Ein i sjølve Livet ofta fær røyna, at der er Fritenkjarar, som ikkje er morallause. Naar Hr. Asperheim fortel, at det er lett aa sjaa, at Knut Holt hev Fedraheimens fulle Medhug, so er dette nokot, som Hr. Asperheim sjølv hev funnet ut, og som han sjølv fær forsvara.
                                               
( Meir.)
 
 
1) Altso til dei, som Asperheim vil kalla Realistar, og som han finn er dei serlegt kristelege i Motsetning til Naturalistarne.
 
2) Kanskje alle fritenkjande Diktarar heretter skal heita Naturalistar, liksom alle fritenkjande Vitenskapsmenn for ei Tid sidan maatte heita Positivistar. Det er so underlegt med den Halvkulturen!