Norske By- og Bygdenomn m. m.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Slutten.)
 
Me hava paavist i det fyrre Stykkjet, at det heve full Grunn og Rett aa taka upp att det gamle gode Namnet Oslo for Kristiania. Dei kann soleis ogso kalla Fjorden Oslofjordenelder Foldi. Og so kann Stiftet heita OsloStift, elder OsloBispedøme.
           
Ikkje so godt er det aa finna gode norske Nomn paa alle andre Byar med laake Nomn. Fredrikstad var grunnlagd under slike Tilhøve, at det kann ikkje minnast med Gleda. Det var tvo Stakkarar, som var Kongar i Danmark med Norig (Frederik II) og i Sverike (Eirik XIV). Baae vilde hava 3 Krunor i Vaapnet sitt, og um slikt Skrap spann det seg upp ein stor Ufred, Sjauaars-Ufreden. Daa vart Sarpsborg brend av Svenskom (1567). Daa let Fredrik II byggja upp Fredrikstad og kalla det etter Namnet sit. Sidan ogso Halden i 1665 av Fredrik III vart kallad Fredrikshall, verta lett Nomni paa dessa tvo Byom mistekne, det eine for det andre, sidan dei liggja so nær innpaa einannan. Men her kann me no taka upp att det gamle Namn Hallenfor Fredrikshall. Dette er enno i Bruk paa mange Stader. Festningi Fredriksten kunde heita Hallens Festning, Vil me hava eit nytt Namn paa Fredrikstad, so kunde det heita Glaamestad, elder Glaamos. etter Glaama, elder Glømenstad etter Bygdi der umkring som heiter Glømen (gammelnorsk: Glymheimr, no skrivet Glemminge). Med Kristianssand og Kristianssund er det likaeins; desse Nomni kunna lett verta umbytte med einannan. Me hugsa paa, kvat Stortjuven Gjest Baardson fortel, at han ein Gong fekk fat paa eit Pass for ein Mann som skulde til Kristianssund. Gjest gjorde Kristianssund til Kristianssand og reiste so dit med Passet. Kristianssand vart grundad 1641 av Kristian IV og likesom Kristiania kallad etter honom. Fyrr var det kallad Sanden. Namnet Kristianssand er langt og tungt og er ulagelegt paa mange Maatar likesom dei andre Nomn etter Einvalds-Kóngom. Likesom Prestegjeldet tett ved heiter Oternes etter Elvi Otra, soleis kunde Byen kallast Otersand elder Oteros.. Stiftet kunde heita etter Staden elder med sit gamle Namn Stavanger-Stift. Kristianssund heitte Lille-Fosen elder Fosund (Fosensund?) fyrr det fekk Kaupstadrett 1742 av Kristian VI og vart kallad etter hans Namn. Det kunde no kallast Fosensund, istadenfor det lange tunge Namn, det no heve. Fredriksvern kann kallast med sit andre brukelege Namn Stavern. Um vaare andre Bynomn er ikkje vidare noko aa segja. Aa taka upp Bjørgvin for Bergen og Nidaros for Trondheim trengst ikkje, daa ogso dei Nomn, som no brukast, era gamle. Tromsø er ikkje godt Namn; betre er det gamle Troms, som enno brukast av Aalmugen.             Ordet Stifter framandt (Tysk), Bispedømekunde brukast i Staden. Men det er nokot lengre enn Stift, som er stutt og lett, og difyr kann brukast. Likeeins er Amt framand og tyder paa tysk ikkje noko annat enn Embætte. Amtmann er so ikkje noko annat enn berre ein Embætsman. Difyr vøre det betre aa nytta det gamle Ordet Fylkje. Det vart brukt i det gamle um Landskap av mykje ulik Storleik. I Trøndelagi var det soleis 8 Fylkje, endaa var ikkje Nordmør, Romsdal og Fosen og ikkje Namdal med. Men heile Landet fraa Aai Sira til um Lag ved Kraakerøy var berre eit Fylkje, Egdafylkje. Vil dei no bruka Fylkje for Amt, so kann Amtmann verta kallad Fylkjesmann. Ordet Fylkje er no kjend i Landskapsnamnet Ryfylkje og i Fylkjesbygdi (Hafslo) i Sogn i Bergens Stift.
           
Stygge og framande era alle Nemningar, som enda paa ri elder i. Dei bør me sjaa til aa faa sopa burt, soleis skriva istadenfor Fogderi Fautedøme, istadenfor Sorenskriveri Skrivardøme og istadenfor Provsti Provastdøme.
           
Nomni paa Amtom elder Fylkjom era væl for det meste uppkomne av norsk Rot. Men dei fleste era laake og tyda sjeldan rett, kva dei skal tyda. Anti era dei tekne av ei einstaka Bygd i Fylkjet, som ikkje er den største Lut av Fylkjet, so som Hedemarkens Amt, Romsdals Amt, elder era dei tekne av Festningar, so som Akershus Amt, Søndre og Nordre Bergenhus Amter, elder ogso av sume Gardar i Amtet, so som Buskeruds Amt, Bratsbergs Amt, Nedenæs Amt, elder av sume Byar, so som Stavanger Amt, Tromsø Amt elder endeleg hava dei tvifalde Nomn, so som Jarlsberg og Larviks Amt, Lister og Mandals Amt. Professor Munch heve greidt ut dette mykje godt i eit Stykkje, som er prentat etter hans Daude i Nyt norsk Tidsskrift. Han uttalar der den rimelege Tanken, at det maatte vera best, um kvart Amt elder Fylkje hadde eit Namn, som kunde tyda heile Amtet so, at naar ein segjer, at ein er fraa det og det Amtet elder bur der, at ein ikkje treng kvar Gong aa leggja til Ordet Amt. Ein kan soleis no tala um Stortingsmennerne fraa Nordland, men ikkje um Stortingsmennerne fraa Hedemarken, elder fraa Stavanger utan aa leggja til Amt.
           
Det eldste Namn paa SmaalenenesAmt var Vingulmark; sidan vart Borgesysla brukt, og det vert au nyttat endaa, so som nedre, mellem og øvre Borgesyssels Provsti; men det beste Namnet vil vera aa kalla Amtet Austfold. Det ligg paa Austsida av Foldi, og Folket der vert kallat Austfollingarav Folk paa Tunsbergkanten. Namnet Austfoldskal ogso finnast i gamle Brevskap. Smaalenene er ikkje noko godt Namn. Det er eit sams Namn paa fleire smaa Forleningar til Adelsmennar, og det er no ikkje lenger nokor Meining i det.
           
Det gamle Namn paa Jarlsberg og Larviks Amt var Vestfold, daa det ligg paa Vestsida av Foldi. Umkring Dramn kalla dei enno Folket utyver umkring Holmestrand, Horten o. s. v. Vestfollingar. Og i Numedal kalla dei Folket der i Jarlsberg og Larviks Amt Utfoldingar. Vestfold vert soleis det beste Namnet paa dette Amtet. Med det slapp me bruka det tvifalde Namnet, det no heve. Jarlsberg og Larviks Amt er eit tungt og ulagelegt Namn. Det kjem af Herregarden Jarlsberg og Byen Larvik, som sidan gav baae dei Greivskapom Nomn; og dette tvifalde Namnet høver illa til det heile Fylkje.
           
Det lagleglaste Nomnet paa Akershus Amt vert aa kalla det Romerikje, daa dette Bygdelaget er Mesteparten av Amtet. Det tek seg ikkje godt ut aa nemna heile Fylkje etter Festningi Akershus.
           
Hedemarkens Amt heve væl Namn etter ei av dei gildaste Bygdom i Amtet. Men det kunde med like so god Rett verta kallat til Dømes Øysterdalens Amt. Daa det høyrer til dei gamle Upplond, og var ein Lut av det store Upplands Amtet til Skilnaden i 1781, er det best no aa kalla det Aust-Uppland. So heve det millom aat voret kallat i vaare Dagar baade i fleire Jordbeskrivingar og av Wergeland og andre.
           
Namnet Kristians Amt heve ingen rett og rimeleg Grunn, Det fekk det Namnet ved Skilnaden ifraa Aust-Uppland 1781 og vart kallad Kristians Amt, kannhende etter Kongen Kristian VII. Av same Grunn som er nemnd ovanfyre, der Tala var um Hedemarkens Amt, maa det vera rettast no aa kalla Kristians Amt Vest-Uppland.
           
Buskeruds Amt heve Namn etter den gamle Herregarden Buskerud paa Modom ovanfyr Dramn. Dette er eit klent Namn paa heile Amtet. Det er vandt aa finna eit betre Namn paa dette Amt enn Sør-Uppland. Dei fleste Bygdar i Amtet høyra ogso til dei gamle Upplond og liggja langt upp fraa Sjøen, endaa ei tvo tri Prestegjeld i Amtet ogso naa ut til Sjøen.
           
Like so ulagelegt Namn er BratsbergAmt kallat etter Garden Brattsberg ved Skien. Daa Øvre- og Nedre-Telamarki era dei største Luter av Amtet, maa det no vera best aa kalla det heile Telamarki.
           
Like eins er NedenæsAmt kallat etter ein gamal Gard, Nedenæs, ved Arndal. Detta Namn er difyr likeso klent. Daa detta Amt er øystre Luten av det gamle Agder, er det no rettast aa kalla det Aust-Agder. Dette heve god Grunn for seg. I Telemarki kalla dei enno Egder Folket fraa Nedenæs og fraa Lister og Mandals Amtom. Ogso hava dei i nyare Tider kallat Sjøbygderne i desse Amtom Agdesida.
           
Namnet paa Listerog Mandals Amt er tvifalt, framifraa laakt og ulagelegt. Lista er ei liti Landremsa ut med Havet, og Mandal er ein liten By inni Amtet. Amtet borde heita Vest-Agder av dei same Grunnar, som er framhaldet ovanfyr, da Tala var um Nedenæs Amt.
           
StavangerAmt heve ikkje det laakaste Namn. Det er etter den største Byen i Amtet, som ligg rundt ikring den. Men betre er det og taka upp att Landskapets gamle Namn Rogaland.
           
Søndre Bergenhus Amt borde kallast Hordaland. Dette var Landskapets gamle Namn, og det brukast enno i Sønd- og Nordhordland, og Folket der, som ellest kallast Strilar, vert enno kallad Hordar paa Voss og i Sogn og fleire Stader. No vert væl ikkje Voss og Hardanger reiknad med til Hordaland. Men me fær hugsa paa, at Hardanger ikkje tyder nokot annat enn Hordarnes Fjord. Og Hardenger, som vert brukat um Folk fraa Hardanger, tyder soleis mest det sama som Hordar.
           
Nordre Bergenhus Amt heve eit ulagelegt Namn. Festningi Bergenhus ligg langt utanfor Amtet. Men her er det vandt aa finna eit rett laglegt Namn, daa Amtet heve tvo nokot nær like store Luter, Sogn og Sunn-og Nordfjord, og Folket i den eine Luten vert kallat med sit gamle Namn Sygner, og i Fjordom med det gamle Nomn Fyrder paa Sunnmør og paa fleire Stader. Daa Fjordarne er den største Luten og daa Sogn ogso er den største av alle Fjordom i heile Landet, kunde det vera lagelegast aa kalla heile Amtet Fjordarne. Vil dei helder her bruka det tvifelde Namn, so fær dei kalla det Sogn og Fjordarne, um det ikkje tek seg godt ut, avdi Sogn ogso er ein Fjord.
           
Namnet paa Romsdals Amt er ikkje godt, daa Romsdalen nærmast berre er eit einaste Prestegjeld, Gryten, og um me no taka med heile Romsdals Fautedøme, so er det berre den minste Luten i Fylkjet. Betre er det aa bruka det gamle Namn Møre, daa Bygdarne Sunnmør og Nordmør era dei største, og Folket der enno kallas Mørerelder Møringar.
           
Syndre Trondheimsog Nordre TrondheimsAmter hava væl gode Nomn, daa Landskapet i gamal Tid heitte Trandheim. Men daa det Namnet no brukast berre um Byen, var det betre aa bruka dei gamle Nomn og kalla Søndre Tr. Amt Uttrøndelagi, daa det ligg ut med Fjorden, og nørdre Tr. Amt Inntrøndelagi, daa det ligg innst kringum Fjorden.
           
Um Namnet paa Nordlands Amt er ikkje nokot aa segja. Dei kunde væl taka i Bruk att det gamle Haalogaland; men det heve det imot seg, at berre ein Lut av Amtet no vert kallat Helgeland, og at det gamle Haalogaland var nokot meir enn heile Nordlands Amt no er.
           
TromsøAmt borde helder heita Senja etter den største Øy og dei største Bygdom inni Amtet, elder ogso kannhenda med det tvifalde Namn Senja og Troms.
           
Um Namnet paa Finmarkens Amt er inkje aa merkja, det maa heita Finnmarki.
           
Me skal her stella saman desse Bygde- og Bynomn, som me hava umrødt, soleis:
 
Kristiania = Oslo.
Fredrikshall = Hallen.
Fredrikstad = Glaamestad? Glaamos?
Fredriksvern = Stavern.
Kristianssand = Otersand? Oteros?
Kristianssund = Fosensund,
 
 
Smaalenenes Amt = Austfold
Jarlsberg og Larviks = Vestfold.
Akershus - = Romerikje.
Hedemarkens - = Aust-Uppland.
Kristians           - = Vest-Uppland.
Buskeruds         - = Sør-Uppland.
Bratsbergs        - = Telamarki.
Nedenæs          - = Aust-Agder.
Lister og Mandals - = Vest-Agder.
Stavanger          - = Rogaland.
Syndre Bergenhus - = Hordaland.
Nordre Bergenhus - = Fjordarne (Sogn og Fjordarne.)
Romsdals          - = Møre
Syndre Trondheims - = Uttrøndelagi.
Nordlands         - = Nordland. (Haalogaland).
Tromsø             - = Senja (Senja og Troms),
Finmarkens       - = Finnmarki.