Den ville Rosa hell Speiaren.

[Del 3 av 6. Første delen]
 
Forteljing fraa Amerika av Mabel Frothingham.
 
2. Stykkje.
 
Eg talar med Sydney.
 
Kva er tids, Tom? spurde ho. Kvifor ser du so aalvorsleg ut, og vil kje svara?
           
Avdi, svara eg, i ein Tone liksom eg ikkje vilde støkkja ho, det er ein aalvorleg Grunn fyr mi Ferd til Fureskogarne.
           
Tom, ropte ho, seig attende og saag ut til aa vilja uvita fyr Rædsla, du maa kje segja, at du hev veike Lungor, du maa kje.
           
Eg vart tvihuga med det same. Skulde eg halda fram med dette Paafunde, hell skulde eg gjeva uppe baade mi Skogferd og min Sjukje i Lungorne?
           
Men nei, det siste hadde eg kje Mot til. Eg vilde staa ved det, eg alt hadde sagt, og eg vilde koma atte fraa Skogjen som ein, som hadde vorte frisk ved dess lækjande Eigjenskaper.
           
Naar Sydney kom i Hug dette, vilde ho gladeleg forlaata mi Einvisa og vælsigna den Dagjen, eg reiste til denna helsesame Skogjen.
           
Med desse Tankarne for gjenom Hovude mitt, venta Sydney uroleg paa Svar.
           
Eg gav meg eit lett Slag paa Bringa: Skulde eg forlata Gjenta mi hellest? sae eg og saag so so sorgalt inn i dei medynksame Augo hennar.
           
Daa Sydney fekk dette Svare, hadde ho Lumedukjen upp til Augo og saag ut til reint aa smelta i Taarer.
           
Aa, hiksta ho attum Lumedukjen, dette er fælt! Eg kann kje bera det. Aa, kvifor hev du kje tala um det fyrr, Tom?
           
Hyss! sae eg, dette maa vera løynt for alle utan deg. Eg hev kje tala um det korkje til Nelly hell til Farbror. Eg vilde mykje helder faa last-ord av dei enn knysja Hjarto deira. Men fyr deg, Sydney, hev eg ingi Løyndomar du hev Rett til aa vita alt som skil meg, endaa eg meiner eg vilde ha tagt um det framleides, hadde det vore mogelegt.
           
Sydney kom med ein liten kjøvd Snykt, daa eg slutta, og syntest ikkje ha Lyst til aa koma fram fraa sitt Tilhald attum Lumedukjen.
           
Snilde du, sae eg, og tok baae Hendarne hennar, tak kje dette so til Hjarta, eg naudbed deg. Den som veit, kva den helsesame Lufti i ein
           
Aa Tom, Tom, tok Sydney fram-i, Hjarta mitt vil sprekka ved Tankjen um Faare fyr deg um mitt Tap, fyst du skulde falla burt.
           
Nei, nei, sae eg, og vilde stogga ho, sjaa kje Saki fraa den myrke Sida, sjaa ho fraa den ljose.
           
Eg kann kje, Tom. Me vil ofra vaare Ynskje fyr dine me vil gjeva upp Sjøen og vera med deg til Skogarne.
           
Ho slepte ned Lumedukjen, med ho tala, og synte fram eit Par oveleg raude Augo og ein Rose-knupp av ein Munn, som bar Merkje paa ei Sorg, som ho strævde hardt med aa stilla.
           
I alle Fall trudde eg den Gongi det var Sorg, men hadde eg visst um eit Samtal, ho hadde haft med Nelly. Syskinbarne mitt, Kvelden fyreaat, vilde eg haft sterke Tvilsmaal um det, og ha merka, at den Uroi Sydney viste ved dette Tilfelle, likna kjøvd Kaatleik likso mykje som Sorg. Men eg mistrudde ikkje, og vart svært kjus, daa ho saes vilja vera med meg, naar eg just vilde finna den største Fridomen.
           
Aldri, aldri, ropte eg, med same eg fekk atte Maale. Eg kunne kje løyva slik ei Ofring; det er kje til aa tenkja paa ein Augneblink.
           
Kjære Tom, det vil kje vera nokor Ofring, segjer ho med sit mildaste Mæle, og so er det mi Plikt umfram. Seg kje meir, eg hev sett meg det fast fyre.
           
Det hadde eg med sett meg fyre, at Sydney ikkje skulde faa fullført sitt galne Paafund.         
Men tenk etter, sae eg etter ei stutt Togn, all den Møda du kjem til aa faa.
           
Eg hev tenkt etter det, svara ho skjott. Ingi Mødor vil avstyggja meg fraa aa vaka yve di kostasame Helsa, kjære Tom.
           
Eg sukka og sae med meg sjølv: Dette er for mykje av det gode svært smeikjande, men fælt ulaglegt, og kva Pokkeren skal eg gjera, um ho held fram?
           
I Millomtidi sae ho: Fyst Angjen av Fureskogjen er naudsynleg, til at du skal faa atte Helsa, - du ser hellest svært frisk ut so vil eg ikkje segja noko til aa telja deg ifraa aa reisa dit, men eg reiser med.
           
Utan anna Fylgje? raut eg.
           
Nei daa, Mor vert med, kann du daa vita.
           
Sydney, svara eg aalvorsleg, er det rett, er det snildt aa beda ho um aa gjeva upp sine Fyremaal gjera upp atte alle sine Tilstellingar berre fyrr ei Luna av deg?
           
Luna! Aa Tom, kjære Tom, kallar du min Otte fyr deg ei Luna? spurde ho, og løynde Hovude i Lumedukjen atte, og lae til, med halv-kjøvt Mæle, at eg ikkje elska ho at ho greidt kunne sjaa, eg aldri hadde elska ho, aa! ho var ei ulukkeleg Gjenta, og ynskte, ho var daud.
           
Eg tok ho i mine Armar og svor ved alle Gudarne at eg elska ho, og ingi utan ho at eg elska ho til Vitløysa. So prøvde eg aa kyssa burt Taarerne hennar, men Lumedukjen kom i Vegjen, og eg kysste eit av dei naudfine Øyro hennar.
           
Daa dette var gjort, høyrde eg eit snurklande Læte i Halsen hennar, som let mest som Laatt, men eg mistok meg, maavita eg tenkte so daa i alle Fall, og litt etteraat au, daa ho tok burt Hendarne og synte fram eit Andlit, som var heilt raudt av Rørsla, og der var verkelege Taarer i hennar fagre Augo.
                                   
( Meir.)