[Notisar]

Kristiania, den 3dje Februar.
 
Stortinget hev valt Embettesmenner atter. Dei same vart valde som til Umframs-Tinget, utan at Qvam i Lagtinget vart Varapræsident i Staden for J. Smitt og O. Nilsen Skrivar i Odelstinget i Staden for Skattebøl. I Valkomiteen vart og innvalde dei same, men Havig, som no er komen til Tings atte, kom inn i Staden for Qvam. Havig fik 64 R., Krogh 62, J. Smitt 61, men Qvam berre 59.
           
L. Skrefsrud kjem snart her til Landet atter. Er det nokon Stad dei vil hørya honom, maa dei so snart som mogeleg melda det til Santalkomiteen i Kristiania.
 
           
Frithjof Foss og Constantins Flood søker Stortinget um Forfattarløn.
 
           
Ekspedisjons-Sjef N. Hertzberg vart Riksraad for Kyrkjestellet vaart etter R. T. Nissen.
 
           
I Danmark vert some Høgremenner og misnøgd med Styre, soleids hev Klein, som fyrr hev vore Riksraad, tekje kvasst paa Estrup.
           
 
Den gamle Handelsavgjerdi med Franrike er fornya i 3 Maanadar. Dei hev ikkje Tid til aa faa i Stand den nye i Frankrike no.
 
           
Freyceinet er no vorten Formann for det franske Styre atter. Han stend for Utanriks-Stellet, Leon Say er Riksraad for Pengestellet, J. Ferry for Undervisnings-Stellet, Goblet for det indre Stellet, Humbert for Rettsstellet, Billot for Hærstellet, Varroy for Arbeidet, Tirard for Handelen, Cochery (som er den einaste, som var med Gambetta, som og er med no) for Post og Telegraf.