Til "Fedraheimen"s Redaktør!

Det stend i siste No. av Bladet Dykkar: Hr. Pastor Asperheim bad os i Stykket sit ifjor um, at me skulde gjeva Fedraheimen eit nyt Program, soleis at Bladet attaat det nasjonale og politiske Stræv tok up det religiøse Spursmaalet. Eg lyt dertil svara, at slikt nokot hev eg aldri meint. Eg trur helder inkje, at eg hev sagt det. De lyt daa fyrst syna os, korhelst eg hev sagt det. Eg minnad um, at Fedraheimen sjølv hadde sett det up som sit Program aa vera eit nasjonalt-politisk Blad paa kristeleg Grunn. Eg tvilad, um Bladet hadde haldet seg etter det Programmet, og eg freistad paa aa greia ut, kvifyr eg meinte det, og so bad eg Bladet segja fraa, um det heldt fast ved det fyrste Programme sit elder inkje.
           
Bladet meinar, at det inkje vilde vera nokor Mun i aa gjera som eg sa. Det kan so vera det, men Bladet hev no inkje stor Røynsla i den Vegen. So tidleg som i 1878 helt Bladet paa aa verta kalt. Styraren sa daa i Ettermælet til P. Hærem, at han inkje var stød um, at det humane (menneskelege) og det kristelege samhøvde. Aa segja slikt var halvt aa gjeva Programmet upp. Bladet skulde inkje so tidleg hava freistat oss til Tvilsmaal um, at det helt sit Program fast; so kunde me no betre døma um Framgangen, det vilde haft etter Programmet. Eg tykkjest sjaa, at Fedraheimen sjølv ikkje hev godt fyr aa greia denne Saki. Kristendomen hev voret fredlyst i Bladet, segjer det; Fritenkjarar faar aldri Lov til aa skriva mot Kristendomen der, segjer det. Kot skal me daa segja um Diktet Livsnjoting, er daa inkje det helder mot Kristendomen? Meinar Bladet, at det inkje hev gjevet Lov til aa skriva beint fram mot Kristendomen, so gjev eg Bladet Rett i det; men so kjem me i Hug det, at Fedraheimen nok fyrr hev sagt, at ogso Positivismen er mykjet snil med den gamle Gubben og difyr vil lata han sjølvdøy. Difyr kann ein inkje godt lita seg med det, at Bladet inkje tek til aa gjeva Kristendomen vonde Ord; det lyt ogso halda burte det, som i seg sjølv er Kristendomen imot, um det vil staa paa kristeleg Grunn. Dette meinte eg, og dette trur eg, eg sa i Stykket mit. Eg lyt beda Bladet um aa taka inn dette.
                       
Vyrdnadsfullt
O. Asperheim.