Norske By- og Bygdenomn m. m.

[Del 1 av 2]
 
Etterkvart som det norske Folket finn att seg sjølv og kjem seg til betre og betre aa staa paa eigne Føtar, vil det ogso setja best Verd paa sine eigne gamle By.- og Bygdenomn og halda dei for dei beste, og derimot smaatt um Senn driva ut dei framande Langfantarne, som era komne inn utanifraa. So lengje Folket held paa desse, gjev det aa kjenna, at det mæter mykje meir det framande, som nokot gildare, enn sitt eigjet, og det er eit stort Lyte. Korleis kann den verta vyrd og meten av andre, som mismæter seg sjølv og sitt eigjet? Og leidaste era alle dei Nomni, som era komne inn ved Magtbod av Eineveldes-Kongom. Dei Nomni era eit gamalt Trælemerkje, som heng paa Landet, og som minner oss um vaar Vesaldom, daa dei klene laake Kongarne av den oldenborgske Ætti styrde Landet etter sine Lunor, saug ut Mergen or Landet, forsømde aa hjelpa upp Landsens Næringsvegjer, selde Folket sit til Kanonføda i framande Strider og meire slikt. Me maa vona, at etterkvart, som Minni fraa Eineveldestidi fær mindre Makt, vil det falla betre i Ljoset for den yngre friske Ætti, at det er ei Skam aa halda paa desse Nomn etter Kongom. Det er Merkje paa det i vaare Dagar, at den Tidi kjem. Dei hava gjevet ymise Stader Nomn etter Kongom i vaare Dagar au, men det gjeng ikkje. Oskar I minnast me alle som ein godog snill Konge. Han vilde, at Kaholmens Festning skulde kallast Oskarsborg. Men kven brukar det Namnet no utanfor den departementale Stil? Festningen vert nog kallad Kaholmen som fyrr. Likeins er det med Karl-Johansvern istadenfor Horten. Dei segja nog Hortens Verv utanfor det, som kjem fraa Regjeringi. Annorleis er det med dei eldre Nomn etter dei oldenborgske Kongom. Desse Nomni era slegne so fast inn, at Folk maa vakna rett upp til Sjølvkjensla, fyrr dei kann faa deim burt.
           
Det laakaste av alle desse Nomni er Namnet paa Norigs Hovudstad, Kristiania. Korleis ein skodar dette Nomnet, so tek det seg vesalt ut. Det er langt og slæpande. Det heve ein so framand, unorsk Klang, som det væl er mogelegt. Difyr heve det altid voret umbrøytt av Aalmogen, som kallar Byen Kristian, likeins som dei i Danmark hava umbrøytt Fredericia til Frederis. Vaar lærde Professor Munch kallar Namnet halvbarisk; eg meiner han kunde talat reint ut og kallat det heilt barbarisk. Hadde det voret Kristiania, so kunde dei sagt, at det var eit latinsk Tillægs- Ord med eit tenkt Hovudord til, som det latinske Urbs (Stad) eller nokot, som liknar det. Men slik Ordlagning som Kristiania av Mannsnamnet Kristian, det heve alle Tider kallast Barbarismer elder Vanskapnader. Det er soleis mange Uting ved dette Stadsnamnet. Men enno hava me ikkje umtalat det verste og skamlegaste, og det er Upphavet til Namnet. Er ikkje Namnet etter den store, ovgilde Kongen Kristian IV? Og er so ikkje det godt nog? spyr du væl. Lat os sjaa paa det! Det meste av gamle Staden Oslo, som var grundad av den gamle Kongen Harald Hardraade (ved 1050), var øydelagt ved en Skadeld. Borgararne i Oslo gav inn eit Bønskrift til Kongen Kristian IV um Hjelp til aa byggja uppatt Huse sine. Nei, so menn, dei fingo ingi Hjelp; men dei fingo det, som var endaa verre; dei fingo eit mykje unaadigt Brev, at dei fekk skunda seg med aa byggja upp at Staden sjølve, men ikkje paa sine gamle Tufter, - det vart forbodet deim under stor Straff men paa andre Sida av Akerselvi i Akershagen, der hvor vi have anlagt den nye Stad og kaldt den naadigst efter vort høje Navn Christiania, lyder det i Kongebrevet. Soleis kunde Kongarne gjera det i dei Dagom. Det, dei peikte paa, det maatte verta gjort. Soleis er Namnet Kristiania eit av dei styggaste Trælemerki, som me endaa hava i Landet. Ja, men det Namnet minner oss daa um ein gild Konge, vil dei segja. Var han slik ovgild Konge Kristian IV? Han heve væl altid voret halden for det, so lengje Einveldesmagti laag som ei Mara yver alt, ogso yver den historiske Vitenskapen, og ingjen fekk Lov til aa skriva elder prenta nokot annat enn Lovord um dei framfarne Kongarne, kor mykje vondt dei kunde hava gjort. Men det gjeng annorleis til i vaare Dagar. Folket fær Lov til aa skriva og prenta det, som er sant, naar det ikkje gjeng for nær deim, som enno liva og sitja inne med Magti. Og so grava dei fram alle gamle Brev og andre Skrifter, og so kjem det upp mykje stygt og laakt um fleire av dei gamle Kongarne, og daa sjaa me, at Kristian IV ikkje var stort likare enn dei andre. Men han hadde den Lukka, at han styrde lengje; han vart Konge alt som Barn under gode Formyndarar, og naar ein skal Armodi rosa, so var han væl betre Konge enn mange av dei andre av sama Ætti baade fyrr og seinare. Men me hava hans Faakunna og hans Ovundskap mot Sverik aa takka for, at Norig miste Jamtland og Herjedalen. Men var det ikkje gagnlegare, at Staden Kristiania vart lagd paa den flate Vestsida aat Elvi, enn der burti Oslo? Kann henda, det var betre. Men hadde Borgararne i Oslo fengjet Lov til aa stella seg sjølve, og Byen hadde vakset, so vilde den væl hava funnet Vegen yver Elvi like mykjet. Det trengst ikkje Kongebod til slikt i vaareDagar. Men ingjen skal segja, at Kristiania voks seg stor under Einveldet. Den vart grundad 1624, og mest 200 Aar etter (i 1814), hadde den væl paa Lag 10000 Menne. Men sidan i vaar Fridoms Tid heve den fengjet yver 10 Gonger so mange Folk. - Men um me klandra Kristian IV for, at han ikkje helt meir fast paa vaar gamle Stad Oslo, men vilde øydeleggja den reint i Grunn og setja Kristiania etter sit eigjet Namn i Staden, lat os sjaa etter, um ikke Hugen er den same i vaare Dagar paa høgre Stader. Me minnast, korleis det nyleg heve gjenget til. I Oslo var det att Bispegarden og Hospitalet med den gamle vesle Kyrkja. Men Staden Kristiania voks ivaare Dagar so, at Forstaden Grønland grodde saman med Oslo. Det vart lagat til ei Sokn av Grønland og Oslo, som skulde heita Grønlands Sokn. Daa Professoren Munch kom heim- atter fraa Rom og fekk vita det, spurde han strakst: Vilja dei øydeleggja Oslo no? Men no er daa endeleg Byen voksen so stor, at det ogso er ei Oslo Sokn. Men verst var det, at dei hava haldet paa aa øydeleggja dei siste gamle Leivningarne av Oslo i vaare Dagar og med det dei siste Merkje her i Hovudstaden etter den gamle Tidi. I andre Land, som Sverik og Danmark, halda dei i stor Vyrdnad sine gamle Bygnader. Men so hava dei ikkje gjort her i Norigs Hovudstad. I Bispen Arups Tid var det Tala um aa selja gamle Bispegarden i Oslo og byggja upp ein ny i Homansbyen. Men Folk, som setja Pris paa dei faae Leivningarne me hava fraa vaar gamle Stortid, dei lagde fram Meiningarne sine i Bladom, og Saki vart gjevi upp daa. Men so døydde ei Gong gamle Arup. Essendrop var daa Kyrkjestatsraad, men vilde verta Bisp etter Arup. Men bu uti den gamle Bispegarden i Oslo imillom Skiparar ogandre Smaafolk, det totte han ikkje um. Og fyrr han vart Bisp fekk han so Kongen til aa paabjoda, at gamle Bispegarden i Oslo skulde verta seld. So litet meta dei hervaare Fornminne. Det er grøtelegt at vaare Statsraader kann hava solitet Fedrelandshug og so mykje Faakunna. Men til all Lukka lagde Storthinget seg imillom her. Detfannst Menn der, som skynad Tingen betre enn Kongens Raadgjevarar. Deifann, at det vilde voret Skam aa øydeleggja det, som so lengje heve stadet til eit Minne um Forfederne vaare. Og so fekk dei stansat denne Seljings Avgjerdi. Storthinget vil faa Takk og Æra for, at dei her lagde seg imillom. Men dei vil ingi Æra faa dei, som raada Kongen til gagnlause elder skadelege Avgjerder.
           
Men so lengje det hjaa vaare Storfolk er so lite Agt og Æra for vaare gamle gode Ættemerkje, som det var hjaa deim, som raadde Kongen til aa selja gamle Bispegarden, so lengje tor me ikkje vona, at dei vil skjemmast av vaart Hovudstadsnamn. Men me fær tru, at den Tid vil koma vonom snarare, at dei finna, at dette Namn er leidt paa mange Maatar, og at dei vil taka i Bruk att det gode gamle Namnet Oslo. Det heve no full historisk Rett. Det heve altid voret ein Forstad, som dei kallade Oslo (elder Gamlebyen), og den er no vaksen i Hop med heile Byen. Og det er soleis no Byens gamle Namn. Det vilde væl ganga for seg, aa setja Oslo istadenfor Kristiania som Prentestad paa Bøkar og Blad o. s. v.
                                               
Meir.