[Notisar]

Kristiania, den 27de Januar.
 
I Frankrike er Folk mykje uppøst no. Fyrst er det det Forslage til Grunnlovs-Umbrigding, som Gambetta hev lagt fram, og som dei enno ikkje veit, korleids det gjeng med. Baade han og hine Ministrarne vil taka Avskil, um Forslaget ikkje vert vedtekje.
           
So er det myki Ugreide i Bankarne. Lutbrevi til Sueskanalen hadde Spekulantar i 1881 drive upp mang-dubbelt mot det som stend i deim (500 Fr.). No rauk det, ein som hadde give 300 Fr. for Breve, hadde skruva Prisen upp til 3500 og baud no fram 60,000 Brev. Ingen vilde kaupa, alle vilde selja. Og so fall Prisen ned baade paa deim og paa andre Bankbrev, serleg den klerikale Legitimist Bontoux stend fyre. Denne Bontoux er det mest som hev valde heile Ulukka. Mange hev lide store Tap. Sueskanalen hev tapt kring 800 Millionar Franks, union générale 300 Millionar. Mange Folk hev misst heile Velferdi si.
 
Etter at dette var skrive, kjem det Bod um at Folketinget hev sagt nei til Grunnlovs-Forslaget slik som Gambetta hadde sett det fram med Liste-Røysing ved Vali o. m.
           
Deretter hev Gambetta tekje Avskil og alle dei andre Ministararne med honom.
           
Grevy skal hava spurt Leon Say, Formannen i Senatet, um han vil skipa eit nytt Ministerium.