[Eg høyrde her um Dagen...]

Eg høyrde her um Dagen ein Mann sagde um Kjellands Bok Arbeidsfolk, at det ikkje var rett soleis aa avhylja Samfundets Brester. Eg kom til aa tenkja paa detta. Er dei verkeleg so rædde fyr aa avhylja Samfundets Brester? Svaret vert nok ikkje altid eins, for det skil, kva for Samfundslag Tala er um. Det er vist, at naar det gjeld dei sokallad lægre Samfundslag, er dei slett ikkje rædde fyr aa draga fram dei Skuggesidurne, dei kann finna der. Daa segjer dei: ein skal halda seg til Sanningi, Syndi skal ein aatala og refsa, ein skal ikkje gjøla fyr Aalmugen o. s. fr. Eg hugsar mill. a. at det ei Gong hev stadet i Fædrelandet eit helder langt Uppset, som iser skildrad Nattelaupingi i sume av Landsbygdom vaare, og dette Stykkjet viste at Sedskaps-tilstandet i desse Bygdom ikkje var det beste. Innimillom skal eg minna um, at fyrst ein som Sidestykkje til detta vilde avhylja den Nattelaupingi, som gjeng fyre seg i sjølve vaar intelligente Hovudstad, vilde Skildringi slett ikkje verta ljosare enn den, som Fædrelandet syner oss, men um detta tegjer dei underleg nokk. Likeins minnest eg kosso Morgenbladet fleire Gongjer hev talat um den Raaskapen, Faakunna, Fylleskapen, Ureinska m. m., som finst i Landsbygdom. Ja, slikt skal dragast fram, det hev desse Raabarkede godt av aa høyra, for ein skal halda seg til Sanningi og ikkje gjøla fyr Aalmogen allraminst i vaar Tid.
           
Det er annarleis med dei høgre Samfundslag. Vaagar nokon aa avhylja dei Bresterne, som der finst, so vert Framstellingi hans strakst stemplad som Forgift, elder um ho raamar Prestarne, vert ho kallad ukristeleg. I alle Tilfelle segjer dei: Skildringi er uppskrøyvd, ho er fargad, ho høver ikkje paa oss o. s. fr. Og dei varar Folk mot slike Bokmenner, for dei er farlige Folk som bryt ned Agen fyr Autoriteterne m. m. Allraverst er det um Bokmannen vaagar draga fram den Sedløysa hell den andre Styggedomen, som kann finnast paa dei høgste Staderne, t. D. ved eitkvart Hoff. Me hev ogso nyleg høyrt den merkjelege Vitnesburden av Folk, som skulde vera allra mest sakkunnige, at um det ikkje etter Logi er refsande aa skulda Hoffi fyr Sedløysa, so bør det vera refsande. Difor er det ikkje underlegt, at dei er so harme paa sume av vaare nyare Bokmenner, ja endaa slik ein Mann som Chr. Bruun hev fengjet Illæta fyr sine Ord, sidan han o g hev vaagat aa tala nokre Samfundssynder som dei helder vilde hava løynt med Tegjings Kaapa. Og Hr. Bruun kann dei dessutan ikkje gjera fraa seg paa den vanlege Maaten, ved aa reikna hans Ord til Verkningarne av Vantrui.
           
Stutt aa segja: Syndi i dei lægre Samfundslagi, ho skal ein aatala og refsa, for ein skal halda seg til Sanningi og ikkje gjøla fyr Aalmugen, men med Syndi i dei høgre Samfundslag - - aa lat oss berre tegja, tegja, for ein skal ikkje brjota ned Agen fyr Autoriteterne.