Stortinget møtte um Maandagen.

Reinhardt fra Kristiansand og G. Ueland fra Rogaland er sjuke, so dei ikkje kann koma i Aar. Istaden for dei møter Byskrivar Fleischer og J. M. Ueland. Istadenfyr H. Olsen Skog fraa Troms Fylket, som døyde ifjor, kom iaar O. Tollefsen Fagerlidal, som var sjuk i Fjor. Jebsen fraa Bergen og Havig fraa Nordland kunde ikkje koma til Umframs-Tinget i denne Maanaden; i Staden for deim kjem Bydomar Christie og Lærar O. O. Holm.
           
Til Præsident i Stortinget vart vald J. Steen med 72 R. (Essendrop havde 21) og til Varapræsident Joh. Sverdrup med 67 R. (Essendrop fekk 36). Til Skrivarar vart valde Øverland og Liestøl.
           
I Odelstinget vart S. Nielsen (52 R.) og H. Bentsen (45 R.) Præsidentar (Roll fekk 19 og 14 R.) og Skrivarar Skattebøl og O. Nielsen.
           
I Lagtinget vart N. Enge 25) R.) og J. Smitt (15) (Qvam fekk 11) Præsidentar, S. Arctander og M. Aarflot Skrivarar.
           
Inn i Val-Nemndi vart valde: J. Sverdrup 101 R., Aarflot 100, Enge 100, Haugland 99, S. Nielsen 98, Iversen 97, J. Steen 97, Welde 96, Mortensen 95, Fougner 92, Tonning 91, H. Bentsen 85, Lindstøl 85, Jaabæk 84, Storsteen 82, Castberg 80, Løberg 78, Essendrop 75, Thomesen 74, J. Smitt (i Staden for Havig). Deretter hadde Eskeland 32 R., Aschehaug 30, Roll 29, A. Jacobsen 26, Lambrechts 23, Arctander 21 osb. Formann hev J. Sverdrup vorte og Welde Skrivar. O. O. Holm vart innvald i Lagtinget i Staden for Havig,
           
Tinget vart opna um Tysdagen. Selmer er sjuk, so Helliesen var i Staden hans den, som sagde fram Trontalen og lyste til Opningi. Holmboe las upp Skrivet um Riksens Tilstand.
           
Til aa vera med i Nemndi, som skal gjera Innstelling um den franske Handelspakti vart valde; J. Sverdrup 103 R., S. A. Soelberg 102, Haugland 101, Lindstøl 100, H. Svendsen 99, J. Steen 98, S. Nielsen 94, Castberg 93, Aschehoug 90, Aarflot 79, A. Jacobsen 76, Krogh 76, Wennberg 72, Qvam 66, Bye 58. Deretter hadde Harbitz 56 R., Mortensen 22, F. Berg 16, Motzfeldt 15, Schrøder 14, Larsen-Naur 13, L. Solberg 11 osb. J. Steen vart samrøystes vald til Formann, A. Qvam til Skrivar (7 R. Haugland hadde og 7).