[Um Kongedømets historiske Rett...]

Um Kongedømets historiske Rett vert det skrivet i Nordmanden mill. a.:
           
Ein høirer sumtid fristats-menner talar, liksom kongedøme var ein uting, som hev valde berre vondt i all si tid hell i allefall so lite godt at verdi hadde vore mykje bere fari, um de aldri hadde vore til. Men denne meiningi er reint gali. Kongedøme hev havt si gjerning aa gjera i heims-soga likeins som alt anna.
           
All styring er eit avkjøme av usedugskapen, segjer Herbert Spencer. Varalle menne fullkomne, vilde dei fara fram ette grunnsetningarne i sedelæra, og daa turvtest ingjen til aa styra dei. Styring er soleis berre ein prøve-innrettning, som hev roti si i ufullkomenskapen aat menneskja. Difor ser mi au, at te høgre eit folk stig, te mindre magt fær styringi. I dei fleste landi i Europa t. d. er velde aat styringi minka ved den aalmenne (offentlege) meiningi.
           
Eit sterkt einvelde kann i sume tilfelle trengast jamvæl hjaa folk som stend høgt naar der skal greidast fyrelogor (opgaver), som berre den store mannen kann raa med og inkje alle smaafolk, um dei endaa vert ihop-lagde. Soleis Cromwell, Napoleon I, Diktatorarne i Rom.
           
Eg vil inkje her tala um kongedøme hjaa dei ville hell halvville folki dei treng til eitt sterkt einvelde, skal dei faa gjort noko. Ja, de er greidt, de fylgjer mykje styggedom med slikt eitt hardstyre, men mi maa daa likvæl inkje bruka til grunn fyr aa innføra fristaten hjaa oss, at t. d. sultanen av Marokko hev 10,000 kjeringar.
           
Men i Evropas soga i millom-aldren og den nyare tidi hev kongedøme haft ei stor gjerning: aa tyna lens-stelle, daa de hadde gjort si gjerning, og vera de som bar den nasjonale einskaps-tankjen, kongstankjen, aa samla alle bygdarne og samfunds-lagi til eitt folk. I denne tidi var de kongarne som var førarar i framgangs-arbeide, og med de dei i stridi mot adelen (og preste-skape som helt med adelen) fekk hjelp i vissa sumstad av dei lægre standi: borgararne (og bønderne), so hjelpte dei desse fram atte. Her i Norig hadde dei just inkje sjølve lens-stelle aa strida med, men de er daa so, at kongarne her var maalsmenner fyr den nasjonale einskapen.
           
Men kva for ei gjerning hev kongedøme no? De er inkje noko lens-stell aa strida mot no, og den nasjonale einskapen kann de væl snaudt vera, de strider for, for er de noko, som inkje treng studning, so er de sansen fyr de nasjonale.