[Notisar]

Kristiania, den 20de Januar.
 
Riksraad Rasmus Tønder Nissen døyde av Slag no um Torsdagen, 60 Aar gamall. Han var ein god Mann, men ingen Politikar. Han er vel mest kjend av Bøkerne han hev skrive, ei Heims-Soge og ei Kyrkje-Soge.
 
           
Jarnvegen millom Ski og Speberg (Spydeberg) skal opnast um 14 Dagar. Det er nørdste Enden av Innlandslina i Borgesysla.
 
           
Paa Hamarfest var Natti til den 18de Januar den verste Storm som hev vore i Manna-Minne. Varehus o. m. a. vart øydelagt. Skaden er sett til minst 300,000 Krunor.
 
           
I den franske Handelspakti er den franske Tollen paa Smør nedsett fraa kr. 2.50 til kr. 2.00 for 100 Kilo, fersk Havfisk fraa kr. 10.00 til 5.00, Østers sett upp fraa kr. 6.00 til 10.00, Hummer, som fyrr var fri, skal no betalast kr. 5.00 for, hyvla Bord, som og fyrr var fri, no 50 Øre. Andre arbeidde Tresaker, fyrr 70 Ø. paa Lag, no kr. 5.00. Øl, fyrr 5,75, no 7.75 for Hektoliteren.
           
Me maa paa vaar Side setja ned Tollen paa Urverk fraa kr. 2.33 til 1.00, Handskar fraa 2.33 til 1.80, Fløgjen fraa 3.47 til 2.30, andre Silkevaror fraa 3.47 til 2.30, gjorde Blomar og Stas-Fjør fraa 3.60 til 2.50, Sengefjør fraa 0.33 til 0.20, Sardellar og Ansjos fraa 0.40 til 0.20 alt for 1 Kilogr., og Vin paa Flaskor fraa 20 5 Ø. til 16 6 (+ pr. Flaske 1 Ø.)   
 
           
Gartner Linderberg, som gjev ut Folkebladet (dansk) er dømd av Under-retten til 4 Maanars Fengsel, av di han hev skrive um kronet Gøgl og Humbug.
 
           
Av Bibelen er no i Tyskland utkomen ei ny Umsetjing, som venteleg vert autorisera, etter det siste Gjenomsynet som no er i Verk.
 
 
Ei fæl Ulukke hende i Nissedal i Nyttaarshelgjæ, Ein ung vælstaaande Gardmand druknad i Fylla. I Kyrkjebyggdæ hadde han hyllt i seg slik, at han lite sansad, Han spurde ein Stad, um han kunde faa ein Kar til fylgja seg vyer Nisser, dit han hadde Heimen sin. Men dei svara: Dei som hev fyllt deg, kann skaffa deg Kar au! Han vart funnen daud ikkje lengje etter nær Heimen, some segjer paa Land, andre at han sto uppetter ei Ufs i Vatnet med bare ei halv Aln Vatn yve Hovudet. Det er ikkje fyrste Venda Brenvinet hev valde slikt. Det er det, som mest øyelegg Ungdomen, øyelegg Huslyden, det heile Samfund. I Nissedal er fælt med Drykk, og der tiss kje bli betre. Brenvin bli kjøyrt heim Ankar etter Ankar. Stagsmaal og Trættur spyrst au traa Drykkjelagjæ.