(Innsendt.) Nokre Ord til Hr. Asperheim.

[Del 2 av 2. Fyrste delen]
 
(Slutten.)
           
Fedraheimens Styrar hev talat um Dagbladets Føljetong Napoleon den tredjes Hof. Han hev stutt og greidt skildrat det Inntrykket, han fekk av Forteljingi, som etter hans Meining slett ikkje var umoralsk. No kann det godt vera mogelegt, at han hev misteket Forteljingi, at han hev haft eit galet Syn paa ho, men so skulde Hr. A. hava paavist detta. Istaden dømer han utan vidare Paavisning Fedraheimen som Kjættar etter den gamle Setningi, at naar det gjeld ein Kjættar, tarv ein ikkje koma med Grunnar. Er detta rett?
           
So nøytte Fedrh. det Tilhøvet, som Striden millom Fædrelandet og Dagbladet baud til aa dryfta det Spursmaalet, um det var gagnlegt aa stengja ute det nyare Bokrikjet. Til detta svarar Hr. A.. at det ikkje hev voret kravt, at Dagbl. skal stella upp Vakt fyr aa stengja ute; dei vil berre, at det ikkje skal bjoda slikt fram. Naar det tek slikt inn, byd det Tingararne sine til aa lesa detta og Hr. A. meiner, det er Skilnad paa det og paa aa stengja ute. Lat oss sjaa. Dagbl. maa ikkje bjoda slik Lesnad, andre Blad ikkje helder, maavita, men bør Bokhandlararne hava Lov til aa bjoda fram slikt? Naar dei prentar elder fører inn slike Bøker, naar dei lyser dei til Sels i Bladi med store feite Bosktavar, so lokkar og innbyd dei Folk til aa kaupa og lesa dei. Bør dei hava Løyve til detta? Nei, maa Hr. A. svara, fyrst han vil vera tankestød, for Bokhandlararne kann daa ikkje hava større Rett til aa bjoda fram slik Lesnad enn Avisurne. Men vert ikkje detta det same som aa stengja ute? Jau visst, og Fedrh. fær soleis Rett. Hr. A. ser, at det er det same anten ein segjer: ikkje innbjoda, ikkje bjoda fram elder ein segjer stengja ute. Til Slutt spyrr eg: Er Hr. A. viss paa, at dei ikkje vil krevja, at Dagbl. i Tilfelle skal stella upp Vakt fyr aa hindra det nyare Bokrikjet aa koma inn, um det skulde vera Raad? Tenk no, at t. D. Hellenbachs Bok kom ut her i Umskrift. Vilde dei ikkje just daa krevja, at Dagbl. skulde halda ute Vaktmennerne sine fyr aa vara Folk fyr Boki? Fyrst Dagbl. ikkje gjorde detta, fyrst det ikkje nemnde Boki med eit einaste Ord, vilde dei daa vera nøgde? Vilde dei ikkje just i Bladets Tegjing sjaa eit Teikn paa dess tvilsame Stelling, um ikkje nokot verre? Hr. A. maa nokk taka annorleis i, vil han taka paa Fedrh.
 
           
So var det nokre Ord til det, Hr. A. segjer um Vantrui (Fritenkjarskapen). Fedrh. hev aldri sagt, at Vantrui ikkje er Synd; Bladet hev ikkje uttalat seg um den Tingen. Helder ikkje hev det sagt, at Fritenkjaren er andsvarslaus, tvertimot. Ingjen vil vel tvila paa, at han likso fullt som alle andre er andsvarleg fyr Gjerningarne sine, og dette tilstend han visseleg sjølv, ja, tru det ikkje just er denne Andsvarskjensla, som driv han til aa treda fram i Dagsljoset med Meiningarne sine? Tottest han fri fyr Andsvar, so vart han nokk ikkje Fritenkjar, men Hyklar. For kva kann han væl vinna naar han vert Fritenkjar? Av Samfundet vil han verta reiknad fyr ein Varg i Veum; hans gamle Vener vil snu Ryggen aat han fyr aa sleppa faa Kristendomsforkjøling; mest ifraa alle Kantar vil han møta Strid og Motstand, - derimot kunde han faa mange utvertes Fyremuner, naar han leest stella seg paa Kristendomens Sida ja um han endaa som Fritenkjar kunde faa nokor æra elder Gjetord, so kann du vera viss paa, at det vilde han ofra med Gleda, naar det ikkje var nokot annat, som heldt atter, nemleg dette, at han ikkje trur, han kann forsvara aa fara annorleis, enn han gjere. Me maa difor gaa ut ifraa det, at Fritenkjaren baade hev Andsvar og kjenner detta. Her høver det aa koma med nokre Ord av Garborgs Bok Ein Fritenkjar. Der er det Fritenkjaren Hauk som spyrr Kona si Ragna: Trur du eg hev Samvit? - - Trur du daa at det finst Ting, som eg for mitt Samvit ikkje kann gjera? Elder trur du, at fordi eg ikkje trur paa det du trur, so er eg ein morallaus Mann, so det kann vera meg slik Slag, anten eg fer so elder so? - -
           
Trur du, - - at eg er ein ærleg Mann, som trur paa mitt liksom du paa ditt, og at eg er moralsk bunden til mi Tru, liksom du til di? Elder trur du, at eg er ein Gap, som hev slengt mi gamle Tru fraa meg berre av di eg var leid av aa liva under moralsk Tukt 1) , og som no ikkje kjenner meg bunden til nokot, men liver andsvarslaus og tankelaus liksom Villmannen i Skogen.
           
Eg vil lata Fritenkjaren gjera desse Spursmaali til Hr. A.
           
Hr. A. strævar med mykje Annsemd aa paavisa, korleis Viljen i Grunnen er det avgjerande. No skal eg ikkje nekta, at Viljen er viktug. Det kann soleis litet hjelpa, at ein Mann hev denne elder denna Yvertydingi, naar han ikkje er viljesterk nokk til aa fylgja Yvertydingi si. Detta gjeld Fritenkjaren og. Naar ein Mann hev komet so langt, at han meiner Fritenkjarens Tru er den rette, so skil det, um han hev so mykje Viljekraft, at han fylgjer den Vegen, som han trur er Sannings Vegen. Gjere han ikkje det, so vert han nokk ingjen openberr Fritenkjar, men han vert endaa mindre ein Kristen. I denne Merknaden kunde ein nokk segja, at ein Mann vil vera Fritenkjar, det vil segja: han hev Vilje og Mod tilaa vedkjenna seg den Yvertydingi, som han trur er den rette. Men naar Hr. A. talar um Fritenkjarens Vilje, so meiner han den vonde Viljen. Fritenkjaren vil - etter hans Meining ikkje lesa Bibelen fyr aa finna Sanningi deri; med andre Ord, han vil ikkje finna Sanningi, han er ikkje ærleg; han vil vera Fritenkjar, ikkje paa Grunn av si Yvertyding, men helder imot henne, Er detta so, maa han vera reint djevelsk, og det vilde daa i Grunnen vera mest fylgjestrengt aa forfylgja han, som dei gjorde i Millomaldren med Bann og Baal. Det var detta, som Fedrh. paaviste i Stykkjet um Synd.
           
Eg nektar ikkje den vonde Viljens Innverknad. Fritenkjaren hev vond Vilje likso væl som baade eg, Hr. A. og alle andre hev den. Ja, men me strævar aa standa imot vaar vonde Vilje, vil kannhenda Hr. A. segja. Det er mykje bra, men Fritenkjaren daa? - Trur Hr. A. at ein vert Fritenkjar likso lett, som ein tek paa seg ein ny Klædebunad? Veit Hr, A., kor mykje og kor aalvorleg slik ein Mann hev stridt, fyrr han totte, det var rett aa forlata si gamle Tru? Hr. A. vil kannhenda segja, at fyrst Fritenkjaren hadde søkt Sanningi paa den rette Maaten, so vilde han og hava funnet ho. Me tor vona, at han vil finna ho, me bør tru, at han i minsto søkjer ærleg; me tor derimot ikkje døma, kvenn som søkjer ho paa rett Maate elder ei, me lyt berre sjaa til, at me sjølve søkjer Sanningi paa den rette Maaten. Detta Ordet vond Vilje vert fælt misbrukat. Ein kann ikkje segja um alle, som kjem til ei onnor Yvertyding enn den som me hev, at han gjere detta av vond Vilje. Det er ein Ting, at ein Mann kann mistaka seg storleg, og ein annan det, at han gjere det av vond Vilje dvs. av Traass. Tenk at ein Mann av vaar evangelisk-lutherske Kyrkja finn, at han bør forlata henne og ganga inn i eit annat Kyrkjesamfund, t. D. Methodist-samfundet, vaagar so Hr. A. koma og segja, at han gjere detta av vond Vilje, avdi han ikkje vil finna Saningi o. s. v.? Det maa me difor halda paa, at Fritenkjaren og fer so, som han etter si Yvertyding (NB. s i Yvertyding) finn aa vera rett, at han som sagt er førd inn paa den Vegen ved si Yvertydings Makt. Detta maa me halda oss til, fyrst me ikkje vil døma han urettvist. Det er detta, Fedr., hev haldet fram. Ei onnor Sida av Saki er det, at den kristne ikkje kann slaa nokot av paa si Yvertyding, at han ikkje kann vika ei Haarsbreidd fraa Grunnen aat Trui, han maa hava full Rett til aa strida mot Fritenkjarens Meiningar, men denne Retten vert slett ikkje minkad ved at han hev det Synet paa Tingen, som me hev hævdat ovanfyr, tvertimot. Det vilde vera svært ynskjande, um dei kunde strida paa ein betre og meir verkningsfull Maate fyr Kristendomen, enn dei no gjere, og iser vilde det vera gagnlegt, um dei let vera aa blanda Politikk inn i denne Striden.
 
 
Hr. A. finn, at Diktet Livsnjoting er ukristelegt. Jaso! Diktet skildrar ein ung Mann, som berre hev livt fyr aa njota Livet. Daa han no ligg sjuk og kjenner, at Dauden nærmar seg, er han reint hugsprengd, avdi han maa forlata all Livsens Njoting og Gleda. Hjaa honom stend ein gamall mann, som paa ein Maate prøvar aa trøsta han. Naar ein maa forlata livsens Gledor, so slepp ein og dess Sorgjer, meiner han. Denne Trøsti hjelper ikkje, kann ein vita. So trøstar Gamlen han med, at han daa hev livt, men detta hjelper likso litet, og den unge døyr i Vonløysa og med Hædingar paa Lippa. Den einaste Trøsti, som kunde hjelpa, Kristendomens, kjem Gamlen ikkje med, avdi han væl ikkje sjølv er ein Kristen. Det er plent, liksom Diktaren med denne Skildringi vilde segja: Her ser du, kosso den døyr, som ikkje er ein Kristen. Han hev inkje aa halda seg til elder trøsta seg med; Venerne hans kjem med mindre Trøst enn Hjobs Vener. Ligg det ikkje just i detta ei sterk Uppmaning til aa søkja Hamn i Kristendomen? Nokkor onnor Meining kann eg ikkje finna i Diktet, og eg skynar difor ikkje, at det kann kallast ukristelegt.
           
So til Slut berre eit Par Ord. Fyrst Fedraheimens Styrar vilde spyrja meg, korleis han best skulde blaasa i Luren, for at Bladet kunde verta godkjent fyr eit kristelegsinnat Blad, so vilde eg svara: Berre gakk yver til Høgreflokken.
 
 
1) Understrikat her. Det er kann henda fleire, som tenkjer, at ein av denne Grunnen kjem inn paa Fritenkjarskapens Veg; men det er ikkje so, i alle Fall ikkje med dei aalvorlege Fritenkjararne. Det kann vera, der finst sume, som av denne Grunnen ter seg som Fritenkjarar, men desse hev ikkje tekjet Tingen aalvorleg, dei hev berre lagt til Sida Kristendomen fyr eit Bil og vil sidan, - naar dei hev rasat ut søkja Livd under dess Vengjer. Um slike talar eg ikkje her; her talar eg berre um dei, som av si Yvertydings Makt er førde inn paa Fritenkjarskapens Veg.