Syrgjelege Framsteg.

Hr. Bladstyrar! I 1880-81 naadde Høgre langt. Kor langt vil det naa i 1882?
           
Det var faa, som trudde, at Regjeringi vilde vaaga aa negta Sanktion for 4de Gong til Riksraadssaki. Men Sanktions-Negtingi kom, og dermed Kravet paa absolut Veto i Grunnlovssaker. Dette var mykje! Folk vart reint forstøkte; for slikt hadde ingen drøymt um. Det var mykje, - men det var ikkje nok. Dei vilde hava absolut Veto i Bevilgningssaker og. Det skulde vera so godt for Landet, at Rikskassa fekk dobbel Laas, heittest det. Men snart kom dei etter, at slik ein Laas kunde verta ulagleg, - dersom Ein ikkje sjølv fekk hava baae Lyklarne. Og daa so siste Storthing talad paa aa gjera Innknip i Utgifterne til Regjeringskontori, so forkynnte Morgenbladet mest beint fram den Læra, at Regjeringi i so Tilfelle vilde ha Rett til aa bevilga seg sjølv det fornødne gjenom Yverskridingar. Naar det etter Grunnloven tilkjem Storthinget aa fastsetja dei Pengesummarne, som trengst til Riksutgifterne, so skal altso det takast paa den Maaten, at Storthinget er skyldigt til aa gjeva det Regjeringi krev; for det er den, som best kann avgjera, kva som trengst, og vaagar Storthinget aa hava si eigi Meining her, so kann Regjeringi taka seg til Rettes. Det nemnde Grunnlovsbodet skulde altso etter Høgres Meining lyda so: Det tilkjem Regjeringi aa taka av Rikskassa det ho finn er naudsynlegt. Med andre Ord: Regjeringi vil hava baae Lyklarne til den dobble Laasen.
           
Dette var mykje! svært mykje; men det var endaa ikkje nok. Det viste seg Teikn til, at Høgre vilde faa ein Ende paa Storthingets Lovgjevarmagt og. Det tok til aa fingra paa sjølve § 79. Sjølve Regjeringi sagde, at en betænkelig konstitutionel Konflikt (Grunnlovsstrid) kunde koma, dersom Thinget for 3dje Gongen vedtok Lennsmannsloven. No kann der ingen Grunnlogsstrid koma upp um dette, utan so er, at Ein reiser Tvil um § 79. Av Høgrebladi var det Fædrelandet, som vaagad seg lengst fram paa dette Leitet. Det skreiv mill. A.: Grundlovens § 79 har sagt, at Beslutningen 3dje Gang bliver Lov, for at sikre Lovens Tilbliden, - hvad der dog ikke er lykkets,fordi Grundloven ikke i § 81 har givet nogen særskilt Regel om slige Loves Udfærdigelse. 1) Fædrelandet finn altso, at det ikke er lykkets at sikre Lovens Tilblivelse dvs. at det ikkje er visst, at ei Beslutning vert Lov etter § 79. Fædrelandet hev sidan set seg nøydt til aa taka i seg eit annat Uttal, som det kom med i den same Saki; men det, som me her hev prentad av, hev Bladet ikkje gjort nokot ved, og Ein maa altso tru, at det enno godkjenner denne Setningen. Og dermed kann Ein ikkje vera i Tvil um Fædrelandet sanne Meining.
           
So vil Høgrepartiet hava eit Overhus og Rett for Kongen til naarsomhelst aa uppløysa Thinget og lysa ut nye Val, og dertil kunde det ikkje vera or Vegen aa faa Røysteretten innknipt eit lite Grand. Og endaa er ikkje Høgreflokken fornøgd! Tingen er, at alle desse Grunnlovsfortolkningar kann vera gode nok i ei snøgg Vending; men i Lengdi vert dei nokot brydsame. Difor hev dette Partiet, som kallar seg Grunnlovspartiet, funnet ut, at denne same Grunnloven vilde hava svært godt av ei fullstendig Umstøyping (Revisjon). Han skal i Støypeskeidi for aa faa ei Form, som kunde høva betre for dei grunnlovstro! Det var ein Innsendar i eit konservativt Blad, som endaa reint ut fyreslog, at det skulde setjast ei Nemnd til aa gjera dette Arbeidet, og den Nemndi skulde vera ferdig med sitt store Verk i 1888, og so skulde væl Tinget vedtaka den nye Grunnloven i 1889 (100 Aar etter den franske Revolusjonen). Dei tenkjer væl, at Thinget daa vil vera so upplyst (av Novembersoli) og so fedrelandshugat (d. v. s. Fædrelandshugat), at det finn seg i alt, som Høgre vilde leggja fram. Men vilde det ikkje daa vera godt, um Kongemagti hadde absolut Veto? spør du. Aa, gode Lesar, eg er rædd det vilde litet nytta. Der er ingen Grunn til aa tru, at Kongen i eit slikt Tilfelle vilde bruka Vetoet, um han hadde det.
           
Er det dit, Grunnlovspartiet vil? Er det ei full Grunnlovsumstøypning, det vil hava, ei Kollkasting av Eidsvollsverket og av den Forfatningi, Landet hev voret lukkelegt med i snart 70 Aar? Og er det for aa faa slik ei Forfatningsumstøyping, at dei no ligg og skræmer so smaatt med Statskup?
           
Det ser so ut. Høgre er langt komet. Kor langt skal det koma i 1881?
 
 
1) Til dette siste maa merkjast, at det er ikkje eingong sannt. § 81 inneheld um desse Lovarne: 1) at dei skal utgjevast i det norske Sprog; 2) at dei ikkje skal utgjevast i Kongens Namn.