[Notisar]

Kristiania, den 13de Januar.
 
I England vil Regjeringi setja fram Forslag um at Røysteretten skal vidkast ut paa Landet etter same Reglar, sem gjeld i Byarne, at dei som hev Hus elder betalar 180 Krunor i Husleige skal hava Røysterett.
 
           
I Tysklandtek Høgre-bladi paa aa ordskiftast um at Eineveldet bør innførast atter! Keiser Wilhelm hev sagt, at han fører Utanrikspolitikken nett som han vil og spyr ikkje Tinget. Ministrarne er berre hans Tenarar. Embættesmennerne er nøydde til aa stydja Regjerings-Politikken ved Vali.
 
           
Ved Senatsvalii Frankrike vann Republikanararne 22 Sæte. Der vart valde 64 Republikanarar og 15 Konge- og Kjeisar-Menner.