Godt Nyaar igjen!

Godt Nyaar igjen! Godt Mod og god Arbeidshug og god Framgang!
        
Dei, som hev fylgt oss hit, skal hava Takk, helst dersom dei vil fylgja lenger. Dei, som for fyrste Gongen slær Lag med oss no, skal vera velkomne. Gjev me kunde halda Lag lengje!
        
Men det skal nok mest som eit Mod til aa halda Lag med Fedraheimen i desse Dagar. Prestarne er etter oss med Maning og Bannlysing, og det er nok ikkje greidt aa halda Lag med den, som hev Presten imot seg!
        
Daa Fedraheimen kom ut fyrste Gongen i 1877, skreiv me i Redaksjonsartikelen, at me var fullt fyrebydde paa Strid og Motburd av alle Slag, og at me nok fekk gjera som Jødarne i Jerusalem og byggja med Sverdet ved Sida. Den Gongen var me sannspaadde dessverre. Fedraheimenhev fengjet ført i Sanning eit stridsamt Liv. Og det vert verre og ikkje betre, ser det ut til.
        
Kva vondt hev daa Fedraheimen gjort, med di han ikkje kann faa hava Fred?
        
Han er for radikal i Politikken, segjer some.
        
Aa, lat Prestarne og alle dei andre takka sin Gud, so lengje her ikkje kjem verre Radikalistar upp i Landet enn Fedraheimen! Dessutan er Fedraheimen ikkje radikalare no, enn han gav seg ut for aa vera, daa han kom ut.
        
Fyremaalet for Rikslivet, skreiv me den Gongen, er aa gjera Folket og kvar Ein i Folket fri; det vil me og hjelpa til med etter Vit og Von; men, lagde me til, fri er berre den, som sjølv kann tenkja og vilja og kjenna seg andsvarleg for sitt Liv og si Gjerning her i Verdi. Det var den same demokratiske Grunntanken, som me sidan hev arbeidt fyre i snart sagt kvart Nummer, og som me arbeider fyre den Dag i Dag.
        
Me sagde ende ut, at me vilde driva Politikk, og at den Politikken vart liberal elder Fridomspolitikk. Me forklarad dette nærmare so, at me vilde hava Rikslivet byggt paa Bonden. Det ligg i sjølve Maaltanken, dette, skreiv me; Bondefolket maa arbeidast upp, so det heilt kann taka ved den Magti, som det etter Landsens Lov og Rett skal hava. Det er den same Tanken, me sidan hev stridt fyre i all vaar Tid, og den, me strider fyre enno!
        
Ja; men so er det denne Striden for Aandsfridom, som me synest vert nokot faarleg; - den stod ikkje paa Programmet, segjer andre.
        
Aa jaumen gjorde han so. Me lovad aa arbeida for, at kvar einaste Mann i Folket kunde læra aa tenkja sjølv og kjenna seg sjølv- andsvarleg; me sette upp som ein Grunnsetning, at Folk skulde ikkje tru paa det som stod i Bladet, men tenkja yver det og læra seg til aa velja millom fleire Meiningar; og eit Bladstyre, som set upp slike Grunnsetningar for sit Arbeid, hev dermed vigt seg til Strid for full aandeleg Fridom.
        
Og det fyrste Nummeret indeheldt eit litet Stykkje, som væl ikkje steig fram som Redaksjons-Uttal, men som likevæl, ved aa koma der i fyrste Nummeret, og utan Reservasjon elder Motlegg, fekk ein sterk Smak av aa høyra til Programmet. Stykket gjekk ut paa, at der var Smaagutar, som trudde, at Ein kunde liva seg mot Storm, naar Ein dyttad Halm i Vindholet. Berre dytta Himmelen væl til, so kunde Ein hava det so stilt og varmt og hyggelegt.
        
Og Stykket heldt fram: Det er some vaksne Gutar, som trur, at me kunde hala ute fraa oss dei store Aandsstormarne og Tanke-Elingarne, berre me dyttad godt til paa alle Kantar, so ikkje desse Tankarne fekk blaasa innpaa oss. Halmdottar i alle Vindhol! daa vart her so stilt og godt og hyggjelegt aa liva. Eg held fyre, at desse tvo Guteslag, baade dei vaksne og dei uvaksne, kann vera paa Lag like kloke.
        
Altso, i det fyrste Nummeret me gav ut ein Protest so sterk som han kunde gjevast mot sjølve denne same Avstengjingstanken, som me sidan hev stridt imot all Tidi, og som me strider imot den Dag i Dag! Hev me so narrat nokon? Hev me so gjort Programbrot? Elder er det meir faarlegt aa arbeida for Aandsfridom no, enn det var i 1877?
        
- Men so kjem Presten. I ein Ting hev De daa visst brotet Programmet og sviket mange, som trudde Dykk væl, - og det er i det kristelege. De er vantru! Fedraheimener eit Fritenkjarblad!
        
For det fyrste er det siste usannt. Og for det andre vil det visa seg, at me her som i alt det andre styrer Bladet etter den Grunnsetning, som me sette upp i Programmet.
        
I den fyrste Lysingi um Fedraheimenstod, at Bladet skulde haldast paa kristeleg Grunn. Daa Bladstyraren skulde til aa gjenomføra Tanken, kom han etter, at Tanken iallfall var svært uklaar. Kva vilde det segja, at eit nasjonal-politisk Partiblad skulde staa paa kristeleg Grunn? Det kunde ikkje segja, at det skulde vera religiøs-politisk; for det hadde Bladstyraren aldri tenkt seg. Det kunde i Grunnen berre segja, at Bladet skulde visa Kristendomen Vyrdnad og ikkje innehalda nokot, som gjekk imot den. Og so skreiv me i Program-stykket i det fyrste Nummeret: Um Skulen og dei kyrkjelege Spursmaal kann det og stridast. Men ein Ting skal det aldri vera nokon Strid um her i Bladet, og det er um sjølve den kristne Trui. Kristendomen skal vera fredlyst her. Og Kristendomen hev voret fredlyst. 1)
        
Men hev han voret det, so er han det enno. Me tek inn Stykkje, som er skrivne af Fritenkjarar; men dei fær aldri Lov til aa skriva imot Kristendomen. Derimot hev dei Kristne fritt Lov til aa skriva kristelegt i Bladet. Me hev sjølve Gong etter Gong bedet kristelege Teologar um slike Stykkje, eit og annat hev me fenget (t.D. i 1879 eit Stykkje av Godet um Skapningssoga og Naturlæra, elder i 1881 fleire Salmar); men stundom hev dei kjære kristne Teologarne sagt nei; dei vilde ikkje skriva i eit Blad, som hadde Ord for aa vera ukristelegt! Bladstyret sjølv skriv Ledarar um Riks- og Samfundsstell, og Bladstyraren hev enno aldri skrivet annat enn vyrdsamt og aalvorlegt um gudelege Ting, naar han kom innpaa dei; det vil alle vaare Lesarar kunna vitna.
        
Det skulde etter vaar Meining, og ettersom det hev voret fyrr, vera alt det Ein kunde krevja av eit nasjonal-politisk Fagblad! Elder kanskje skulde me vera so kristelege, at naar ein norsklyndt Fritenkjar skreiv eit godt og nyttigt Stykkje um verdslege Ting aat Bladet, eit Stykkje, som etter heile si Meining og Form likso godt kunne vera skrivet av ein frilyndt Kristen, - so kanskje skulde me daa stengja Bladet det frilyndte Norskdomsbladet, fordi me visste elder trudde, at Mannen, som skreiv Stykket, ikkje var rett i Trui?
        
Ja; men kvifor skulde slikt krevjast av oss meir enn av Mgbl. elder Budstikken? Og korleis vilde det høva med Bladets frilynde Program? Og kva Gagn skulde det vera for Bladet, Saki elder Lesararne, at Bladet fekk mindre av godt Innhald? Kva er i det heile dette for ein Kjerringskap? Trur Prestarne kanskje, at Vantrui smittar gjenom Papiret liksom Skarlagensfeber elder Trondhjemsk Halsesjuke?
        
- Ja, segjer Prestarne, men um ein Fritenkjar skriv aldri so mykje berre um verdslege Ting, so kjem han altid inn paa det moralske, og der vert han faarleg, fordi han ikkje godkjenner den kristelege Moral! Dertil skal me svara, at dei Fritenkjararne, som skriv her i Fedraheimen det er tvo i alt, trur me -, dei forkynner den Moralen, at Folk skal liva med kvarandre som Brødrar, og vyrda kvarandre og hjelpa kvarandre, og unna alle den same Retten, som dei vil hava sjølve, og at dei ikkje skal gjera Skil paa Folk, etter som dei er høge og rike og fornemme i denne Verdi, men at Ein likso væl skal tenkja paa dei fatike, dei fortrykte, dei som lid vondt og er forkomne, ja at Ein serleg skal arbeida til, at dei kann koma seg upp og verta Folk jamgode med oss andre. Er den Moralen ukristeleg, - so hev Prestarne Rett!
        
Men me innbiller oss, at den Maaten just er kristelig. Mykje meir kristeleg enn Moralen i Luthersk Ugeskriftiallfall! -
        
Og so er det dessutan det, at dersom dei Kristne skulde finna nokot i Bladet, som dei synst var galet, so stend Bladet fullt opet for dei til aa gjera Motlegg elder til aa retta paa det. Og vil dei, at Bladet skal faa fleire serlegt kristelege Stykkje, so kann dei berre skriva. Skriv dei nokonlunde godt, og nokonlunde høvelegt etter Bladets Program, so skal dei so visst faa Rom. Men me vil helst hava Stykkje, som der er nokot aa læra av. Lat oss faa historiske elder kyrkjehistoriske Forteljingar elder annat, som Folk kann hava Gagn og Hyggje av aa lesa, men mindre av dette evige, umyndige Skrik mot den vonde Tidi o. s. fr., som ingen hev godt av, men som anten eggjar Folk upp i Fanatisme elder og gjer dei leide av baade Kristendomen og alt.
 
        
Hr. Pastor Asperheim bad oss i Stykket sitt ifjor um, at me skulde gjeva Fedraheimen eit nytt Program, soleis, at Bladet attaat sitt nasjonale og politiske Stræv tok upp det religiøse Spursmaalet. Me skulde ingenting hava imot dette; men tok me upp den religiøse Striden, so vilde den for det fyrste koma til aa taka minst heile det Romet, me no hev, og for det andre vilde det væl vera lite Meining i aa lata eit slikt Blad vera Maalblad.
        
Det kunde endaa vera, dersom Maalmennerne, som me talad paa ifjor, kunde manna seg upp til aa faa eit Maalblad til. Men so lengje dei finn seg tente med aa halda berre eit, so stend dette so bundet under sitt Andsvar for Maalsaki, at det nok fær agta seg for aa gjera for mange Kast. Pastor Asperheim fær tru oss paa det, at me kjenner vaare Folk fullt so godt som han. Og me kann segja so stort eit Ord, at meir enn ein Gong hev Bladstyraren havt Hug til aa leggja ned Fedraheimen og taka til med eit nytt Blad paa eit nytt Program; men han hev altid stansat paa den Tanken: det gjeng ikkje an for Maalsaki. So lengje Maalsaki hev berre eit Organ, so er her ikkje Raad med det. Den Mannen, som er so uheppen aa staa som Styrar av eit slikt Blad, han fær under slike Høve ikkje spyrja so mykje etter, kva han personlegt kunde lika bedst; han maa bøygja seg under Andsvaret for Saki so langt han paa nokon Maate kann.
        
Pastor Asperheim lovar oss mange heite Venner, dersom me gjer Bladet um til religiøs-politisk. Aa Herregud, kor godt me kjenner desse fagre, andsvarslause Lovnadsord, som er gjevne i den beste Meining, og som me eingong trudde paa! Og kor mang ein god Gong me hev undrast paa, at desse kristne, som er so ivrige for si Tru og sitt norske Maal, daa ikkje kann gjera Aalvor av det og skaffa oss eit religiøs-politisk Maalblad!
        
- No kjenner me vaare Folk. Bra Karar alle ihop; men det er so faae, som kann gjera nokot. Hadde Bladstyraren av Fedraheimen voret so klok og umtenkt som dei fleste andre Folk synest vera, so hadde Maalmennerne til denne Dag voret utan Maalblad. Og det hadde dei havt godt av, ser det ut til.
 
        
Men nok um det. Me vil til Slutning berre segja, at so lengje dei kristne Maalmenn læt det vera med vælmeinte Ord og fagre Ynskje, - so lengje styrer me Bladet etter vaart Vit, og etter vaare Røynslur, og etter det Programmet, som eingong er sett. Men til det Programmet høyrer det religiøse Spursmaal ikkje; Fedraheimen er altso utan Redaksjonsmeiningar i Trui. Men ingen fær i Fedraheimenskriva imot Kristendomen. I Bladet arbeidar i seinare Tid tvo til tri kristelege Teologar, um det kann vera nokon til Trøyst. Men etter Programmet held me og fast paa Arbeidet for Aands- og Samvitsfridom og er altso imot alt, som smakar av Skrymt, Tvang elder Usanning, endaa um det gjev seg ut for aa vera kristelegt; av same Grunnen er me og imot desse skraalande, faakunnige Utfall mot Tidi og mot alt, som er uppe i Tidi; for mykje av det, som er uppe i Tidi, er etter vaar Meining godt, og stundom mykje meir kristelegt og moralsk enn det, som visse kristne fær med. - Er ikkje vaare kristelege Lesarar fornøgde med, at me gjer det paa denne Maaten, so er det leidt. Men me trur, at det baade er det rettaste og det mest praktiske, og so kann me ikkje gjera annat. Me veit no, at paa den maaten kann Fedraheimen gaa. -
        
- Dette fær vera nok for i Dag. Og so fær vaare Lesarar sjølv avgjera, um dei kann fylgja oss elder ikkje.
 
 
1) Um eit einskilt og serskilt Undantak sjaa Fedraheimen 1ste Novbr. 1879.