[Den store Striden fraa 1880 heldt fram.]

Den store Striden fraa 1880 heldt fram. Kongemagti heldt fast paa den Trui, at ho kunde hava Rett mot Folkeviljen; Storthinget saag, kor dette bar av og heldt trufast paa Folkets Rett og Grunnlovens Meining. Aldri hev væl ei Regjering havt det verre, enn den Selmerske hadde det i 1881. Ingenting fekk ho fram; Tillit aatte ho ikkje; kom ho med Lovforslag, vart dei kastade elder burtlagde, vilde ho hava Pengar, var det for det meste Nei. Ho kunde ikkje eingong faa Giftarmaalstillegg til Krunprinsen. Det einaste ho kunde, var aa segja Nei, og det gjorde ho daa, baade naar ho hadde Rett til det, og naar ho hellest tottest Raad vera. Ho vilde visa Folket, kven som var Herre i Huset, som Mannen sa, daa han laag under Bordet. Inn i Thinget vaagad ho seg ikkje, endaa ho visste, at dersom ho hadde gjort det, so hadde Thinget strakst vist henne mykjet større Tiltru.
           
Thinget arbeidde strengt, for det hadde mykje aa gjera, daa det meir og meir maatte taka heile Styret. Daa Regjeringsflokken saag, at han ingi Magt hadde i Thinget, gav han seg sil aa driva Obstruksjon. Det galdt aa hala ut Tidi, so at Ein sidan kunde segja, at Thinget hadde sitet lengje saman, men litet gjort. Og Regjeringi hjelpte til med umoglege Framlegg og med Veto i Aust og Vest. Thinget gjorde det eine gode Verk etter det andre; serleg maa Ein nemna Hærloven aa Røysterettsloven; men Regjeringsbladi hev heile Tidi sidan songet paa den Visa, at Thinget sat lengje saman og gjorde litet 1) . Det gjeld um aa døyva og drepa Folks Vyrdnad for Nasjonalforsamlingi; stort annat veit Høgre ikkje aa gjera no. Og endaa hev ein av deira eigne for faae Aar sidan sagt, at det aa nedbryde Agtelsen for Nationalforsamlingen er den daarligste Gjerning, som kan gjøres i Norges Land.
           
Men det viste seg i Aar meir enn nokongong fyrr, at Folket stend paa Storthingssida, og at det veit, kva det vil. Dei mange Folkemøti og dei mange Adressurne viser det. Det same kann Ein sjaa av Heradsvali, som paa dei fleste Stader er plent frilyndte. Og endaa hev Høgre aldri drivet sterkare paa med sin Agitasjon og si sunne og sanne Upplysning enn just i Aar.
 
Folkemøti er merkjelege i fleire Maatar. Me hev havt politiske Møte fyrr; men det hev helst voret Stands-Møte um Stands-spursmaal; sjølve Bondeven-Rørsla hadde ein Svip av dette. Det var daa og naturlegt, og paa sin Maate godt. Men i 1881 fekk me Folke-Møte um Riksspursmaal, altso reine politiske Møte. Det var um Grunnsetningarne for Riksstyret, Folk talad paa desse Møti. Det var um Folkesuverænitet elder Kongesuverænitet, um Fridom elder Trældom, dei skifte Ord. Naar Folket i det heile er so langt komet, at det forstend og hev Sans for slike Spursmaal, so kann Ein segja, at det hev komet til politisk Mannsvit elder er politisk vakset. Det hev komet so langt, at det i full Sanning og med klaart Medvit kann taka til aa liva eit politisk Liv. Det hev funnet den politiske Traaden, so no gjeng det ikkje letteleg i Mist. Det veit aa skilja millom Fridom og Ufridom. Politikken hev vortet so greid og dei politiske Motsetningar so klaare, at kvar Mann kann vita, kor han hev sine Folk, og kven det er, han ikkje maa fylgja. Grunntanken i vaar Forfatning, Folkesuveræniteten, hev gjenget upp for det norske Folk.
           
Folkemøti hev voret ein sann Borgar-Skule for Nordmennerne. Politisk Upplysning og politisk Sans kann aldri spreidast og vekkjast betre enn gjenom dei. Og no, daa Folket hev lært dette, vil det halda fram med slike Møte. Det vil gjera som Folk i andre politisk framkomne Land: møtast med Repræsentantarne sine millom Thingmøti og forhandla med dei um alle vigtigare Dagsspursmaal. Daa fyrst vil det repræsentative System vera full Sanning. Folket vil læra aa kjenna dei Menn, som det sender avstad i sine største Ærend, og Thingmennerne vil allstødt vita, kva Folket vil og ventar av dei. Daa vil Storthinget i full Sanning vera Folkets Framsyning elder Ærendsmann, og daa kjem Parlamentarismen av seg sjølv; for eit slikt Storthing vert so sterkt, at det vil vippa kvar einaste Statsminister, som trur seg sjølv visare og sterkare enn det Folket, han skulde tena.
           
Men hev Folket i det heile komet etter, kva det meiner og vil, - so lyt Ein segja det same um Bakstrævet.
           
Det gjekk yver Rubikon den Dagen, daa det vedkjende seg det absolutte Veto. Mange trudde, at det ab solutte Veto ikkje var so faarlegt; for kunde ikkje Folket vera fritt, fordi um det gav upp Retten yver Grunnloven? Og Høgrebladi og Kyrkjebladi 2) skreik upp i fullt Kor um, kor jesuitiske Fridomsmennerne var, naar dei sagde, at absolutt Veto førde til Absolutisme. Men utetter Aaret viste det seg, at Fridomsmennerne hadde havt Rett. Høgre hadde lært Veto i Grunnlovssaker; det gav seg i Rettfylgd av det til aa læra Veto i Pengesaker. 3) Og det sluttad med endefram aa fornegta Folkesuveræniteten og forkynna Kongedømet og Byraakratiet av Guds Naade 2) Det heilage Kyrkjebladet Luth. Ugeskrift sagde beint og greidt, at dersom de moderne Frihedsprinciper fremdeles fik raade i vort Samfundsliv, saa vilde Samfundet gaa imøde et nyt Kaos, og Fædrelandet, Morgenbladet, Budstikken og Thr. Adresse prøvde aa skræma Folket med, at Kongen naturligvis vilde brjota sin Eid og bruka Magt. Dei kunde ikkje overvinde sin Frygt for, at slikt kunde henda, sagde dei. Men samstundes som dei laag og vov i desse reint revolusionære Draumarne, arbeidde dei av all Magt imot, at Folket skulde væpna seg. Dei var rasande galne baade paa Storthingets nye Hærlov og paa Folkevæpningssamlagi. Folket burde ikkje væpna seg for aa verja sin Fridom.
           
- So langt kom Bakstrævet paa eit einaste Aar, daa det fyrst hadde godkjennt det absolutte Veto.
 
Og det prøvde aa faa Folket med seg paa sine Meiningar. Det preikad kvar Dag mot Talmajestæten, men vilde likevæl sjølv gjerna hava Folkets Fleirtal med seg; det preikad kvar Dag mot Folkemøte og umreisande Agitatorar, men gav seg sjølv til aa halda Folkemtøe og senda reisande Agitatorar ikring. Det var Novemberlaget, som fekk dette istand, etter Paalegg fraa Morgenbladet. Men Novembermennerne torde sjeldan elder aldri halda frie Diskussjonsmøte; det vart Møte av Meiningsfæller, som samlad seg for aa styrkja kvarandre i Trui, elder, dersom det skulde vera frie Møte, so vart dei frie med Modifikasjon. Og i slike Tilfelle var det nok ikkje Novembermennerne, som vann. Det gjekk i det heile so laakt med desse Novembermøti, at daa dei hadde haldet 8 av dei, so sluttad dei, og Morgenbladet gav seg paanytt til aa preika mot Talmajestæten og Folkemøti og dei umreisande Agitatorar. Og i sitt Sinne yver, at Folket ikkje vilde lata seg styra av Grosserar Gulbranson elder Professor Getz, skjellte Morgbl. Folket ut for aa vera utruleg faakunnigt og burtiveggjerne dumt.
           
- Men Folket hadde lært aa kjenna sine Dyr, og det kastad Novembermennerne, kor det kunde, og upprettad det eine Folkevæpningssamlaget etter det andre. Og er det nokon Ting som er viss, so er det den, at til Sumaren vil det velja eit gjenomliberalt Storthing.
 
Maalsaki vann eit stort Steg fram i 1881. Ho var fyrr godkjend som literær Sak 4) og Skulesak av baade Storthing og Regjering; i 1881 vart ho like eins godkjend som folkeleg Upplysningssak. Thinget gav Pengar til ei billig Upplysningsbok paa Norsk i Norigs Soga og til ei Fyrebuing av ei norsk Bibelumskrift; og Regjeringi vaagad ikkje aa gjera Krangel her. Derimot gjorde Regjeringi seg paa Tverke, daa Storthinget godkjende Maalet som ei aalmenn Vitenskapssak; den norske Regjeringi vilde ikkje hava nokon Professor i Norsk ved den norske Høgskulen.
           
Men dermed skal ho knapt vinna langt.
           
Det norske Samlag tok til med aa gjeva ut Vinjes Skrifter. Fedraheimenheldt seg uppe og gjekk fram trass i alle heilage Freistingar paa aa tyna han med Forkjetringskunster og Lygn 5) . Moliéres namngjetne Tartuffe vart for fyrste Gongen umsett paa norskt Landsmaal. Ei ny Forteljing for den store Aalmenningen kom ut. Vestmannalaget fekk skrivet ei ny Bibelsoga for Skulen, som vist snart er ventande; O. J. Höyem fekk ferdig si store Bibel- og Kyrkjesoga etter Tang-Müller, men maatte so desverre av tilfellige Grunnar stansa med Tidskriftet sitt.
           
Maalstriden er til Ende. Saki er godkjend, og det er ingen lenger,som trur, at det nyttar aa strida imot henne. Morgenbladetskrik enno upp av og til; men det er ikkje mange, som bryr seg um Morgenbladet. Dersom Maalmennerne ikkje no kann faa Fart i Arbeidet sitt, - so vil det vera deira eigi Skuld.
 
           
I Nærings- og Pengevegen var 1881 liksom alle dei seinare Aari ei knapp Tid. Aarsavlingi var berre so middels; Fisket ujamt; Sjøferdi gav svært litet av seg; Industrien vaks so smaatt, men er enno for veik; Handelen hadde strenge Tider. Dei trur, det skal besna no, alt um det ikkje er ventande, at det skal gaa so fort.
 
 
1) Sjaa Aaursutsynerne i Aftenbladet og Aftenposten.
 
2) Luthersk Ugeskrift i sine politiske Artiklar um Pressen og Vantroen.
 
3) Budstikken visste endaa i Februar 1881 ikkje, um Kongen hadde Bevilgningsveto; det maatte fyrst anstille en Række af Undersøgelser (!), fyrr det kunde segja nokot visst um den Ting. Men ein Maanads Tid etter var det ferdigt med sine Undersøgelser og tok so paa av full Hals aa forkynna Bevilgningsveto elder Veto i alle Saker, som ikkje var serleg og endefram undantekne.
 
4) Jansons Diktarløn.
 
5) Vestlandspostenhev enno ikkje rettat det, det eingong hev latet ein namnlaus Kristianiabrevskrivar fortelja, at Fedraheimen i seinare Tid hadde vortet likefram Organ for Fritenkjarskapen og Gudsfornegtingi. Den fær daa bera Ljugarnamnet, - so lengje den sjølv finn for godt.