Kristeleg Skrivemaate - ?

Du hugsar kva me skreiv i f. N. um Fædrelandet. Dette Bladet hadde skrivet mot oss, fordi me hadde sagt nokot um Naturalismen, som det ikkje likad, og me, som ikkje væl kunde tigja til dette, svarad med aa forklara, kva me meinte um Saki i det heile. Me sagde, at etter vaart beste Vit var Naturalismen ikkje usedeleg, og ikkje Brummel helder, og me prøvdeso godt me kunde aa paavisa dette med di me lagde fram vaare Tankar um den Romanen, som Fædrelandet fann so usedeleg.
           
Til dette skriv no Fædrelandet i No. 84 soleids:
           
Ogsaa Fedraheimen er begyndt 1) at ile Dagbladet til Hjælp og yde det samme Natmands-Tjeneste som Verdens Gang. Heller ikke Fedraheimen undser sig altsaa for at optræde som Usedelighedens Forsvarar selvfølgelig under Foregivende af, at der er ingenting, som den likar mindre enn usedelege Bøker.
           
Vi henstiller til den alvorligste Overveielse for alle Maalmænd, der staar paa Kristendommens Grund, om de med rolig Samvittighed længer kan støtte et Blad som Fedraheimen.
 
           
Mot slikt er her ikkje meir enn ei Raad, Fædrelandet fær gjera Greida for seg for Retten. Der maa vera ein Ende paa alt. Bladstyret for Fedraheimen hev difor i desse Dagarne innstemnt Fædrelandsredaktøren for Forlikskommissionen, der han daa fær svara for si Skriving so godt han kann.