Hr. Bladstyrar!

I No. 41 af Fedraheimen heve De tekjet paa meg med ein Ofse og Illskap, som synest meg so grunnlaus og rettlaus, at eg ikkje heve stor Hug paa aa gjeva nokot Motlegg. Eg vil difyre berre beda om Rom til eit stutt Svar, og det skal daa vera dette:
           
1) Eg heve aldri briskat meg med mi Livsgjerning elder freistat paa aa faa nokon til aa tru, at eg aaleine kunde orka slikt Storverk, so det Hengjenamn, De gjeve meg (Mannen med Livsgjerningi), synest meg er nokot av det minst raakande, som De i all Dykkar Dag heve skrivet.
           
2) Eg heve ikkje, sidan eg vart Professor, gjenget fraa det, eg fyrr heve lovat (sagt plent nei); eg skal berre minna um, at det finst ei Erklæring fraa meg med Aartallat 1881, der eg byd meg til aa gjera alt det, eg orkar, fyre Bibelumskrifti; og eg hev ikkje sagt, at eg berre vil gjenomsjaa og lata Andre gjera alt Arbeidet. At De elder Andre, kann henda, hava ventat meir av meg, enn eg er Mann fyre, det synest eg ikkje er nokon Grunn til aa skamskjella meg fyre, - allvist so tidleg, fyrr De enno veit so vist, kor myket eg kann magta.
           
3) De heve enno ingen Grunn til aa tru, at Kyrkjedepartementet ikkje vil godkjenna den Maaten aa greida Arbeidet paa, som eg heve raadt til, og altso helder ingen Grunn til aa slaa paa, at eg dermed vilde hindra den store Saki.               
 
Med Vyrdnad                           
Dr. E. Blix.