Israel Potter.

[Del 13 av 13. Fyrste delen]
 
(Utdrag etter Israel Potter, his fifty years of exile.)
                         
 
(Slutten.)
 
Sonen hans heldt han uppe i Naudi og firad ikkje, fyrr han fekk gjevet den amerikanske Konsulen full Greide paa, korleids det hekk ihop med Israel, og Konsulen sende baae tvo yver til Boston. Det var i Aaret 1826, nettupp eit halvt Aarhundrad etter Israel vart ført til England.
           
Skipet kom til Boston 4de Juli. 1) Byen var prydd til Fest. Daa den gamle Mannen kom i Land, saag han med Glede eit Flagd, som blakrad yver ei Siger-Vogn med Innskrifti: Bunker- Hill 1775. Ære vere dei Kjempurne, som slost paa denne Dagen. Israel stirde tagal paa detta, og so, med Taarur i Augurne, tok han Vegen heim til dei gamle Fjelli sine; men Heimkoma hans var ikkje ei Heimkome, det var ei Uppstanding fraa dei daude. Det var ingen, som kjende han elder hadde høyrt gjetet han. Den siste av Ætti hans hadde liksom Grannarne hans selt Garden og var reist vestetter, men kor han var reist, det viste ingen skilleg. Israel leitad upp Far sins Hus, men det hadde brunnet fyr mange Aar sidan. Han leitad etter Tufti, som det hadde stadet paa, men Vegerne laag annorleis no. Paa den gamle Vegen gjekk det ein Buskap og beitte. Sist paa kom Gamlingen med Son sin aat ei Steinrøys, som var svart av Elden og moseklædd. Ein framand Mann dreiv paa og pløgde tett ved og braadstanad. Plogen hans hadde støytt paa ein stor Stein under Jordi. Sjaa no hev Plogen min i tjuge Aar støytt paa denne gamle Gruvesteinen. Det er sælt so heitt det er, gamle Venen min, sagde han til Israel.
           
Kven aatte detta Huset, Venen min? spurde Rømingen og peikad med Staven sin paa den store Steinen.
           
Eg veit ikkje, eg hev gløymt Namnet. Dei er reist vestetter, trur eg. Kjende de dei?
           
Men Rømingen svarad ikkje. Han feste Augat paa Steinen.
           
Kva er det, du ser paa, Far, spurde Son hans.
           
Far! Ja der! sagde han og peikad ned med Staven sin. Der sat Far min og der Mor mi, og eg, Vesleguten, sprang millom Føterne paa dei paa denne same Flekken, der som eg no starvar meg frem, men i fri Luft og utan Tak yver Hovudet. Tak paa og arbeid att, Venen min . . . .
           
Det siste, som ein hev høyrt til Israel Potter, er um ein Pensjon, som den gamle Soldaten søkte den amerikanske Styringi um, og som den loggjevande Forsamlingi fann paa aa negta.
           
 
Soleids var Israel Potter til siste Stundi ein Repræsentant fyr den ukjende og avgløymde Hopen, som held paa trutt og strævar og aldri ventar seg Løn fyr det. Dei traar korkje etter Ære elder Løn, dei tenkjer ikkje paa seg sjølve, og so lyt det vera og. Det er Dufti (Støvet) av alle desse Millionar Menneskje, som Jordkyndet i Faderslandet er lagat av; det er Oska av dei, som Føterne vaare tred paa, og naar me byrge skodar paa eit Minnesmerke her og kvar, som minner oss um eitkvart Storverk elder einkvar ugløymande Stormann, so lat oss ikkje gløyma, at det er desse smaavyrde Menneskje, som hev lagt til Steinarne og Kalken. Men inkje Land i Verdi skylder denne Namnlause Hopen so mykje Takk som dei sambundne Rike i Nordamerika. Der hev dei faa Mennerne, som hev lyft seg upp yver Aalmugen, ikkje voret Generalar elder Herskarar yver Aalmugen, men dei hev berre voret som Korporalar og Sjersantar fyr han. Det er ikkje hine, som hev avgjort, korleids det skulde verta med Aalmugen, men det er Aalmugen som hev paalagt dei det, som var Skyldnaden deira. Det var fyrst daa den amerikanske Revolutionen braut ut, at det rette Folkestyret tedde seg paa Jordi.
           
I andre Land er det mest berre dei store Mennerne, som hev Æra av dei store Hendingarne, men i den amerikanske Revolutionen er det dei mange Tusund Menner slike som Israel Potter, som stridde under Ufreden og lagde kvar sin Lut til den store Sigeren. Israel Potter er eit Mynster paa ein Amerikanar. Endaa han er Fange paa Fiendens eigen Grunn, so slær han Fienden; han veit aa finna Raad til aa fri seg ut. Endaa han tapar, so gjer han likevæl Fienden fortullad, og han er den, som fær det siste Ordet. Endaa so jammerleg vondt det er fyr Israel, so liter han trygt paa seg sjølv og hev ei god Meining um seg sjølv. Endaa han er Fange og sett i Jarn, so vil han ikkje halda seg fyr Træl, og han stend endaa paa det, beint imot England, at han er heiltupp fri, at han er en Yankee. Armodsdomen og Naudi fær ikkje Magt yver han; slikt er fyr honom berre ein av dei tusund Smaating, som hender i Livet, og Israel firer ikkje fyr Hardstyre, anten det er Lagnaden elder England, det kjem fraa.
           
Detta er det sanne Demokratiet, at ein negtar høgt og beint upp i Augo paa Tyrannen, at Tyranniet er til, og at ein ber seg aat liksom det ikkje var til. I gamle Dagar var det berre sume upplyste Menner, som tenkte og for aat paa denne Maaten, Alle, som er upplyste og godt lærde, veit at dei største Ulukkurne og vonde Ting ikkje i Røyndi er det, som denovtrune (overtroiske) og faakunnige Aalmugen trur, at dei er, at Ulukkur, ein tung Lagnad og Tyranni ikkje er annat ein Skugge-Bilæte, som sume Tider kjem fram fyr vaar Aand og myrkjer fyr det klaare Dagsljoset, men som snart kverv burt att, og som me kann mana fraa oss. Israel Potter, Yankee-Bonden, han hadde som ein Tanke um det. Denne Soldaten fraa Bunker-Hill, han er ein Mynstermann fraa den Tidi, daa Aalmugen lagde fraa seg det gamle Sermerket, som han hadde boret fraa dei eldste Tiderne, som Soga veit um, og daa Aalmuge-Mannen kjende, at det vaknad ein Individualitet hjaa han, at han var nokot fyr seg sjølv, daa han forstod, at han var til og hadde Liv, og det i djupare Forstand enn alle dei Folkeskræmur, som kuad og agad og plaagad Verdi i gamle Dagar og gjer det endaa. Den frie Mannen, han æddast ikkje, han er viss um, at alle Faarar er i han sjølv. Aldri aa ottast og allstødt vera buen paa alt, det er Hovudtingen fyr ein Individualitet (Mann med Karakter), og denne simple Yankee-Fangen visste det. Kva treng han um Løn og Ære? Han kann gjerne vera ukjend og litet vyrd, for han er til, og han kjenner, at han er til. Den store Løni fyr det, me gjer, det er ikkje eit stort Namn elder den Æra, me kann vinna, men Løni er, at me er visse um aa vera nokot, og at me vyrder oss sjølve.
 
1) 4de Juli er liksom 17de Maj i Norig.