[Notisar]

Kristiania, den 30te Septbr.
           
Folkemøte vert enno haldne paa alle Kantar av Landet. No i Vika var det tvo Møte i Skien, eit Venstre-Møte, der det var 700 med, og eit Novembermøte paa 100 Mann.
 
 
Vaare Diktarar. Kristofer Janson for til Amerika um Fredagen. Han kjem att Ende til Vaaren, men sidan er det nok Meiningi hans aa flytja over til Amerika for Aalvor.
           
Jonas Lie skal bu i Hamborg i Vinter. Han held paa og skriv ei Forteljing fraa Sjøen.
 
John Paulsen loserar for Tidi hjaa ein dansk Fiskar.
 
Alexander Kjellands Novellettar og Forteljingar kjem ut paa tysk i fleire Utgaavor.
           
Bjørnstjerne Bjørnson skriv trutt i ymse Blad um vaar politiske Tilstand. Høgrebladi er arge, men det vyrder han lite, han skriv like radt.
 
           
Thingvalet til 2dra Kammaren i Sverige er no halde paa dei fleste Staderne. Landtmannapartiet kjem endaa sterkare til Tinge enn fyr, allevist fraa Landet, men some av Byarne hev og valt frilynde Folk (soleids Hedlund, Borg, Gumælius).
 
           
Paa Island skal der i Vinter haldast Folkehøgskule paa det gamle þingvellir. Folket ser ut til vera ovleg glade, for dei skal faa Skulen, 100 Menne i 34 Heimar hev skote i Hop 2000 Kr. til han, og det er ikkje berre Bønder, men og Tenestgutar og Tenestgjentor hev gjeve ein 10 Kr. kvar.
 
           
I Moskva hev det vore stor Brand. Skaden er sett til 7-8 Millionar Krunor.
 
           
Til Fru Garfield er det alt i Amerika innsamla 300,000 Dollars.