[Ei gamal Visa...]

Ei gamal Visa. Ein Kristianiabrevsendar til Vestlandsposten skriv:
           
Et andet Blad er man ogsaa blevet mere og mere misfornøiet med, nemlig Maalbladet Fædraheimen (sic), som nuvel maa siges ligefrem at være Organ for Fritænkeriet og Gudsfornegtelsen.
           
Dette siste er Lygn, som vaare Lesarar veit. Me brukar Ordet Lygn, fordi det er det einaste rette, og for at Brevskrivaren skal tvingast til aa føra Saki for Retten. Me vil hava ein Ende paa dette Snakket um Fedraheimen og Gudsfornegtingi; Fedraheimen hev ikkje nokot med dei Ting. Desse heilage politisk-religiøse Censorar skal anten sanna det dei segjer, elder so skal Ljugar-Namnet sitja paa dei som eit Kains-Merke, so lengje til den Trafikken sluttar.
           
Me hadde hellest ikkje tenkt, at eit Blad som Vestlandspostenvilde lata seg bruka til slikt. Og det dess mindre, som den heilage Brevskrivaren tilslutt paa ein svært tydeleg Maate viser, kva det er, han i Grunnen vil. Berre høyr -:
           
Det har bedrøvet mange, at flere støtter Fedraheimen, saaledes ogsaa Storthingsmænd fra Stavanger Amt, som har Tillid og Agtelse af det kristelige Lægfolk.
           
- Mannen vil faa Folk fraa aa tinga paa Fedraheimen, det er Saki, og derfor er det, at han smeiser upp med dei store Talemaatarne um Gudsfornegtelsen. Det er den Stridsmaaten, me kjenner so godt fraa Fædrelandet. Me hev altid trutt, at Vestlandsposten stod eit Stig høgare enn det Bladet. - Men Vestlandsposten um det!
           
- Ein Ting veit Brevskrivaren aa fortelja, som me likar fælande godt, dersom det berre er sannt. Han skriv:
           
Man har i den sidste Tid tænkt paa at faa istand et nyt Maalblad, og der er stillet Opfordring til Studenterne Moltke Moe, Søn af Biskopen, og Mortenson, som begge to er varme Venner af Maalsagen, om at stifte et nyt Blad, som stiller sig paa afgjort kristeligt Standpunkt.
           
Kunde dette ske, vilde det glæde mange, legg han til. Og ikkje minst skulde det gleda Fedraheimen. Baade Moe og Mortenson er so gode Karar, at dei vilde kunna skriva eit godt Blad og gjera mykje til Gagns, baade i Maalsaki og for Upplysningi. Me er av fullt Hjarta med paa den Uppmaningi, som dei etter Stavangerbrevskrivaren hev fengje um aa gaa i Veg med eit nytt Maalblad, og me trur, det vilde vera godt, um her kom eit slikt. Me kom væl til aa slaast litt med dei av og til, daa dei knapt vart so stive Venstremenn som Fdrh.; men det skulde ikkje verta nokot styggt Slagsmaal, daa dei er ærlege Karar og gode Gutar baae tvo.
           
Lat Bladet koma; me skal gjera det me kann for aa stydja det.