[Det var Flag fraa mange Land...]

Det var Flag fraa mange Land aa sjaa i Karlsruhe paa Brudlaupsdagen aat Krunprinsen; Norigs Flag var der nok og, - men paa ein litt serskild Maate.
           
Det er greidt, at dei fraa fyrsto ikkje hev hugsat paa, at der var eit norskt Flag i Verdi, elder at dei i allfald hev voret meinte paa aa ikkje hava det med. Men so i siste Stundi hev dei nok funnet, at det gjekk ikkje for væl an. Og so galdt det daa aa finna eit norskt Flag. Men i Kongsgarden fanst det nok ikkje. Og hjaa den norske Gesanten ikkje helder; - for me hev væl ein Sendemann der nede? Ein fær daa tru, at dei leitad heile Karlsruhe rundt. Eit Kongerike skulde Ein tru maatte vera so mykje verdt! Men anten hev dei ikkje leitat heilt rundt, elder so fanst det ikkje eit einaste norskt Flag i heile Karlsruhe. For me hev Æra av aa vera sjølvstendige, maa du vita.
           
Kva gjorde dei so, dei høge Herrarne i Karlsruhe? Norigs Krunprins skulde halda Brudlaup, og der fanst ikkje eit norskt Flag! Jau, so fekk dei fat i eit annat Flag, eit som er raudt med ein blaa Kross i (at dei ikkje likso godt tok Dannebrog med den kvite Krossen!), og paa det saumad dei daa fast eit Unionsmerke, og so hadde dei eit norskt Flag. Victoria!
           
- Det var ikkje so faarlegt med det. Hev ikkje Nordmennerne sjølve so mange Gonger sagt, at dei held Flagg og Fanur berre for Smaating? Alle andre Nasjonar held Flagget sitt so høgt i Æra, at med dei vilde det ikkje gaa an aa fara fram slik ved eit Tilhøve som dette; men Nordmennerne, - aa dei er so sindige og so kloke . . . Det var ikkje faarlegt! Berre Ein hadde Unionsmerket, so var det slik Slag med det andre. Og so laut daa gamle Norig finna seg i aa visast fram med ein laant Lappe-Klut paa denne store Dagen, daa alle andre frie Flagg fløymde stolt yver Badens Kongsgard, der den norske Krunprisnen heldt Brudlaup.
           
Er det ikkje morosamt?
           
- I Morgo held dei Inntog i Stockholm. Der er stor Stas. 30,000 Krunur spring i Lufti berre til Fyrverk, er det sagt. Og det andre er væl deretter. Stor Jubel. Aalmenn Jubel. Galla-Middag; Gallaforestilling; Folkefest; Hurra.
           
Men det hev gjenge uhyggjelege Ord um, at ikkje alle er so uppglødde som dei burde vera i Stockholm helder. Soldatarne av Garden og av Garnisonen skal hava tenkt paa aa ställa til uppträden. Der skal ha voret framme Uppmaningar til aa møta upp med Pipur istadenfor med Hurrarop, naar Krinprinsparet kjem. Det er leidt slikt. Grunnarne -? Aa, dei er væl mange. Men det skal vera dei som finn, at all denne Stasen ikkje tek seg ut paa ei Tid, daa det er Uaar i Landet, og daa Maten vert so dyr, at Fatikfolk er i Beit med aa berga seg. Helder ikkje finn dei Meining i den store Appanagen. Det var mange som kunde liva av det, som no skal gjevast ut til Hoffestar og Fjas. Naar Folk tenkjer paa slikt, verdt dei arge og vonde. Det er leidt aa vita det, men det er sannt. Som væl er so kann Ein vera trygg paa, at der er dei, som hev Tilsyn med, at ikkje dei onde Lidenskaber fær visa seg ved denne Festen. Det er dei gode Borgarar, som bør vera med der, - dei, som mætte, og serleg dei, som hev Raad til aa betala 200 og 300 Kr. for ein Teaterbillet, og som altso av fullt Hjarta kann ropa Hurra. Dei andre bør haldast utanfor. Dei vilde berre hava vondt av aa sjaa paa all den Stasen. Ovundet og dei vonde Hugdrag vilde veksa i Hjarto deira, og det vilde dei hava Synd av. Ein bør spara dei so mykje Ein kann for Synd, um Ein no ikkje kann spara dei for Svelt. Og Politiet greider det nok. Baade Gallamiddagen og Gallaforestillingi og den store Eld-Leiken og alt ihop vil verta ein sann Folkefest. Stor Jubel og aalmenn Jubel; Stockholm vil aldri hava set Maken.
           
Men me Nordmenn fær væl sitja heime og tenkja paa den Flaggfilla vaar ned i Karlsruhe. Og so paa det fagre Bruresløret, som var utsaumat med svensk og badensk Vaapen. Det vil væl gjeva oss nok aa tenkja paa for vaar Part, er me rædde.