[Danske Høgremenn...]

Danske Høgremenn ser ikkje ut til aa vera stort likare Karar enn dei norske. Iallfall hev dei Brevskrivarar, som likjest stygt paa dei, vaare Høgrefolk brukar. Ein ser no Ting i Høgre-Brevsendingar til f. Ex, norske Blad, som dei gode Kararne visst ikkje vilde vaaga aa skriva i sine eigne Avisur. Det var ein av dei, som skreiv i norsk Mgbl. her um Dagen, at det godt kunde henda, at dersom ikkje Folketinget gav etter og gjorde som Estrup vilde, so kunde Kongen bruka Magt, ja kanskje gjeva Landet ei ny Forfatning, d. v. s. gjera Statskup.
           
Aa for Samfundsfrelsarar! Kor tydelegt me her kann sjaa, at Kongedømet er naudsynlegt for aa verja Folket mot Ufred og Urett og halda Samfundsordenen uppe! Eit av tvo: anten gjev de meg den Magti eg vil hava, elder so tek eg meg til Rettes! so heiter det alt i eit.
           
Det er nok gilde Bukkar aa hava til aa gjæta Kaalhagen, ser det ut til.