Israel Potter.

[Del 6 av 13. Fyrste delen
 
(Utdrag etter Israel Potter, his fifty years of exile.)
             
 
(Framhald.)
 
Korleids hev De det, Doktor Franklin? sagde Israel til Gubben, som ikkje hadde snudd seg, daa han kom inn.
           
Aa, kjenner eg ein Ange fraa Vollarne i Amerika, svarad Doktoren, daa han høyrde denne endeframme Tiltala, og braadsnudde seg. Ein Samlending? Set Dykk ned, kjære Herre! No, kvat nytt? Hev De nokot aa melda meg?
           
Vast litt, Doktor, sagde Israel og gjekk tvert yver Stova til aa finna ein Stol. Daa det ikkje var Matta paa Golvet, som paa fransk Vis var haalt og blankt som ein Spegel, gleid Israel og hadde so nær stupt.
           
No, no, det ser ut som De hev mykje-godt høge Hælar paa Styvlarne, sagde den aalvorsame Mannen, som berre brydde seg um slikt, som det var Gagn i. Veit De daa ikkje, at der er tvo Ulempur med denne Moten, fyr det fyrste, at det gjeng mykje Lær til, og at De lett kann brota av Dykk Beinet? Men kjære vene, kva er det De gjer? Gneg Styvlarne? Det er toskutt aa bruka so tronge Styvlar. Hadde Naturi viljat, at me skulde gaa med tronge Styvlar, so hadde ho sett Foten ihop av berre Bein elder av Jarn, og ikkje av Bein og Kjøt. Aa ja no ser eg; - kom med det!
           
Franklin reiste seg, læste Døri og hadde ned Gardinurne.
           
Denne Gongen hev eg teket i Mist, sagde han til Israel. Dei høge Hælarne Dykkar kjem nok ikkje av Faafengd, men dei ser ut til aa vera fulle av vigtige Ting.
           
Ja, reint fulle, Doktor, sagde Israel og flidde han Papiri. Det var nettupp so vidt eg slapp fram med dei. Og dermed fortalde han til Doktoren, at ein mistenkjeleg Mann letst vilja kosta Styvlarne hans og vilde skruva av Hælarne og stela dei dyre Papiri fraa han.
           
Gode Venen min, sagde Vismannen, eg er rædd De hev voret ute fyr mykje vondt, og at De soleids er komen til aa mistenkja andre utan Grunn. Denne Mannen, som De raakad paa, var korkje meir elder mindre enn ein stakars Sko-Kostar, som gjerne vilde tena 10 Øyrur og ikkje gjorde seg nokon Tanke um, korleids det hekk ihop med dei høge Hælarne Dykkar. Det er tidt likso galet aa vera for mistenksam som aa vera for godtruen.
           
Aa, eg er so leid fyrdi eg velte Krukka hans og so flaug.
           
Kva Slag, hev De, som dei hev brukat til aa fara i eit vigtigt Ærend, utan Grunn velt Sverte-Krukka aat ein stakars Mann, som inkje vondt hadde gjort og som berre vilde arbeida i sin Nærings-Veg?
           
Ja, eg hev faret galet aat, Dokter, det er visst og sannt, men eg trudde, at denne Mannen vilde nokot vondt.
           
Og fyr di De mistenkte honom fyr at han vilde vondt, so hev De sjølv gjort nokot galet. Detta er ein laak Grunn. Tenk paa det, som eg hev sagt Dykk, medan eg les desse Papiri.
           
Ein halv Time etter var Doktoren ferdig, og so vende han seg til Israel og skrubbad han, liksom han hadde voret Far hans, fyr det, som han hadde gjort, og tok upp tri smaa Mynter av Pungen sin, og sagde til Israel, at han skulde leita upp Mannen og gjeva han Like fyr den Uretten, han hadde gjort han. Sidan bad han Israel fortelja alt, som hadde hendt han, og daa han hadde høyrt Forteljingi hans, sagde han:
           
Eg tenkjer De vilde vera godt fornøgd, um De kunne koma att til Amerika. Kannhenda skal eg finna paa ein Utveg til det.
           
Augurne paa Israel glimad av Gleda. Daa Vismannen saag det, sagde han:
           
Det er uvisst, kva som kann henda. De skal aldri lita for visst paa nokot, og De lyt venja Dykk til ikkje aa missa Modet, naar De ser, at det bryggjer ihop til nokot vondt. Detta hev Livet lært meg, min ærlege Ven.
           
Israel grein nokot, paa Lag liksom ein Matkrok, som dei held ein Rosin-Pudding upp fyr Augurne paa og so tek han burt med same.
           
Eg tenkjer, at eg um ei tvo tri Dagar kann senda Dykk attende til England med nye Papir. I so Fall lyt De gjera ei Reis til, og daa skal me sjaa, um me kann finna paa ein Utveg til aa senda Dykk til Amerika.
           
Israel takkad fint, men Franklin vilde ikkje høyra paa det og sagde:
           
Ein kann aldri fulltakka Gud, Venen min, men Menneskje skal me ikke takka meir enn godt gjer. Kann eg faa sendt Dykk attende til Amerika, hev eg berre gjort ein Lut av det, eg er skyldig aa gjera som Utsending fraa Faderslandet vaart. De skylder meg ikkje annat enn berre dei tri smaa Mynterne som eg gav Dykk. Istadenfyr aa betala dei til meg skal De, naar De kjem heim, gjeva dei til den fyrste Soldat-Enkja, De møter. Ikkje gløym det, det er ei Gjeld. Desse tri Smaamynterne er paa Lag ein Fjordepart av ein Dollar i amerikkanske Pengar, ein Fjordepart av ein Dollar, hugs godt paa det. I Pengesaker, Venen min, skal De altid vera smaagrann; det kvittar eit, um De skylder til ein Frende elder Framand, til ein Bonde elder ein Konge.
           
Godt, Doktor; daa det er so naudturvelegt aa vera smaa-grann i Pengesaker, so vil eg gjeva Dykk Pengarne att. Venerne mine i Brentford hev voret so rauste paa Handi, so eg hev nok til aa bøta den vesle Skaden, eg hev gjort. Eg tok imot dei Pengarne for eg trudde det ikkje var rett aa segja nei, daa De baud meg dei so venleg.
           
Ærlege Venen min, eg likar godt, at De snakkar so endefram, sagde Doktoren. Eg skal taka Pengarne att.
           
Utan Rentur vel, Doktor, sagde Israel.
           
Gode Venen min, sagde Franklin, spøk aldri i Pengesaker. Aldri spøk i Likferd elder i Forretningar. Denne Saki oss imillom er ein Smaating, men der kann liggja store Grunnsetningar i Smaating. Gaa stad no paa Timen og gjer upp med Sko-Kostaren, og kom so hit att; her skal De faa eit Rom, som De kann bu i, so lenge De er i Paris.
           
Men eg skulde nok hava Hug til aa tigga paa Byen, fyrr eg fer att til England.
           
Fyrst Forretningar, sidan Moro. De lyt halda Dykk fyr Dykk sjølv i Romet Dykkar, liksom De var Fangen min, radt til De reiser. Gaa stad no og finn Sko-Kostaren. Høyr, hev De netupp den Sum, De skal gjeva han, i Smaapengar? Tak ikkje alle Pengarne Dykkar upp av Lomma paa Gata; tel etter Pengarne, det er fransk og ikkje engelsk Mynt, De skal betala han med. Godt, desse tri Smaapengarne kann vera nok.
           
Kann eg stana og eta nokot paa Vegen, Doktor?
           
Nei, det er ein Uvane aa eta ute, naar ein kann eta heime; kom attende strakst og et med meg.
           
Ei Stund etter kom Israel attende og sette seg til Bords med Doktoren. Det var uvand Kost, kokt Lammekjøt og grøne Erter. Ei Flaske med eit Slags fargelaust Drikke stod utmed den ærverduge Utsendingen.
           
Lat meg fylla Glasset Dykkar, sagde Doktoren.
           
Gud forlate meg, det er reine klaare Vatnet, sagde Israel daa han kjende paa det.
           
Reint Vatn er god Drykk fyr uvandt Folk, sagde Doktoren.
           
Ja, men Woodcock gav meg Frukt-Vin, og White-Whaltham baud meg Vin og Brennevin.
           
Godt, ærlege Venen min; men soframt De likar Frukt-Vin og Vin og Brennevin, so lyt De venta med aa drikka det, til De kjem tilbakars att til England. Hjaa meg fær De berre klaare Vatnet aa drikka.
                                               
( Meir.)