Fredrik Wilhelm I

[Del 4 av 5. Fyrste delen]
 
Konge av Preussen.
             
(Framhald.)
 
           
I Fristunderne sine dreiv Kongen so smaatt med Maalarkunst. Ein Kunstnar av laag Rang, Haber, blandad Fargar aat honom og underviste han for ein Gylden um Timen. For det meste sette Kongen seg til Maalarbrettet etter Middagsmaten og sovnad der; men fyrr Penselen datt ut or Haandi hans, gjorde han i Halvsvevnen ei Mengd med underlege Striker i Kross og Krok yver det paatekne Bilætet. Naar so Kongen vaknad og saag desse Krossarne og Krokarne, vart han vond og skuldad Læraren for, at han hadde gjort det. Og so fekk daa Læraren tidt smaka Stokken. Maalingi hadde Kongen i Grunnen berre Moro av, naar han var giktsjuk; difor sette han under Maalarstykki sine: Fredericus in tormentis pinxit(Fredrik maalad det under Sjukdom). Dertil lagde Læraren med tettpaa usynleg Skrift: quæ infligebat (det, som er innpaaklint).
           
Hoffmennerne fann naturlegvis Maalarstykki aat Kongen framifraa gode og roste dei det beste dei hadde lært. Soleids roste eingong Baron Pøllnitz eit nytt kongelegt Maalarstykke; men so spør Kongen han, kor mykje han trudde, det Stykket kunde vera verdt i Handelen. Pøllnitz svarad, at det ikkje leet seg betala med Pengar; men skulde ein endeleg nemna ein Sum, so vilde 100 Dukatar vera reint Røvarkjøp. Det er godt, Pøllnitz, segjer Kongen med ein Spesmil; du kann taka det for eit halvt hundrad. Du er ein Mann, som forstend deg paa Maaling, og eg hev lengje tenkt paa aa visa deg ein Godvilje!
           
Fredrik Wilhelm var paa sin Maate gudeleg. Kvar Ettermiddag las han upp for Huslyden sin eit Stykkje av ein Bønebok, og daa maatte alle høyra paa honom, liksom det var ein Apostel, som talad. Deretter stemde ein Kammertenar upp ein Salme, og alle Borni maatte syngja med. Aa ryma fraa Hertenesta var etter Kongens Meining det verste av alle Brotsmaal; i eit Brev kallar han det for Djevelens Verk og segjer, at slikt kann aldri eit Guds Barn gjera.
           
Vaarherre gjeld i Preussen mest som ein Hær-Gud, som ikkje synest hava annat aa gjera enn aa sjaa paa Preussens Bate og gjera Preusserherskararne til Viljes; - dette er og nokot, som skriv seg fraa denne Tidi. Fredrik II var Atheist; men han agtad seg væl fyr aa lata den preussiske Stats-Guden koma i Gløymeboki. Væl var det litet Bruk for han i Fredstid; men vart det Ufred, so vart han framteken og liksom ført med i Slaget; for det var honom, som Folk og Hær skulde takka for Sigeren.
           
Fredrik Wilhelm I var strengt sedsam. Eingong, han var i Dresden, fann Kurfyrst August av Saksen paa, at han vilde setja han paa Prøve, - førde han so ein Kveld inni eit ovfint Rom, og der var det eit Forheng, som vart dreget til Sides. Innanfyre saag daa Fredrik Wilhelm eit straalande upplyst Soverom, og der, paa ei Lega av Silkehøgjend, laag Grevinne Orzelska, Frilla aat Kurfyrsten. Men Fredrik Wilhelm flaug ut reint forskræmd og meinte paa, at han vilde fara sin Veg paa Stundi, dersom han ikkje skulde vera trygg for slike Paafund.
           
Derimot var han glad i Tobak, Øl og Vin. Kvar Kveld heldt han Tobaks-Kollegium i Lag med sine beste Venner. Her maatte ingen uroa han. I ein avbakeleg Fløy ut til Spree-Elvi laag dette Kollegie-Romet, som var tilbutt som eit vanlegt Vertshus. Ei Lampa hekk under Loftet, ein svær Jarn-Omn stod og sprakad og brakad i ei Kraa, og eit langt Bord av Furetre med Benkjer paa baae Sidur fyllte det meste av Romet. Ved den eine Enden av Bordet stod Armstolen aat Kongen, ved den andre ein annan slik Stol aat Gundling, Hoffnarren. Her sat daa Kongen og heldt Hoff med Pipa i Munnen og Ølkrusi framfyr seg, og her vart Despoten til Menneske.
           
Fredrik Wilhelm var ein likso hard Husfar som Landsfader, og av Borni hans var det tvo, som han var reint hatig paa: Fredrik, eldste Son hans, og Dotteri Wilhelmine, som sidan vart gift med Markgreven av Baireuth. Det er ikkje greidt aa segja, kva det kom av, at han hadde lagt denne blide og fine unge Gjenta for Hat. Kanskje kom det av ei Trulovingsgreia. Dronningi vilde, at Wilhelmine skulde hava Prinsen av Wales, og det hadde Kongen helder ikkje nokot imot. Men so fekk han høyra, at Kongen av England, Far til Prinsen, ikkje brydde seg nokot sers um aa koma i Skyldskap med Korporal Speissrot (so kallad den engelske Kongen Fredrik Wilhelm), og so vart daa denne rasande galen og vilde ikkje høyra meir um dette Giftarmaalet. Og so reiv han daa Sinnet sitt ut paa den arme Prinsessa. Daa ho sidan skulde burtgiftast, vilde han gjeva henne ein liten Markgreve av Brandenburg-Schwedt, som ikkje aatte nokot Land, og som dertil ikkje var fri han drakk. Dotteri sette seg imot dette og fekk Medhald av Moer si.
           
Prinsessa hev sjølv sidan skrivet upp sine Minne fraa denne Tidi, og dei er slike, at hadde ho ikkje skrivet dei sjølv, so vilde ingen tru dei. Ho og Bror hennar saag ikkje Kongen utan ved Maaltiderne, og i desse Stunderne var dei reint som paa ein Pinebenk. Kongen kallad henne aldri for annat enn den engelske Kanalje, og Son sin kallad han Slyngelen Frits. Han nøydde dei til aa eta slik Mat, som dei ikkje hadde godt av elder ikkje kunde lika, so at dei ofta ved Bordet maatte gjeva det fraa seg att alt, - fortel Prinsessa. Var det ein liten Ting, han vart vill fyre, so heiv han etter dei med Fat og Tallerkar, og stundom hadde han Moro av aa lata dei svelta. Kongen lagde sjølv fyre av Rettarne til alle, so nær som til Bror min og meg, skriv Wilhelmine. Me fekk inkje nokot; var der nokot att i Fati, naar dei andre hadde fenget, so sputtad han paa det, for at me ikkje skulde eta det.
           
Ein Dag, daa Prinsessa stod fraa Bordet og kom til aa gaa framum Stolen aat Kongen, treiv han Staven sin og slog etter henne. Ho vart so rædd, at ho flaug ut og so burt gjenom alle dei lange Slottsgangarne i den isande Kulden, so ho vart sjuk og fekk Feber, og tilslutt Koppurne. Daa Faeren fekk vita dette, stengde han henne inne i Romi hennar, og ingen maatte koma til henne utan Lærarinna hennar. Der laag ho daa i eit iskaldt Rom. Supa, ho fekk aa liva av, var ikkje annat enn Vatn med Salt i, og bad ho um nokot annat, vart det svarat, at Supa var lagat etter Kongens Paabod. Naar ho sovnad utpaa Morgonstundi, vart ho vekkt av Tromma utanfor Vindaugo; for Kongen vilde helder taka Livet av Dotter si enn lata Trommurne sine tigja.
           
Daa Prinsessa ein Gong til hadde sagt Nei til Markgreven av Schwedt, raakad Kongen henne ein Dag uventande inne hjaa Dronningi. Prinsessa rymde av attum ein Omns-Skjerm; Kongen etter og vilde slaa henne. Ho tok si Tilflugt til Lærarinna si, og denne stellte seg upp framfyr henne; men Kongen trengde paa, so Lærarinna maatte draga seg meir og meir attende og Prinsessa like eins, til dess ho var mest komi heilt upp til Kamin-Elden. Eg krympad meg ihop bak um Madam Sonsfeld, fortel ho, like langt fraa Staven og fraa Elden; han stod og yverhyljad meg med Vondord og prøvde aa faa Tak i Haaret mitt. Eg laag paa Golvet mest steikt; det tok til aa brenna i Klædi mine, og det kunde teket ein speleg Ende; men so vart Kongen trøytt og gjekk sin Veg utan aa segja eit Ord.
           
Endeleg gav Fredrik Wilhelm henne burt til Markgreven av Baireuth; men nokor Heimanfylgje vilde han ikkje gjeva henne. Alt i alt hadde ho 800 Thaler um Aaret aa liva av. Sidan bad Faeren henne ender og Gong heim til Berlin, men var imot henne som fyrr, ja hadde Moro av aa spotta henne, fordi ho var fatik, og taka imot henne som ho var ei Tiggarkona. Haa, haa, er du der, sagde Kongen, det var Moro aa sjaa deg att, og so heldt han eit Ljos uppimot meg, fortel ho ein Stad. Du hev forandrat deg svært, sagde han. Ja, eg hev vondt av deg; det er vel berre so vidt du hev Maten til Munns, og hadde du ikkje meg, maatte du ut og tigga; men eg er og ein fatik Mann, som ikkje hev stort aa gjeva burt. Eg skal gjera kva eg kann, og ei 10-12 Gylden kann eg væl altid vera av med. So vende han seg til Dronningi: Og du, sagde han, fær gjeva henne ein Kjole so ender og daa; det Stakkarstinget hev knapt Skjorta paa Kroppen.
           
At Kongen ikkje likad Son sin, kann ein helder forklara. Prinsen viste Sans for Lesning og Tenkjing og kunde ikkje altid løyna sin Mothug for den Uppfostringsmaaten, Faeren brukad, og so lagde Kongen tilslutt Hat til Guten. Det er ein liten Sprett, sagde Kongen, og ein Filosoff, som vil skjemma ut heile mitt Verk. Fyrst forbaud han han aa lesa; naar han raakad Son sin med ei Bok, kastad han Boki paa Elden. Krunprinsen var glad i Musikk og blees paa Fløyte; Faeren slog med eigi Haand fleire av Fløyturne hans sund paa Ryggen av Grenaderarne sine. Ein Skulelærar i Potsdam hadde ei Dotter, som og kunde spela; Prinsen og ho spelad Duettar saman. Kongen trudde strakst, at det var nokot galet, dei hadde for seg, og leet piska Gjenta gjenom Gaturne i Byen og sidan setja henne paa Spinnehuset i 3 Aar.
           
Han kunde ikkje finna seg i den Tanken, at Sonen ein Gong skulde verta Konge etter han. Han prøvde aa tvinga Krunprinsen til aa gjeva Arveretten burt til Bror sin, men det nyttad korkje Juling elder Trugsmaal, Fredrik vilde ikkje. Eingong sagde han til Far sin: Kann du ikkje lysa ut for Aalmenta, at eg er eit Lausbarn, - so skal eg lata Bror min faa alt. Kongen treiv Prinsen i Haaret, drog han burt til Vindaugat og prøvde aa kverka han med Gardinsnori; hadde ikkje ein Tenar høyrt Prinsen skrika og komet til Hjelp, so hadde Kongen drepet han.
           
Tilslutt vart Fredrik so leid av alt dette, at han sette seg fyre han vilde røma. Sjølve Kongen hadde stundom naar han foor vondt med Prinsen, sagt til han paa ein speande Maate: Hadde Far min faret med meg som eg gjer med deg, so hadde eg tømt min Veg hundrad Gonger; men du er ei Kjering og eig ikkje Mod. Prinsen fortrudde seg til Adjutanten Keit og til Venen sin Løytnant von Katte. Dei skulde fylgja Kongen paa ei Ferd sudpaa i Landet, og daa skulde dei sjaa aa faa Tilføre til aa koma avstad. Av ein hollandsk Jøde laante Prinsen nokre hundrad Dukatar; Keit skulde halda Hestar ferdige i ein Landsby ved Frankfurt, og Katte skulde slaa Lag med dei, naar dei var komne i Veg. Til Syster si Wilhelmine hadde Prinsen fyrr dei reiste yvergjevet eit Skrin, som inneheldt Brevskaparne hans. Men so var det eit Brev, som kom i urette Hender, og dermed kom det heile upp. Daa Prinsen skulde stiga paa Hesten, vart han arresterad av tri Generalar, og Dagen etter vart han førd for Kongen, som vart reint vill av Sinne.                            
 
( Meir.)