[Vinstre og Pietismen.]

Vinstre og Pietismen. (Brev fraa Stavanger-Kanten). Det hev voret sagt so ofta, at vaar liberale Politik hev sin verste Motstandar i Pietismen. Og Høgrebladi spekulerar i det, ser det ut til. Paa Vestlandet skulde det daa vera verst, for der er mest av det, som dei kallar Pietisme.
           
Men det er nok ikkje so faarlegt paa Vestlandet helder.
           
Vestlands-Pietistarne er ikkje so rædde Vnstrepolitikken.
           
Det hev nylig voret haldet eit stort Missionsmøte her hitte einstad. Og der vart det Vonom meir Snakk um Politikken. Det var ein og annan, som hadde Saarhug, ikkje fordi dei trudde Vinstre var paa galen Veg, men fordi dei var rædde at Vinstre kanskje gjekk for fust fram; men daa dei fekk litt Utgreiding um Sakerne, so godkjende dei heilt ut Vinstres Framferd. Like eins er her stor Medhug med Præsident Sverdrup og varme Ynskje um, at han maa sterkna til att.
           
Bjørnson hev no alle trutt, at me Vestlandsfolk maatte vera reint rædde. Men um det kann eg fortelja Dykk, Hr. Bladstyrar, at det er mange her, som snakkar paa, um Ein inkje kunde faa Bjørnson hit til aa halda Foredrag. Eg trur sannt aa segja, at Bjørnson burde tenkja paa ein slik Tur. Han vilde verta betre motteken, enn han kanskje trur, og mange, som no kjenner han mest av Høgreumtale og altso hev gjort seg reint galne Tankar um han, vilde daa læra aa forstaa han og heilt ut vyrda hans ærlege Tru og Manndoms Mot. Eit slikt Møte vilde vera godt, baade for Vestlendingarne og for Bjørnson; for han trur vel og, at Folk her berre hatar han.                        
 
XV.