"Det Aschehougske Princip."

[Del 3 av 3. Fyrste delen]
 
(Av A. O. Vinje.)
 
 
(Slutten.)
           
Eit nærare Samband med Sverige maatte og føra til ei sterkare Kongemagt. Det var raadlaust annat, og det er nokot, som fylgjer av seg sjølv, og som altid og er set, at ei Embættsstand, vitande elder uvitande um det, stevner (graviterer) mot ei sterk Kongemakt. Planeterne svinga kring si Sol. Eit sokallad Folkestyre vil altid meir draga sine Umbodsmenn ned imot seg og gjera dei til Folkets Tenarar og naturlege Tilsynsmenn, medan ei fast Kongemakt dreg deim upp til seg og brukar deim som Reidskapar i si sterke Hand, paa same Tid som den gjer deim til ein liten Stat i Staten. Og her er Knuten i denne Sak. Vil vaar Embættsstand slaa seg til Folket og liva og døy med det, elder vil den i full Uststrekning slaa seg til dette Princip? Det er Svaret paa desse Spursmaal, som kjem til at avgjera vaar Lagnad, om det skal bli eit Folk av oss elder ei; for det store Folk er enno ikkje so upplært, at det kann undvera desse sine Tenestemenn i slik ein Strid. Her er mange unge gode Folk ja eg vaagar meg til aa segja dei beste som halda med det, eg kallar Folket i denne Sak; men her er og mange, som taka dette heile Princip som eit Evangelium og kalla Folk og daa mest Dølen for Skandalmakarar og Forrædere, naar dei lasta det og ikkje taka heile Grisen med. Her er soleids Hjelpetroppar paa baade Sidur, men Slagets Utfall vil likevel koma til aa staa paa desse tvo Hovudhærer, nemleg den faste Embættesflokken, og Bonde paa Land og Borgarar i By. Det fell vel Folk ifraa til baade Kantar, som ganga over til det andre Læger, men likevæl so ligg Styrken her hite og der burte.
           
Vaar Embættsstand gjorde si store og gode Gjerning i vort Riksliv frametter. Men no daa Sambandet med Danmark i aandeleg Meining vert mindre, og vaar Forfatning fører det med seg, at den mindre og mindre kann vera ei Stand i den gamle Stilen, no skal Ingen undrast paa, um den tenkjer paa Sverige og ei styrkt Kongemakt for aa halda seg uppe. Statsinstinktet maa tilsegja den det. Vardt her no soleids eit Unionsparliament for det maatte koma etter det samansette Statsraad so vilde der ikkje koma mange Bønder dit. Det kunde kanskje vera ein og annan slik som f. Ex. Hammerstad. Og so gjekk daa og som nokot sjølvsagt Hærvesenet over til Unionsparlamentet og med dette det rette Rikssværd, so Storthinget sat her att som eit Slags Amtsformannskap, og dermed var og det sterkaste av Embættsverket frigjort fraa Storthingets Magt, og vart som eit Slags Statholdarskap her for Kongen af Sverige. Det vilde vera reint hovudstort (kapitalt) dette, og veit ikkje vaar Embættsstand dette før, so kann eg her segja den det no. Men dette Princip, som her er utviklad, maa hava sagt det til dei meir Umtenkte, og Aschehoug var eit naturlegt Uttryk for Standstanken i det og, daa han sette dette framlagde Forslag i Stil og gjekk so lett over til Grev Sparres Tanke, at der burde gjerast nokot nytt og ikkje bøtast paa den gamle Riksakt, som var ubehagelig for den svenske Følelse; og at der heller ikkje som ein tredie Slags Utveg burde leggjast til Grunn Arbeidet av den eldre Unionskomite. Daa dette var gjenget inn paa av dei norske Utvalde, so vart Harbitz sjuk. Men det er ikkje um denne lange Sak her no er Tale.
           
Naar det gjeng deg sjølv godt, so trur du so lett, at det gjeng dei Andre likeins. Naar me sitja mette og utyrste kring det rike Bord, so sjaa me Livet i Rosenskyer teikna seg mot Himelsyni. Lider du derimot sjølv vondt, so er alting svart. Dette er den veike Mannatanken. Dette Modløyse med vor Rikstilstand, som mundtleg og skriftleg er komet for Dagen i desse siste Aar netupp fraa desse Princip-Menn, det kann vera, og eg trur i mangt det er eit Uttrykk for den veiknad Embættsstand, som ser seg om etter Hjelp. Det heiter vel, at dette kjem av den rettlause Tilstand i Europa; men dei maatte daa vera so kloke og vita, at det meir maatte veikna enn styrkna Samriket, at desse tvo Folk blandad seg meir ihop, idet Rivning paa mange Maatar maatte fylgja med dette. Nei, eg gjer desse Folk so framtenkte, at det var der, som her er sagt, Skoen klembde.
           
Dette fell og saman med den heile Næringstanken, som ligg i dette Princip. Gjeiti er eit næringsdrivande Dyr, vert det sagt, og dette princip er netupp Føda. Gud velsigne den, vert og sagt, og desse Folk ero netupp og kjende som store Framstigsmenn i Matvegen. Men daa dei i dette sit nyttige Stræv synes at tru væl litet paa dei aandelege Kræfter i Livet, so er det og kjennt, at dei tidt er kallad Guanokrater. Det vantar daa heller ikkje paa Synsmaatar av dette Slag i Motiverne til Unionsforslaget f. Ex. Side 31, der Handelsnytten af sams Konsulatvæsen vert omtalad som styrkjande Utlandets Indbildning at det er eit og ikkje tvo Rike. Der stend soleids blandt annat:
           
Navnlig tillod Storbitanien, saalænge det forbød fremmede Skibe at føre andre end deres eget Lands Produkter til britiske Havne, dog Indførsel af svenske Produkter i norske Fartøier og omvendt, Noget, der i høi Grad bidrog til den norske Skibsfarts og svenske Trælastexports Opsving, men neppe vilde dette være blevet tilladt, hvis ethvert af de forenede Riger, havde havt sit eget Konsultatvæsen og derved ligeoverfor fremmede Magter betegnet sine kommercielle Interesser som adskilte.
           
Det er aa tala som Skotsmannen dette. Men han fekk daa god Bitaling fyr seg, han, og der maa vel vera eit vist Pengeværd paa eit Folk og, endaa det er Mange, som trur, at det er med ein Nation som med den einskilde Mannen, at den ikkje kann gjeva upp godviljugt det minste av sin Livstanke for nokonsomhelst Pris. Folket skal hava ei Sjel det og. Det er naturlegvis ellers ingenting i Vegen for, at me javna og skipa paa oss med Sverige, men det maa skje paa andre Grunnar enn slike, som desse Princip-Menn føra i sit Skjold.
           
Det er fraa Universitetet, Storskulen, mange av Tankarne for si Tid skal koma. Derfor hava me og Professorar i dette Princip, og forsovidt som der vert uttrykt ein meir aandeleg Tanke vert det i unionel-politisk Retning, so er Professor Daa og med. Det er med eit sjølvstendigt Norge i Literatur og Politik som med ein liten Stakkar hoppande i Skogen; mange Hundar er Dauden hans, heiter det.