Utgreidingi um Vetoet

[Del 3 av 6. Fyrste delen]
 
(Framhald).
           
 
Sedvaneretten er i det heile lite moralsk. At ein Ting, som i seg sjølv er galen, skal verta rett ved aa gjerast uppatt, - det er imot alt, som me hellest forstend eller trur. Og aa setja upp ei slik Lære som Grunnsetning og byggja paa den, so at Ein kann forsvara og halda uppe ein galen Ting, naar ein berre kann prova, at han hev voret i Bruk i ei viss Tid, det er nokot, som berre Juristeriet kunde finna paa. Kanskje naar det gjeld reine Smaating, so kann det vera praktisk (nyttigt) aa hava ein slik Regel. Men at Regelen er umoralsk, er greidt. Aa segja som so: det og det er i seg sjølv ulovlegt, men daa det hev voret gjort i so og so mange Aar, so skal me halda paa med aa gjera det likevæl, endaa me ser, at det er imot Loven, - det kann ikkje vera rett, kor praktisk det so kann vera.
           
Sedvaneretten vert stundom endefram stygg. Det er naar han lærer, at ein Mann kann tapa sin beste og klaaraste Rett, naar han ikkje passar paa og held Kravet sitt allstødt uppe, - anten fordi han trur Folk for godt, elder fordi han ikkje veit um, at der er so stor ein Skilnad paa Jus og Moral. At t. D. ein Mann kann verta Eigar av annan Manns Gods berre ved aa taka seg til aa bruka det og so driva paa og bruka det i 20 Aar elder kor lengje det er, det skulde Ein tru maatte vera imot all Folkeskikk.
           
Men Juristarne segjer, at det maa til, hellest vart her altfor mykje Krangel og kanskje meir Urett enn her no vert. For den høgste Retten kunde ofta verta den høgste Uretten, - segjer Juristarne.
           
Det maa daa vera som det kann med det. Men so mykje er visst: Sedvaneretten er ein av dei Grunnsetnignarne, som Ein maa bruka so lite som mogeleg, og ialfall berre naar det gjeld mindre Ting.
           
- Men no kjem dei seks lærde og set upp Sedvaneretten som Grunnlovsgrunnsetning. Og det ikkje berre so, at dei vil hava Sedvanen fylgd, der Grunnloven ingen Ting hevavgjort, men Sedvanen skal vega jamt med sjølve Grunnlovens Ord, ja meir enn det: hev ein Skikk voret i Bruk ei Tid, so skal denne Skikken gjelda som Grunnlov, um det so skulde henda, at han var imot Grunnlovens eigi Meining!
           
Og dette skal gjelda, ikkje berre naar der er Tale um mindre vigtige Grunnlovsvedtak. Det skal gjelda, endaa naar der handlast um Grundlovens Principer. Desse Principer kann etter Grundlovens klaare Ord ikkje paa nokon Maate forandrast. Jau! segjer dei 6 lærde. Dei kann forandrast. . . dei kann forandrast gjenom Praksis! -
           
Kongens Sanktionsrett til Grunnlovsavgjerder hører til de sikreste Sætninger i vor konstitutionelle Ret endog bortseet f r a dens Utvivlsomhed efter Grundlovens eget Indhold. Kongen hev fengje Hævd paa Vetoet, liksom ein Mann kann faa Hævd paa eit Markstykkje elder ei Tarestrond.
           
- Ja, me er komne langt. Og dette kallar dei Vitenskap. Det er eit Sakførar-Innlegg reint og klaart, - ja det minner kanskje mest um Bygdeprokurator-Knutsen. Det skal vera Professor Aubert, som hev ført det i Pennen. Han var visst ikkje umogleg til Prukkerattar, han.
           
 
Dei same 6 snakkar um, at Grunnloven skal vera so heilag. Ja, me synest me kann merkja det.
           
Naar Folkets dyraste Rett, sjølve Retten yver sin eigen Lagnad. Grunntanken i Grunnloven. Folkesuveræniteten, naar den ikke stend tryggare, enn han kann lurast burt gjenom 60 Aars Sedvane, og det endaa at det stend med reine Ord i Grunnloven, at Grunntankarne hans kann ikkje paa nokon Maate umgjerast, - so vert det ei underleg Helgd yver Norigs Grunnlov.
           
Nei, de gode Herrar Professorar, - veit De, kva det norske Folket hev tenkt seg med det Ordet um, at Grunnloven er heilag?
           
Dermed hev Folket tenkt seg det, at Grunnloven var ein Lov, som ingen kunde gjera Kunster med, ikkje eingong juridiske, Professorar, - ein Lov, som fekk gjelda som han var skriven, til dess han paa logleg Maate vart umgjord. ein Lov, som sikrad Folket dess Rett so trygtt, at ikkje tusund Mistak og ikkje hundrad Aars galen Sedvane kunde lura Retten ifraa det. Paa Grunnloven hev Folket trutt og bygt, den hev det trøystat seg til, og den hev det kjennt seg trygt ved. No ser det ut til, at denne trygge, rolege Trui paa Landsens Lov skal skiplast og undergravast. Og det ser ut til, at Juristarne vil fingra og fingra so lengje paa vaar Fridoms Klenod, til det taper sin Glans og sin Heilagdom. Men hender det, ja so hev dei gode Herrarne øydelagt ein so stor Garanti for Samfundets rolege, jamne konservative Utvikling, at um dei vann det absolute Veto hundrad Gonger det vilde vera ingenting verdt mot det, som var tapt!                      
 
( Meir).