[Røysteretten...]

Røysteretten vart idag avgjord i Storthinget. Etter at dei Qvam-Løbergske, Daae-Sørensenske og dei Par fyrste av dei Sverdrupske Forslag var forkasta, vart Sverdrups Forslag III vedtekje med 74 mot 34 Røyster. Dei 34 var: Roll, Schrøder, Jebsen, F. Steen, Bruun, Helland, Skattebøl, Hurum, Aschehoug, Grimsgaard, Birkeland, Lambrechts, Fougner, Johanssen, Saxe, Blackstad, Hansen, Motzfelt, Andresen, Naur, Helliesen, Knudsen, J. Smitt, Hirsch, Bonnevie, Jenssen, Harbitz, Hille, Kaxrud, L. Smitt, Reinhardt, Krag, Thuesen, Essendrop. Borte var: Frilset, Bang, S. Solberg, Rasch, Jacobsen, Schjørn.
           
Etter det vedtekne Forslaget skal alle faa Røysterett, som skattar etter ei aarleg Innkome av 800 Krunor i Byarne, og 500 Kr. paa Landet, og dertil dei, som hev bruka skyldsett Jord i 5 Aar og endaa brukar henne dei tarv ikkje hava bygsla Jordi. Det er utreikna, at etter dette skulde det verta kringom 40.000, som fekk Røysterett, derav 12-14000 i Byarne. Fyrr er det ved Lag 140,000 som hev Retten, derav 25,000 i Byarne, so um det no vedtekne Forslaget vert Lov, so vert det berre 2/ 7 Partar av alle, som vert nye.