[Notisar]

Kristiania, den 20de Mai.
 
Kapt. Jacobsen hev idag fenge seg ein Høgsterettsdom paa 40 Kronors Bot til Rikskassa av di han i Haust ein Gong reiste fraa Kongsvinger inn til Kristiania utan Lov.
 
           
I Pension til Stang vil Høgremennerne i Nemndi Birkeland, Johanssen, Saxe - gjeva 10,000 Kr. Vinstre hev skilt seg i tvo: Arctander, Liljedahl og Vindal vil bevilga 6000 Kr., men Jaabæk, Juel og Ueland ingen Ting.
 
           
K. Motzfeldt sagde i Ordkastet om Marine-Budgettet i Tinget, at Kongen ingen Rett hadde til aa segja Veto i Bevillingssaker.
 
           
I Kristiania vil dei no faa i Stand eit Lag, som skal byggja Eimbaatar til Vare-Føring. Det var ikkje for tidleg.
 
           
Ryssarkeisaren heve sagt at han vil halda ved med Eine-Styret.
 
           
Frankrike og Tunis er no vortne forlikte att. Beyen vert mest berre som ein Understyrar under Frankrike.
 
           
I Spania er det halde Formannskapsval. Dei frilynde hev fengje stort Fleirtal.