"Rikspeningen og Administrationen".

Som Folk vil hugsa, kom det ifjor Haust upp av eit reint Hende -, at den dyre Jarnbrui, som Jarnvegsstyret havde funnet paa aa kjøpa heim fraa Tyskland, den var reint ubrukeleg. Ho maatte sendast tilbake til Fabrikken. No ligg der daa ein Diæt-Mann dernede og skal passa paa, at dei ikkje gjer Fusk ein Gong til.
           
Me skal ikkje snakka um, kor vitlaust det er aa faa slike Greidur som ei Jarnvegsbru støypte i Fabrikkar, som er saa lite sætande, at dei kann levera fraa seg slikt Arbeid. Ei Jarnvegsbru maa vera fullgod all igjenom; for er ho ikkje det, so kann ho snart springa, og kvar og ein kann vita, kva det kunde hava paa seg.
           
Men Sendingi av den svære Brui fraa Tyskland til Horten og fraa Horten til Tyskland att, og Mannen med Diæten, som no ligg der nede og skal hava Tilsyn med Støypingi, - ja, det vert Pengar av det!
           
No skulde det vera morosamt aa vita, kven det er som skal betala denne Leiken. Er her nokon, som vaagar aa segja, at det altihop gjeng av den tyske Fabrikkassa?
           
Og so skulde det vera Moro aa vita, kva Grunnen er til, at ikkje slikt Arbeid kann gjerast her heime. Det vilde endaa vera ei Trøyst, um eit Arbeid fall dyrt, naar Pengarne daa vart verande i Landet og skaffad Næring til Landsens Folk!
           
Men no øydest det Pengar burt i Mengd, - og so utanfor Landet for det meste. Kor hev dette seg?
           
Er Administrasjonen for fin paa det til aa kunna bruka norskt Arbeid? Elder finn Administrasjonen det gagnlegt ender og Gong aa hava TIlføre til aa gjeva visse Folk Pengar til aa liggja i Utlandet med?
           
Elder er det so kann henda, at visse Folk hev lettare for aa tena visse Slags Ekstrapengar, naar Arbeidet vert gjort i utanlandske Verkstader og gjeng gjenom fleire Hender? -
           
Skulde det ikkje vera Raad aa faa Greida paa desse Ugreidurne ein Gong? For nokot ugreidt er her!
                                               
T... -