Sogur fraa Island.

[Del 10 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga).
 
(Fraa No. 12.)
 
           
Den Sumaren, fyrr Slaget var i Aalftafjorden, var det komet eit Skip til Dogurdarnes, som fyrr er fortalt, og der hadde Steintor fraa Øyr kaupt seg ein Tiæring (Baat med tie Aarar), men daa han skulde føra heim Baaten, kom det ein sterk Vestavind, og dei dreiv inn um Torsnes og sette upp Baaten i Gruvlunaustet, og derfraa gjekk dei yver Aasarne til Bakke, og derfraa fekk dei Baat heim, men Tiæringen vart inkje hentad um Hausten og stod der i Gruvlunaustet. Ein Morgon strakst fyre Jol stod Steintor upp tidleg og segjer, at han vil henta Tiæringen sin. Brødrarne hans, Bergtor og Tord Blig, vart med han; daa var Saaret hans Tord mest attegrodt, so han var godt vaapenfør. Tvo av Nordmennerne paa Skipet som budde hjaa Steintor var med. Ialt var dei 8 Mann og dei rodde fyrst yver Fjorden til Seljahovde, og sidan gjekk dei inn til Bakke og derfraa slo Tormod, Bror deira, Lag med dei, og han var den niende, Derfraa gjekk dei paa Isen til Vigrafjorden, og den hadde lagt seg heile Vegen. Denne Fjorden er slik, at han vert reint turr, naar det er Fjøre Sjø, og daa vert Isen liggjande paa Leirurne. No var det Fjøre Sjø, og dei Skjeri som var i Fjorden, stod upp or Isen, og Isen var fyr det meste gjengen i sund paa desse Skjeri, og Isflaki hallad mykje ut fraa Skjeri. Der laag laus Snø paa Isen, og det var fælande glatt. Steintor og hine for til Gruvlunaustet og drog ut Tiæringen; dei tok baade Aararne og Tiljurne og sameleids Yverklædi sine og dei tyngste av Vaapni og lagde etter der paa Isen, og sidan drog dei Tiæringen alt ut til Iskanten, og sidan gjekk dei inn etter Klædi sine og dei andre Tølerne sine. Men daa dei kom inn att i Vigrafjorden, saag dei, at det kom gangande 6 Menner, og at dei tok Vegen til Helgafell. Steintor og hine tvilte fyr, at detta var Torbrands-Sønerne, og at dei ætlad seg til aa vera paa Helgafell i Joli. Daa for Steintor og hans Menner fort ut etter Fjorden etter Klædi og Vaapni sine. Det var, som Steintor gissad paa, at detta var Torbrands-Sønerne. Daa desse saag, at det kom Menner springande ut etter Fjorden, kunne dei skyna kven det maatte vera, og dei tenkte at Øyrbyggerne nok vilde hava eit Møte med dei. Daa lagde Torbrands-Sønerne og paa Spranget og tok Vegen til eit Skjer og var meint verja seg uppe paa Skjeret, og daa for dei mest beint mot kvarandre, og Torbrands-Sønerne kom fyrst til Skjeret. Men daa Steintor og hine Øyrbyggerne sprang fram um Skjeret, daa skaut Torleiv Kimbe eit Spjot i Flokken deira og det raakad Bergtor Torlakson paa Midten, og han vart radt ufør til aa slaast. Han gjekk inn paa Isen og lagde seg ner der, men Steintor og hans Menner gjekk paa Skjeret, og nokre for etter Vaapni deira. Torbrands-Sønerne varde seg godt og manneleg, og dei hadde eit godt Forsvars-Stelle og, av di Isflaki hallad ut fraa Skjeret og var overlag haale, og det drygde ei Stund, fyrr nokon vart saarad, til dess dei kom att, som hadde gjenget etter Vaapni. Steintor og 5 Mann gjekk paa Skjeret, men Nordmennerne gjekk burt paa Isen eit Stykke paa Skotmaal, Dei hadde Bogar og skaut paa dei paa Skjeret og daa kom Torbrands-Sønerne i Berrhogget. Daa Torleiv Kimbe saag, at Steintor drog Sverdet sagde han: Du hev den kvite Parerplata idag og, Steintor, men eg veit inkje, um du hev det blaute Bladet endaa, som du hadde i Haust i Aalftafjorden. Steintor svarad: Det skulde eg lika godt, at du fekk kjenna fyrr me skilst, um eg hev det blaute Bladet elder inkje. Det gjekk seint med aa taka Skjeret. Daa dei hadde nappast ei lang Stund, tok Tord Blig Rennarsprang mot Skjeret og vilde stinga Torleiv Kimbe med Spjotet, fyr di han var jamnleg fremst av sine Menner. Spjotet raakad Skjolden hans Torleiv, men daa Tord Blig flaug til av all si Magt, so gleid Beini undan han paa det haale Isflaket og han datt att aa Bak og siglde baklenges ner av Skjeret. Torleiv Kimbe sprang etter han og vilde drepa han, fyrr han kom seg paa Føterne att, og Frøystein Bove sprang etter. Frøystein var Fosterson hans Torbrand, og Folk sagde, at han var Son hans Torbrand med ei Trælegjenta; han var ein utifraa sterk Mann. Han hadde Broddar paa. Steintor sprang til og heldt Skjolden yver Tord, daa Torleiv vilde hogga til han, og med den andre Handi hogg han til Torleiv Kimbe og hogg av han Beinet nedanfyr Kneet. I det same stakk Frøystein Bove etter Steintor, og sigtad etter Midten paa han. Men daa Steintor saag det, sprang han upp i Veeret, og Spjotet kom millom Beini paa han, og desse tri Ting, som me no hev fortalt um, gjorde Steintor paa ein Gong. Dermed sette Steintor inn paa Frøystein Bove og hogg han i Halsen med Sverdet. Klembde eg til deg no, Bove, sagde han. Det er visst, at du klembde til meg, sagde Frøystein Bove, men du klembde inkje so faarleg til meg, som du trudde, for eg er inkje saarad. Frøystein hadde ei Ull-Hetta paa seg, og Hette-Flaki laag dubbelt under Hoka, og der hadde Steintor raakad. Dermed drog Frøystein seg uppatt paa Skjeret. Steintor bad, at han skulde inkje undan røma, naar han inkje var saarad. Daa snudde Frøystein Bove seg um, og daa gjekk dei hardt mot kvarandre, og Steintor hadde vondt fyr aa standa paa Føterne daa Isflaki baade var haale og hallad, men Frøystein Bove stod fast paa Broddarne sine og hogg baade hardt og tidt. Men Enden paa Slaastingi vart, at Steintor fekk lagt til han med Sverdet ovanfyr Mjødmarne og hogg han av paa Midten. Dermed gjekk dei upp paa Skjeret og stoggad inkje fyrr alle Torbrands-Sønerne var fallne. Daa sagde Tord Blig, at dei skulde ganga millom Kroppen og Hovudet paa alle Torbrands-Sønerne, men Steintor sagde, at han vilde inkje slaast med Menner, som laag. Daa gjekk dei ner av Skjeret og der, som Bergtor laag; daa var han maallaus, og dei tok han med seg ut til Tiæringen og rodde ut til Bakke um Kvelden.
           
Saudegjætaren hans Snorre Gode hadde voret paa Øksnabrekkurne um Dagen, og derfraa hadde han set, at det bar ihop i Vigrafjorden. Han for radt heim og sagde det til Snorre Gode at det hadde voret eit Møte paa Vigrafjorden, og at det hadde inkje voret vidare kjærlegt. Snorre og hans Menner tok Vaapni sine og for inn til Vigrafjorden, 9 Mann sterke, og daa dei kom der, var Steintor og hine burte og var komne inn av Fjordisen. Snorre Gode og hans Menner saag etter Saari, og ingen hadde døytt der, so nær som Frøystein Bove, men alle var dei saarad mest til Ulivs. Torleiv Kimbe bad Snorre Gode fara etter Steintor og hine og inkje lata nokon av dei koma seg undan. Sidan gjekk Snorre Gode dit, som Bergtor hadde leget, og saag der ein stor Blodflekk. Han tok upp alt ihop, baade Blodet og Snøen, i Handi og kreistad og stakk det i Munnen paa seg og spurde, kven det var, som hadde blødt der. Torleiv Kimbe sagde, at det var Bergtor. Snorre Gode sagde, at det var Innvolls-Blod. Det er trulegt sagde Torleiv, for det var av eit Spjot. Eg tenkjer det, sagde Snorre, at detta er feig Manns Blod, og me vil inkje fara etter det. Dette sagde Snorre, fyr di han totte, at detta var Hemn nok, at Bergtor døydde. Sidan hadde dei Torbrands-Sønerne heim til Helgafell og batt um Saari deira. Torodd Torbrandsson hadde so stort Saar bak paa Halsen at han kunne inkje halda Hovudet uppe. Han gjekk i Sokkebrok (ei Brok som gjekk i eit med Sokkarne), og heile Broki vart vaat av Blod. Ein av Mennerne hans Snorre Gode skulde klæda av han, men daa han skulde kippa Broki av han, kunne han inkje faa ho av. Daa sagde han: Det er inkje Lygn um dykk Torbrands-Sønerne, at de er svære til aa klæda dykk paa høgste Moten, for de hev so tronge Klæde, at det er inkje Raad til aa faa dei av dykk. Torodd sagde: Du hev vel inkje teket hardt nok i. Daa spente Mannen med Føterne mot Benken og togad av all si Magt, men Broki gjekk inkje av. Daa gjekk Snorre Gode til og kjende paa Foten hans, og daa merkad han, at det stod eit Spjot gjenom Foten millom Okla og Leggen og hadde nestat ihop baade Foten og Broki. Daa sagde Snorre, at han var ein stor Gap, som inkje hadde lagt Merke til slikt. Snorre Torbrandsson var minst saarad av Brødrarne og sat til Bords um Kvelden med Snorre Gode, og dei hadde Skyr og Ost. Snorre Gode merkad, at Namnen hans tok litet til seg av Osten, og spurde, kvifyr det gjekk so seint med han. Snorre Torbrandsson svarad og sagde, at det gjekk traa-ast med aa eta fyr Lambi i den fyrste Tidi, etter dei hadde fenget Kjevle paa seg. Daa kjende Snorre Gode etter paa Strupen hans og merkad, at det stod ei Pil tvert igjenom Halsen og inn i Tungeroti. Daa tok Snorre Gode ei Knipetong og knipte ut Pili og sidan aat han. Snorre Gode lækte alle Torbrands-Sønerne. Daa Halsen hans Torodd tok til aa gro att, lutte Hovudet hans litet Grandet framyver. Daa sagde Torodd, at Snorre vilde lækja han, so han vart vanskapad, men Snorre Gode meinte paa det, at naar Senarne knytte seg, vilde Hovudet retta seg upp, men Torodd vilde inkje annat, enn at han skulde riva upp Saaret att og setja Hovudet rettare. Men detta gjekk, som Snorre tenkte, og Hovudet reiste seg, daa Senarne knytte seg, men han vart nokot stiv all si Tid. Torleiv Kimbe gjekk sidan med Trefot.
           
Daa Steintor paa Øyr og hine kom til Naustet paa Bakke, sette dei upp Tiæringen der, og Brødrarne gjekk upp paa Garden, men dei hadde tjeldat yver Bergtor i Naustet um Natti. Kona hans Tormod Torlakson paa Bakke het Torgjerd; ho var Syster til Torbrands-Sønerne. Dei fortel, at ho vilde inkje ganga i Seng um Notti med Tormod, Mannen sin, men daa kom det ein Mann nedantil Naustet og sagde, at daa hadde Bergtor sloknat. Daa detta spurdest, gjekk Torgjerd i Sengi si, for daa hadde ho fenget Hemn fyr Brødrarne sine, og det er inkje fortalt um, at det vart Uvenskap millom henne og Mannen av detta sidan. Steintor for heim til Øyr um Morgonen, og sidan gjorde dei inkje Yverfall paa kvarandre meir um Veteren. Um Vaaren totte godviljuge Menner, at det var Skade, at dei skulde vera uforlikte, som var dei gjævaste der i Bygdi. Dei tok ut dei beste Mennerne, som var Vener med alle, og dei freistad paa aa faa Forlik i Stand, og Vermund Mjove var Formannen. Dei fleste fortel, at dei let Vermund døma i Saki, og han kunngjorde Domen paa Torsnesting etter Samraad med dei klokaste Mennerne, som der var. Etter Domen hans Vermund gjekk Saaret hans Tord Blig i Aalftafjorden og Saaret hans Torodd, Son hans Snorre Gode, upp i upp. Men Saaret hans Maar Hallvardsson og det Hogget, som Steintor hogg til Snorre Gode, vart reiknat jamt med tri av dei Mennerne, som vart drepne i Aalftafjorden.

Men dei tvo Mennerne, som Styr drap, ein i kvar Flokk, gjekk upp i upp. Paa Vigrafjorden gjekk det upp i upp Saari til Torbrands-Sønerne og Draapet hans Bergtor. Draapet hans Frøystein Bove kom upp i upp med den Mannen, som var fallen av Mannskapet hans Steintor i Aalftafjorden, og som inkje var reiknad med fyrr. Torleiv Kimbe fekk Bot fyr Fothogget. Men den Mannen, som var fallen av Mannskapet hans Snorre Gode i Aalftafjorden, gjekk upp i upp med den Mannen, som var fallen av Mannskapet hans Steintor i Aalftafjorden, og som inkje var reiknad med fyrr. Torleiv Kimbe fekk Bot fyr Fothogget. Men den Mannen, som var fallen av Mannskapet hans Snorre Gode i Aalftafjorden, gjekk upp i upp med det, at det var Torleiv Kimbe, som fyrst braut Freden der. Sidan liknad dei ihop dei andre Saari, som Folk hadde fenget, og Skilnaden vart utjamnad med Bøter, og dei skildest forlikte paa Tinget, og baade Steintor og Snorre Gode heldt detta Forliket godt, so lenge dei livde. Torbrands-Sønerne Snorre og Torleiv Kimbe for sidan til Grønland, og etter Torleiv hev Kimbavaag i Grønland millom Jøklarne fenget Namn. Torleiv budde der all si Tid, men Snorre for til Vinland med Karlsevne, og der fall Torbrand, Son hans, i eit Slag med Skrælingarne. Torodd Torbrandsson vart buande i Aalftafjorden.