Eit Takkebrev.

Mi hjartelege Takk ber eg herved fram til dei Menn, som i Aar heve komet med Forslag til Thinget, um aa gjera Ross til Professor i Norsk, um aa hjelpa oss, so me fær Bibelen paa Norsk og um aa gjera Norigs Soga so billeg, at ho kann hava lett fyre aa koma i kvars Manns Hus! Gjev det no og var sant, som Ordet gjeng her, at me i Aar er so sæle aa eiga eit nationalt Thing, som inkje læt det vera berre med Forslagi i desse Saker!
           
Eg stend gjerne til, at det, som gjerer meg mest glad, er, at me snart kann venta aa faa Bibelen paa Norsk, so me og ein Gong med Sanning kann syngja: Og paa vort eget Tungemaal vi nu fornam Guds Tale.
           
I Kristiania høyrde eg ein Gong ei hjartegripande Tale av ein Prest. Det var ein Dag, der skulde ofrast til det Dansk-Norske Bibelselskap, til ei ny Umsetjing av Bibelen paa Dansk-Norsk. Han talad um kor stor ein Ting det var aa faa Gudsordet so forstaaligt fyre alle, som det var Raad til, faa de evige Sandheder lagde so nær inn til alles Hjerte, som det paa nogen Maade var os muligt. Eg tykte, det var sanne Ord, det han sa; so sanne, at eg aldri gløymer korkje honom elder Ordi hans.
           
Daa eg idag frette, at der var framboret Forslag til Thinget um Hjelp til aa faa Bibelen paa Norsk, kom eg atter i same Huglaget som den Gongen i Kristiania. Men denne Gongen vart eg so mykje gladare, fordi Voni um, at eg ein Gong kann faa Bibelen paa mitt Morsmaal, syntest verta so mykje sterkare. Gud signe deim, som her hjelper til!
           
Eg heve høyrt unge Prestar tykt det var ille, at dei ikkje skulde fenget nokot Kjennskap til Folkemaalet ved Høgskulen. Fær me no Ross til Professor, so kann dei som vil, faa all den Hjelpi, dei treng i so Maate; og gledelegt vilde det vera.
           
Um eg inkje misminnest, so var der ifjor iminsto ein, som i den Theologiske Forening sa, at han ikkje vilde vera med paa aa beda um aa faa nokon Professor i Norsk, fyrdi det vilde vera til Hjelp, meinte han, for Maalsaki. Han kunde nok inkje neita, at det maatte vera godt, um Presten kjende Maalet aat deim, han skulde preika fyre. Men der heve me det aa hindra Maalsaki som No. 1. Det aa kunna leggja Gudsordet so tydeleg ut som Raad er, skal vera No. 2 og det av ein Theolog. Var det inkje so at denne same Mannen vart Stiftskapellan trast etter? Me fær vona, at her inkje er fullt av slike no lenger. Og Talet paa deim vil minka meir og meir, helst dersom Thinget i Aar gjev oss det me ventar av det.
           
Ei Bok som Norigs Soga vil tvillaust finna fram til kvar Manns Hus med Tidi, endaa utan det Stempel, som ligg i, at ho heve fenget Statshjelp til Skjuts paa Vegen.
           
Men ei so framifraa god Bok, som denne er, so er det fyrst best aa faa spreidt ho ut til alle Kantar. Difyr skal dei, som heve boret fram Forslag um Hjelp til aa faa denne Boki so billeg som mogeleg og hava stor Takk.
           
Eg heve ofte undrast paa, at Forfattaren med so faae Ord heve fenget sagt so mykje, og paa slik ein meistarleg Maate, som det mange Stader er sagt!
           
Den, som hadde fenget leset ei slik Bok i Uppvoksteren sin! Sigv. Petersens Norgeshistorie lyt Ein segja var bra, solenge me inkje hadde nokot betre; men mot denne kom ho inkje paa nokon Maate upp.
           
Gloppestad 1/ 2 1881.
Elias Melvær.