Ein buddhistisk Prest um Trufridom.

I 1873 vart ein fransk Missionær og ein innfødd kinesisk Prest drepne av Herkemugen i Landskapet Sze-tschuen. Daa skreiv ein buddhistisk Prest nokre Stykkje i det kinesiske Bladet Schun pan um Trufridom og Taalsemd, som sidan vart umsette i Overland China Mail, og som Europafolk og vil hava Moro av aa lesa. Presten skriv:
           
Eit Augnekast utyver den europeiske Soga syner oss den leide Tingen at mest all Uro og Ufred i Fyrretidi hev vakset upp av religiøse Kivsmaal; baade innanlands Upprør og utanlands Ufredar hev altfor ofte vortet vekkte paa den Maaten. Leitar Ein etter Grunnen til dette, so vil Ein finna, at han ligg i den fullgalne Tanken, dei hadde um religiøs Fridom. Fyrstarne meinte, at dei berre kunde tola ei viss Tru i Landi sine, og dei, som ikkje samde seg um den, vart forfylgde og hjartelaust medfarne. Dei tenkte ikkje paa, at Folk kunde vera mykje gode Undergivne, for det um dei hadde ei onnor Tru, og dei gløymde, at det er Skyldnaden aat Fyrstarne aa verja alle gode Menneskje, utan Avsyn paa kva Tru dei hev.
           
I Motsetning til dette viser Kinas Aarbøker, at dette Riket altid hev haldet seg fritt for desse galne Synsmaatarne fraa Vestheimen. Fyrstarne vaare hev altid fylgt den Grunnsetningen, at Styret maa vera rettvist (upartisk) mot alle, like godt anten no Folk er Buddhistar, Taoïstar elder Muhamedanarar; dei hev fritt Lov til aa hava kvar si Tru, og er alle haldne for like gode Borgarar. Folket vaart veit, at alle Menneskje innanfor dei 4 Havi er Brødrar; alle Grannarne vaare hev det faret fram mot som Vener, utan Avsyn paa Trui. Berre Vestheimsmennerne hev lengje stumra ikring utan aa kjenna denne store Samfundsloven; hjaa dei hev endaa berre eit litet Avvik innanfor same Trui voret nok til aa vekkja Fiendskap.
           
Som væl er hev dei framande i den nyare Tidi fengjet Augo upp for denne Daarskapen og dei forstend no den høge Grunnsetningen, som Kina hev fylgt fraa uminnelege Tider. Skulde no me og liva og sjaa dei Ulykkur, som er uskilande fraa trudomslege Kivsmaal og Trættur? Naar me ser paa den Fiendskapen mot den kristne Trui, som syner seg her i Kina, maa me nok spyrja um dette.
           
Mange ulike Truer er spreidde yver Jordi, Buddhismen, Kristendomen og Muhamed-Læra hev dei fleste Tilhangarar. Dei kristne er skilde i mange ulike Sekter, som alle hev same Grunnlaget. Kann daa Grunnsetningarne i den kristne Trui skada Sedugskapen i Kina? Ein hev Lov til aa tru som aalmenn Regel, at alle Religionar strævar mot same Maal: aa hindra det vonde og fremja Dygdi; og Kristendomen er ikkje nokot Undantak herifraa. Mange av dei kristne Læresetningarne er Gull verde, som t. D. den: Ær dine Forældre, elska andre som deg sjølv, osfr. Spyrr me, kor desse Lærdomarne hev runnet upp og hev si Rot, so er Svaret: ikkje i Europa, men i Asia; derifraa fann dei Vegen til Vestheimen og hev haldet seg der til i Dag. Det finst væl kannhenda, Europamenn, som ikkje trur paa det guddomelege Upphavet aat desse Lærdomarne; men dei og samstavar i, at desse Forskrifterne og Lærdomarne er dei rette, og at Ein bør liva og stræva i Samklang med dei. Me veit, at Tseng-krook-fan i eit Brev til Styret hev lagt Lag paa, at det alt fyrr fannst tri hell fire Religionar i Riket, og at det altso ikkje kom an paa ein meir hell mindre. Dette Ordet viser eit rett Syn paa Tilstandi, og eg ynskjer berre, at alle, som viser seg fiendtlege mot Religionen i Vestheimen maa leggja seg desse fire Synsmaatarne paa Hjarta.
           
Missionærarne vil me likevæl og beda um aa minnast eit og annat. Me Kinamenn hev Vyrdnad for dei Lærdomarne, som me hev teket i Arv fraa Fedrarne vaare. De paa Dykkar Sida hev full Fridom til aa rosa og lovprisa Dykkar Tru; men De maa agta Dykk for aa vekkja Uvilje og halda Dykk ifraa aa taka paa Lærdomar, som hev naatt ned til oss fraa eldgamle Dagar. Religionen Dykkar stend paa, at den er den einaste sanne og kvar onnor Tru er falsk og vrang. Naa, lat det so vera. Hald De daa fram med aa tru paa Religionen Dykkar; men me paa vaar Side hev og Rett til aa krevja av Dykk, at De ikkje hæder den Trui, som me hev havt fraa gamall Tid.
           
Uvenerne aat Kristendomen kann derimot draga seg til Minnes, at Missionærarne, som upphavleg kom til Kina, hadde dei beste Formaal. Dei ynskte at dette Riket og skulde faa Lut i Vælsigningi aat hin Religionen, og me maa vyrda Ihugen og Uppofringi deira. Aa fara fram imot dei paa ulogleg og villmannsleg Maate vilde berre føra til, at Lærdomarne deira spreidde seg endaa meir. Dette kann me læra av Soga: Forfylgjing skaper Martyrar, og desse vekkjer fyrst Samhug og deretter Tilslutning. Mordet paa dei tvo Missionærarne i Sze-tschuen vart væl gjort av Folk, som vilde hindra, at hin Religionen spreidest; men det er rimelegt, at det motsette no vil henda. Religionen aat dei Kristne hev alt komet seg inn i Kina, og det er for seint aa gjera aat for det. Kristendomen fær hava sitt Laup. Han hev millom sine Tilhangarar mange gode Folk; skulde me no ikkje halda desse for likso gode som Buddhistar, Taoistar og Muhamedanarar? Kvi skulde me fara ille aat mot dei? Det vilde dessutan berre føra til alskyns Ugreidur. Alle vituge Folk bør undervisa dei mindre vituge um denne Saki, so at slike Brot ikkje skal gjerast upp att.