Bonden kjem.

Høgre tapte eit ikkje litet Slag i Thinget no den 29de Marts.
           
Sverdrup hadde fraasagt seg Presidentval for denne Gongen; Rektor Steen vart vald til Storthingspræsident i hans Stad.
           
Rektor Steen hev fyrr voret Præsident i Odelsthinget. Naar Steen no vart Storthingspræsident, maatte det altso veljast ein ny Præsident til Odelsthinget.
           
Høgre vilde hava Skrivar Roll. Nokre Slingrarar vilde hava Presten Jak. Sverdrup. Men baade Skrivaren og Presten rauk - for ein Bonde.
           
Sivert Nielsen vart kaarad til Odelsthingspræsident.
 
           
Roll rauk. Det vil segja: Ingen, som ikkje er Niendejuni-Mann, kann heretter koma upp.
           
Jakob Sverdrup rauk. Det vil segja: Ingen, som ikkje er heil og klaar Niendejuni-Mann, kann heretter eiga Thingets Tillit, Thinget hev gjenom dette Valet sagt sin Vilje paa ein baade klaar og verdig Maate og vart sin Vyrdskap so, at det vil gjeva Respekt.
 
           
Sivert Nielsen er den andre Bonden, som hev naatt upp til Presidentstolen.
Enge var den fyrste. No hev Odelsthinget og Lagthinget kvar sin Bonde-Præsident.       
 
Bonden veks!
           
Det var ei Tid, at det syntest raadlaust for Bønder aa verta so mykje som Komiteformenn. Ja det var ei Tid, daa det berre var dei færraste Bønderne, som kunde skriva for seg. Embættsmennerne hadde heile Dugleiken og altso Magti med.
           
Men Bonden kjem seg. Takk have Grunnloven av 17de Mai. Stig for Stig arbeider han seg fram, no stend han alt paa Presidentstolen.
           
Det nærmar seg til den Tidi, daa det ikkje berre paa Papiret, men i sjølve Røyndi, vil vera Bonden, som raader her i Landet.
           
Den gamle Garden, som no er so langt nedpaakomen, at han maa lita seg med ein Selmer til Førar, vil koma til aa strekkja Gevær, so snart Bonden lærer heilt ut den nyare parlamentariske Krigskunst. Og han er alt langt paa Veg til det.