[Notisar]

Kristiania, den 31te Mars.
 
Portræt av Kjærasten aat Krunprinsen er no komne i Handelen. Prinsessa ser ut som Folk flest.
 
           
Krunprinsen er, som du veit, Regent no um Dagen, d. v. s. han sett Namnet sitt under dei Brevsakerne, som Regjeringi sett upp. Prinsen heiter Gustav, men skriv paa norske Dokument Namnet med svensk Bokstavering Gustaf.
           
Det er væl Meiningi, at me skal lesa Namnet paa Svensk og daa -: Gøssta, Krunprins Gøssta!