[Med 14 mot 4...]

Med 14 mot 4 Røyster vart det den 28de Marts avgjort i Wergelandskomiteen at Bjørnstjerne Bjørnson skal bedast heim fraa Amerika til den 17de Mai for aa halda Talen ved Avsløringi av Wergelandsstøtta.
           
Heile Landet vil finna, at dette er rett og rimelegt, ja, at det er plent sjølvsagt, at ved den Festen talar Bjørnstjerne Bjørnson.
           
Han og ingen annan.
           
Bjørnson og Wergeland til Møtes med kvarandre paa Norigs Vaar- og Fridomsdag det vil høva so hjarteleg godt, og det vil i seg sjølv vera so fagert og tankefyllt som eit Dikt av ein av dei tvo store.
           
Men ein liten Flokk her i Kristiania vil sitja heime den Dagen og skjera Tenner.
           
Og dei 4, som røystad imot, at Bjørnson skulde tala, heiter:
 
Professor Lochmann,
Markus Jakob Monrad,
Hartvig Lassen,
Konsul Peter Petersen.